Gløymer du namn?

 

Godt nytt frå vitskapen: Blod frå veltrena unge menn kan fungere godt for gamle folk som gløymer, trur forskarar ved NTNU.

Det er ingen tvil om at fysisk trening er bra for hugsen. Det er ikkje sikkert vi ein gong treng å trene sjølv. Rotter med Alzheimer som får blod frå unge og veltrena rotter, blir kjappare i hovudet. I skrivande stund prøver NTNU-forskarar ut teorien på menneske. Ein forsøksperson fortel til NRK at ho så langt har fått tolv blodoverføringar frå unge spreke menn og at ho håpar det beste.

Slike rapportar frå forskinga er naturlegvis honning i øyra for alle oss som er kome litt opp i åra. Vi som har hovudet fullt av  namn vi absolutt ikkje greier å lokke fram når vi har bruk for dei. Vi kan vere midt i ei artig historie om ein vi har kjent heile livet. Historia står glasklart for oss. Det er berre at vi ikkje kjem på namnet på hovudpersonen. Vi prøver naturlegvis  å ro oss i land, slik sunnmøringar gjerne gjer, ved  å kalle den gløymde slikt som «han gut sjølv» eller «ho gutina», men det verkar sjeldan overtydande. Namnet kjem vi naturlegvis på etter ei stund, men då har vårt publikum alt sagt farvel og gått heim. I slike stunder håpar vi sterkt på at godt trena ungdomsblod skal bli redninga for oss. Såpass kan dei unge vel spandere, så friske og blodfulle som dei er, tenkjer vi.  Etter alt vi har gjort for dei!

Eller kanskje ikkje. Kvifor skulle dei eigentleg det? For det er ikkje til å kome forbi: Framtida høyrer ungdommen til. «Dei unge skal ein ære, dei gamle skal ein smørje i ræva med tjære», seier eit lokalt visdomsord. Det er forresten ikkje så ille som det høyrest ut. Milebrend tjøre var ein gong eit universalmiddel som du kunne bruke så vel på båten og stavkyrkja som i eldreomsorg, til utvortes vask og mot liggesår.

Men det var før vår tid. Vi voks opp i dei optimistiske femtiåra. Den gongen greidde kommunen seg med ein distriktslege og ei jordmor. Sidan det  har vi kunna gjere oss nytte av eit raskt veksande helsevesen. Takk vere studielån og stipend kunne vi velje utdanning i eit flunkande nytt utdanningssystem. Då vi endeleg sat der med våre ferske eksamenar, kom inflasjonen som ein mild bris og fekk dei svulmande studielåna våre til å skrumpe. Nei, vi har mykje å vere takksame for, tenkjer vi. Og pensjonane er i grunnen ikkje så verst, endå slik dei klagar i fjernsynet.

 Andre dagar tenkjer vi omvendt. Sommaren var elendig. No fortener vi ein ferie i Syden. Og skulle vi ikkje hatt hytte på fjellet og Tesla likså vel som andre vi synest det er naturleg å samanlikne oss med? Livet er kort og vi skal vel kunne ha det litt godt på våre gamle dagar. Då må pensjonane opp og skattane ned. Og så må vi ha eit helsevesen som vernar oss frå alt som trugar oss. Då trengst det nye metodar. Ungt blod direkte i åra er kanskje det som skal til for at vi skal sleppe eit tutlete liv på skjerma avdeling.

Men kva om helsevesenet ikkje vil finansiere kuren, tenkjer vi så. Sjølv om hugsen sviktar hos gammalt folk, er det ingen mangel på fantasi. Kanskje får vi ungt blod berre på svartebørsen. Ungdommen er kravstor og gir ikkje ved dørene. Då får vi bilete i hovudet av lett forvirra gamlisar som skjuler seg bak parkerte bilar og trestammar i halvmørket utanfor treningsentra og ventar på ferdigtrimma ungdommar. Når dørene opnar seg, glir dei ut av skuggane som kvitskjegga draculaer og knip seg fast i dei inkjeanande  ynglingane med sine desperate knokkelhender…

Nei, jøye oss, er det dit vi er på veg, tenkjer vi hovudristande og skundar oss med å flytte tankane over på hyggelegare ting, som blandakor og nissefest. For snart er jula her. Og heldigvis er vi ganske flinke til å gløyme.

Kjetil Tandstad, Synspunkt, NYSS 16.12.22.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne