Store ord og små ord


 Når eg no først er her. Ein presentasjon: Kjetil Tandstad frå Sykkylven, Medieutdanna og elles halvstudert røvar i historie. Fartstid i den nynorske kommentaravisa Dag og Tid, Nynorsk Pressekontor og 27 år i Sunnmørsposten - av dei 17 år på Stranda-kontoret. No leiar for Møbelmuseet i Sykkylven. Skriv litt både her og der. Snart pensjonist. Eg prøver ikkje å tenkje på det.


STORE ORD
Eg er eit skrivande menneske. Eg skriv om mange emne men eg blir meir og meir fascinert av måten meiningar kan uttrykkjast.
 Eg er glad i ord, men prøver å sky dei som er alt for store. Men dei høyrer også språket til. Di eldre ein blir, di meir forstår ein kor grunnleggjande språket vårt er. Ein av dei få gongane eg synest det er lov å ta fram dei verkeleg store orda, er når ein skal snakke om kor viktig språket er.

For språk er meir enn ei samling teikn vi kan sende beskjedar med. Det er eit kraftfullt og følsomt medium. Det er så  avansert at det skal godt gjerast vi skal kunne beherske det anna enn gjennom morsmålet.
Det er gjennom morsmålet vi lærer om verda. Språket er grunnlag for tenking. Vi treng språket vårt samtalar og når vi diktar. Språk må til når i skal uttrykkje det vi meiner. Utan språk finst det knapt nokon kultur, noko demokrati. Vi må greie å kommunisere med mange. Det krev eit effektivt språk. Samfunnet blir meir komplisert. Medan maskinane produserer meir og meir varer og tenester, produserer menneska meir og meir språk.

Språk er ikkje berre ein praktisk måte å utveksle informasjon på. Det handlar om identitet, sjølvkjensle, tradisjon. Gjennom morsmålet vårt er vi knytte til familien, heimbygda, yrket vårt, nasjonen, historia. Ja, vi forstår dansk og svensk og engelsk. Men dei subtile nyansane, den meininga som finst i tonefall og pausar, den fangar vi ikkje like godt opp som i det språket vi lærte oss frå vi var små.

 Språk bind folk saman – og splittar dei. På Ellingsøya krev dei bokmålsklasse for ti elevar for å få meir lærekrefter til sine enn enn dei som har nynorsk. Vi må tilstå: denne mekanismen har også kome nynorskfolk til gode i byar og bokmålsområde. Lova seier at ti ungar er nok til å krevje anna språkform Då har dei rett på eigen lærar og opplæring på sitt eige mål. Det er ei bra lov. Sjølv ho ho altså slår skeivt ut for oss i dette tilfellet..

Forskjellsbehandlinga får debatten til å rase. Det har blitt starta krigar på grunn av språk. Den gongen det var revolusjon i Russland, var det ei vittighetsblad her i landet som viste ei teikning av ei slagmark der folk låg strødd. Under stod det: «Hvordan det går med revolusjonen i Norge?. Foreløpig slåss vi om hvordan den staves» var svaret. Språk er provokasjon, maktovergrep, satire – eller direkte vondskapsfull plaging og spotting.  Men det kan også vere den vakraste poesi. Og det kan få oss til å le.

Språk er makt, heitte ei bok, skriven av språkforskaren Rolf Mikkel Blakar ein gong på syttitalet. For oss som tenkte at språket først og fremst var ein måte å uttrykkje seg på, var det ein augeopnar. Vi forstod noko som vi i dag forstår betre. At maktforhold gjenspeglar seg i språket. Som når Donald Trump ikkje vil argumentere og svare på spørsmål frå pressa. Han synest han er mektig nok til det. Eller når nokon  ikkje vil snakke med andre fordi dei ikkje snakkar bra nok norsk

Før dialektrevolusjonen på 1970-talet vart undertrykkinga av dialekt kalla ein kamp for dannet tale og mot sinkenes babbel. Eigentleg var det den urbane overklassen som viste musklar: Dei ville vise kven som bestemte.

 Dei hadde hatt overtaket lenge. Men på syttitalet kom utdanningsrevolusjonen. Vanlege fiskar- og småbrukarungdommar reiste til byen og gjorde seg gjeldande. Bygdeungdommen reiste og tok embetseksamen, men  bytta ikkje språk likevel, endå det var det dei ein venta av dei. Nei, dei alboga  seg inn i NRK og inn i avisene, dei vart lektorar og professorar og amanuensisar og kunne alle framandorda. Like fullt gjekk dei i kiosken og skulle ha stikkedåsar og pillarøskjer. Byfolk rynka på nasen og sa at dei ikkje forstod fjøsmålet dei brukte. Du er ganske sikker på deg sjølv når du vågar å skryte av at du ikkje  forstår norsk.

Så vart det først nynorsk i radio og TV og så vart det heile landets dialektar. Dei fine på Oslo vest måtte stikke pipa i sekk. Eg seier ikkje at vi er likestilte. Nynorsken er framleis undertrykt – i næringslivet og i media. Du får stort sett ikkje skrive nynorsk i dei store Oslo-avisen, endå Oslo er kanskje ei av våre største nynorskkomunar. Framleis er det makta som rår, men av og til dei gjere eit unntak.  Av omsyn til lesarane. For eksempel når den framleis ganske pripne Aftenposten skal ha Are Kalvø som spaltist..

Så kan ein spørje: Er det så viktig då. Mange bokfolksfolk kan ikkje skrive nynorsk, men dei fleste nynorskfolk kan skrive bokmål så noko lunde. Kvifor gjer vi ikkje det då – skriv bokmål?
 Fordi språket  vårt er knytt til identiteten vår. Fordi vi uttrykkjer oss betre og friare på morsmålet vårt. Are Kalvø kan sikkert vere morosam og treffande  på bokmål også. Men kanskje ikkje like morosam..

Språket plasserer oss i verda og signaliserer kven vi er. Ei påminning om dette har eg fått i diskusjonen om kommunesamanslåing. Vi kjenner situasjonen – det er omtrent som på ein gammaldags dansefest  i det dei annonserer dei tre siste. Alle som ikkje alt har fått napp, ser seg desperat omkring.

Kommunane som no speidar etter kvarandre og lurer på kven som er minst verst å by opp, er i same situasjon. Alle veit at det snart kjem til å bli dyrt å vere einsleg. Små kommunar må skaffe seg ein eller fleire sambuarar straks. Viss ikkje vil dei risikere å tape millionar.  Sykkylven ser på Stranda. Stranda ser på Norddal (eller i alle fall delar av Norddal). Norddal (eller i alle fall delar av Norddal) ser til Stordal osv.

 Sykkylven er også nabokommune til Ålesund. Veldig mange sykkylvingar jobbar i Ålesund. Mange frå Ålesund jobbar i Sykkylven. Sykkylvsdialekten nærmar seg den modererte ålesundsdialekten vi kjenner frå Flisneset og Emblemsbygda. Mange sykkylvingar har vendt ryggen til nynorsken dei lærte på skulen og skriv – veldig ofte - elendig bokmål i staden. Det er slik dei vil ha det i næringslivet.
 Men så skal det veljast partnar i kommunedebatten. I starten tenkte eg: No vil pragmatiske sykkylvingane vende seg mot byen. Det er der pengane og arbeidsplassane er. Men så viser det seg . Dei som elles oppfører og snakkar nesten som ålesundarar i det daglege, likevel er kraftig bestemt på at Ålesund skal dei i alle fall ikkje innlemmast i.

Det er klart at dei redde for å misse rådhuset og kommunenamnet. Dei er redde for å bli styrt at eit bystyre som ikkje kjenner dei lokale forholda. Men det er ikkje berre det: Her er det også sterke kjensler. Sykkylven er bygd, ikkje by. Vi har  vår eigen identitet.

 Må vi så må vi, men i så fall vil vi heller med Stranda. I kampens hete  høyrer vi folk som tidlegare har sagt at nynorsken berre er plunder og heft, no fryktar Ålesund fordi det vil gå ut over sykkylvsk språk og kultur.

 Morsmålet vårt – språket vi lærte som små og skriftspråket vi lærte på skulen - det er vårt hjartespråk. Vi kan alltids lære andre språk og dialektar. Det er hjartespråket som har nyansane og fargane og kjenslene. Dette er djuptliggjande verdiar i oss son når alt kjem til alt  trumfar gode økonomiske argument.

Då hjelper det ikkje om Jan Tore Sanner kallar debatten om kommunestrukturen - eller kommune-sanneringa som Andreas Hompland har kalla det – for kjenslestyrt. Naturlegvis er han kjenslestyrt. Kjensler er viktig også i politikken. Når noko trugar hjartespråket vårt, kjenner vi det på oss at det ikkje er rett.
  
Nok av store ord. No til dei litt mindre. Krig om ord kan det vere også i mindre format. Det finst folk som er villige til å gå i striden for at alle menneske skal bruke kløyvd infinitiv.

Nynorskfolk har ein tradisjon for å passe på språket. Manga av dei har ei viss glede av å smekke folk over fingrane om dei skriv på ein annan måte enn dei sjølve. «Det er ikkje lov å skrive bestille, det heiter å tinge!, seier nokre Ja, så er det lov både bestille og tinge på nynorsk. Det heiter både bilete og bilde også.  Men det kan bli ein lang debatt om kva som er mest korrekt.

 Som ung journalist i nynorskavisa i Dag og Tid på 1970-talet fekk vi stadig sinte brev frå harme språkfolk og lærarar landet rundt som tok oss i skrivefeil. Ofte var det heilt på sin plass. Andre tider vart det brukt veldig stygge ord fordi vi til dømes ikkje var heilt konsekvente når vi brukte litt skuleboknormal og litt av det som den gongen heitte klammeformer. Slik forvirra vi den oppveksande slekt og øydela språket,

Slikt var irriterande, spesielt når dei hadde rett. Men det var også oppdragande.  Bokmålsjournalistar har sjeldan fått slik respons. Derfor har dei fått harve  i veg med lurvete  og inkonsekvent bokmå.l Ingen brydde seg med å skjenne på dei. Dei som likte å skjenne, brukte opp krutet på nynorsken. Det manglande engasjementet for bokmål kunne nok vere litt stussleg for mange skrivande bokmålsbrukarar.

I dag er dei autoritære nynorsklærarane som såg på ordlista som den militære straffelov, stort sett utdøydde. Det har gått litt av moten å vere sint mann på tråden når det gjeld språkbruk. No handlar det merst om hundeskit. Det er litt trist. Stort sett har det glødande engasjementet ofr nynorsk vore ein styrke for nynorsk språk.

Heldigvis har språkinteresserte funne seg ein kanal på Facebook. Her er tonen ganske høfleg, av og til ironisk. Utskjelling skjer ganske sjeldan. Men det er mange som akkar seg  over dårleg språk. For eksempel  i media eller frå offentlege kontor.

 No  handlar det ikkje så mykje om ord og bøyingsformer og kor langt ein kan nærme seg bokmålet før det går over alle støvleskaft. No er det manglande logikk og samanheng som blir slått ned på. Og ikkje minst – forvirrande særskrivingsfeil.

Det står så mykje i alle media om det særskrivingsfeil at eg er overraska at det finst norskkyndige menneske som ikkje har fått det med seg. Ikkje minst  komikaren André Ulvesæter frå Ålesund har gjort det til ei fanesak å vise i bilde at det er stor forskjell på ananasbitar og ananas som biter.

Men same kor mykje det blir harselert med, å held folk fram med å dele opp ord som skal henge saman. Det ser nesten ut til at folk – spesielt i servicebransjen - er så leie av kritikken at dei har forbanna seg på at særskrivinga skal dei aldri slutte med.

Derfor skriv butikken om tilbod på Vår jakke - i staden for vårjakke. Dei skriv at  sølv ringer i staden for sølvringar. Sjølv kom eg nyleg over ein kontaktannonse i eit bransjeblad. «Død metalltrommis søkes» Eit Death Metal-band som annonserer etter nokon på tromme, forstod eg. Etter ei stund.

Å gi språket farge og kraft  gjennom framstillinga, er ei gåve, men ein må ikkje vere ukritisk. Det gjeld både på nynorsk og bokmål. Ein kvinneleg syklist var på vegen igjen etter ein skade. Ho er tilbake med fulle muggar, skriv sportsjournalisten. Gjett om vi ser det for oss.

Ein kanin har blitt overkøyrt og «har blitt ille tilberedt», skreiv ei lokalavis. Det er eit syn vi  helst ikkje vil sjå for oss.

Folk som arbeider på offentlege kontor, utviklar ofte sitt eige språk. Journalistar snakkar ofte om rådmannsspråk. Det er ullent og vanskeleg å forstå. Ikkje først og fremst fordi rådmannen er dårleg til å skrive, men fordi det av og til er viktig for han å ikkje vere alt for presis Eg kan godt forstå han. For ein rådmann gjeld det å formulere seg slik at han har ryggen fri. Ikkje minst her på Stranda er rådmannsjobben litt av ein risikosport
.
Elles elskar både privat og offentleg tilsette ord som i forhold til og fokus på. Politikarane kan ikkje ofte nok seie at dei skal ha eit breitt fokus på det eine eller det andre. Dette skal vere  ei autentisk orientering frå eit offentleg kontor: «Sånn får du ei lettere oppgåve i forhold til det å sette fokus på å få til et enklere forhold til forholdene». Smilefjes!

Fint skal det vere. Og engelsk er fint. Men ingen ting er så fint som latin.  Nyleg kom eg over ein annonse frå eit analyse-, rådgivings- og forskingsselskap som hadde bruk for ein CEO. (Viss du ikkje veit kva det er, treng du ikkje søkje, men det er det vi i gamle dagar her i landet kalla administrerande direktør.)

Namnet på firmaet var Patogen, noko som i følgje framandordboka er latin og  tyder «sjukdoms-vekkjande, eigna til  å framkalle sjukdom». Det er jo ein tanke problematisk for eit firma som har som oppgåve å hjelpe akvanæringa med «fiskehelse-relaterte utfordringar». Eg skreiv litt om det i Sunnmørsposten. Eg har ikkje sett annonsen igjen. Kanskje har dei fått sin CEO. Eller så har dei kanskje fått seg eit nytt namn.

Ein annan gong eg har merka at det kan vere litt krut i tastaturet, ar då stoppa ei storstilt kampanje for manneparfyme. Parfymen vart lansert  internasjonalt  og også i Noreg under namnet  Land. Eg skreiv litt om det også i avisa og forklarte parfymefolket at land er noko vi er vel vane med på gardane på Sunnmøre. Det har ein svært distinkt aroma.

 Heller ikkje denne annonsen har eg sett fleire gongar etterpå. Så språk er makt. I alle fall somme tider. Brukar ein hjartespråket,  som kjenner den lokale kulturen, tradisjonen og menneska vi har vakse opp med. er det vanskelegare å selje godlukt under ein merkelapp som på vårt språk betyr kupiss.

Takk for meg!

( Årsmøte Stranda Mållag 15.03.2017)


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne