Hytte i tredje etasje

Hytte i tredje etasje
Påskesnø har blitt like sjeldan som badetemperatur i fellesferien. Men hytteliv er framleis draumen. Ein av dei.
Særnorsk kultur sluttar aldri å forbløffe utlendingar: Ikkje før kunne innbyggjarane av vår ein gong lutfattige nasjon forlate sine trongbudde hus og ta del i sivilisasjonens gleder, før dei retta blikket mot fjellheimen. No var det store ønsket ein fristad der vi kunne kople av frå velferdssamfunnets krav og mas.
Så snart helga kom, sa dei farvel til  det gode liv i byggjefeltet og drog til fjells. Der rekonstruerte dei alt våre foreldre hadde lagt bak seg av plunder og heft og hardt kroppsarbeid. Våre draumeslott i villmarka skulle helst byggjast med eigne hender. Her skulle det vere torvtak og tørrmur, furupanel og parafinlampar, raudruta gardin bak småruta vindauge og langt til bekken etter vatn. Ved skulle hoggast og doar tømmast. Om kvelden skulle ein kvile ut etter alt det ærlege slitet på ein hard pinnestol, drikke lunka kokekaffi og sjå filosofisk inn i peiselden.
 Slik tenkte vi i alle fall ein gong, heilt i samsvar med den særnorske oppfatninga om at den eigentlege lukka finst på 20 kvadrat langt frå folk, utan vatn og straum og dekning på mobilen. Det skal rundt rekna finnast vel 430.000 hytter her i landet. Mange av dei er framleis små og trekkfulle og utan 4G. Men dette endrer seg i stor fart. Nesten halvparten av hyttene som blir bygde i dag er på meir enn hundre kvadratmeter. Carport og varmetrådar må til, skal ein greie seg i villmarka. Bobleblad, TV og wifi er det minste ein kan lokke ungdom med om dei skal orke å bli med  på hytta i vinterferien.
Ikkje ein gong bygdefolk nøyer seg lenger med det spartanske selet på stølen. Pengane dei har tent på å selje hyttetomter, brukar dei til heilårshytte dei og. Heime er det så stussleg og langt til naboen. På fjellet treffer ein alle ein kjenner i gåsegang i skiløypene - i alle fall om ein tek treningsrunden mot den vanlege fartsretninga.
 Lenge var vi ganske samde om korleis ei skikkeleg hytte skulle sjå ut. Det skal vere gras på taket. Helst skal det vere ei låglofta bygning i stav og laft, eller villmarkspanel. Straumaggregat og moderne toalett måtte kamuflerast som vedskjul eller utedo. Slik har vi prøvd å kombinere moderne komfort med den puritanske hyttedraumen vi fekk i voggegåve.
No sel stordalingane container-hytter med flate tak og stålbein og kranar dei på plass med nøkkelen i døra. Elles byggjer vi meir og meir  hytter i form av blokker rundt alpinanlegga  og stablar hyttefolket i høgda. I blokk har bebuarane det meste ein hytteeigar måtte ønske seg, anna enn lang veg å moke og vissa om at dei har tradisjonen på si side.

  Tre -fire etasjars høghusa i høgfjellet får naturlegvis hyttepuritanarane til å rase, endå det er den einaste fornuftige svaret på kravet om ski inn og ski ut for alle. Sjølv har tradisjonalistane sett opp solid skigard rundt eigedommen sin. Det var dei som var her først. Då bør dei bli spart for utsikt til ei hytteblokk midt imot, meiner dei.
Ungdommen viser derimot liten interesse for eigedomsrett til lyngtuer og elvefar og plikter som vedhogst og oppfyring før frukost. Hytta i tredje etasje har varmepumpe. Ved til peiskosen kjøper ein på bensinstasjonen. Dei nye generasjonar brukar gjerne pengar, men ikkje på fast eigedom og skal dei sveitte, gjer dei det helst  i skisporet eller badstua. Dei har kontoret i telefonen og deler og  dealer frå alpinbakken. Dei synest det er koseleg med skiferie. Neste påske blir det kanskje Mauritius.
Kjetil Tandstad




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne