Han har milliardærar bak seg
Nybil-salet av Tesla er halvert. Men framleis surfar vi tankelaust på sosiale media og fyller pengebingen til oligarkane som kuppar USA.
Eit
propaganda-bilde frå nazi-tida viste eit bilde av Hitler framfor store mengder
soldatar og den truande teksten: «Han har millionar bak seg». Motstandsrørsla spreidde
ein plakat med same motivet, men bytte ut soldatane i bakgrunnen med pengesetlar.
Bodskapen var klar: Bak Hitler står Krupp og IG Farben og heile den tyske storkapitalen.
Minst
like tydelege var bilda frå president-innsetjinga til Donald Trump. Den
triumferande Trump stod fremst. Like bak han stod dei rikaste i landet, skulder
ved skulder. Her var Mark Zuckerberg (Meta/ Facebook, Instagram, Whatsup) og Jeff
Bezos (Amazon og den no sensurerte Washington Post). Her stod også riking nummer
ein, Elon Musk (X/Twitter, Tesla og Space-X), Han løfta handa på nazi-manér, så
det gjekk kaldt nedover ryggen på demokratar verda rundt.
Meir
og meir er det blitt klart at den ubereknelege Donald Trump berre er noko av
problemet. Oligarkane som finansierte valkampen hans har no meir enn ei hand på
roret. USA, vår gamle forbundsfelle på andre sida av Atlanterhavet, har lagt om
kursen og styrer mot ein stad langt vekk både frå demokratiet, ytringsfridomen
og sine tidlegare allierte i Europa.
Den
amerikanske presidenten er truande til å bruke militærmakt for å legge under
seg andre lands territorium. Vi kan ikkje lenger rekne med at han vil respektere
Nato-garantien. Han brukar skamlaus utpressing for å få eit krigstrøytt Ukraina til å gi
etter for aggressoren Russland. I mange tiår har Europa levd godt i Nato under
USAs vernande hand. No må vi truleg greie oss sjølve.
Kvar
for oss rustar vi Nato-medlemmer opp for harde livet. Ikkje berre skal det
norske Forsvaret styrkast kraftig. Også innsatsen til sivile borgarar er det
bruk for. Vi har fått lister over alt vi til ei kvar tid skal ha av dåsemat,
batteri og dunkar med vatn i kjellarboda i tilfelle krise. Vi er urolege nok
til å følgje lojalt opp. Vi kan kanskje vere villige til å gjere endå meir.
Den aukande forsvarsviljen her i landet har
alt avspegla seg i bilsalet. Salet av prestisjebilen Tesla er så godt som
halvert frå februar i fjor til februar i år. Trenden er internasjonal. Elon
Musk si formue har krympa med 121 milliardar dollar så langt i år, skriv TV2
Nyheter. Det er ein budsjett-smell som må vere merkande, sjølv for verdas
rikaste mann.
Endå
meir verknadsfullt vil det vere om vi alle tok og skrota sosiale media som tech-milliardærane
kontrollerer. I land rundt oss flyttar
kundane stille og roleg vekk frå Facebook og X og møtest igjen på like gode og
framfor alt tryggare sosiale plattformer.
Det
er nemleg ikkje slik at vi er nøydde til å vere på Facebook og Instagram for å
kunne halde kontakten med vener og familie. Alternativa finst. Problemet med å
bytte plattform er å gjere det åleine. Slikt må gjerast i flokk: I Nederland
lanserte dei ein nasjonal byttedag 1. mars, noko som førte til ei tidobling av nedlastingar
til den alternative kanalen Signal.
Det same kan vi gjere i Noreg, skriv aktivistane Joran Buwalda og Sina Storelv i
Klassekampen: «Vi oppmodar derfor alle privatpersonar, verksemder og influenserar
til å slette sine aktive og inaktive X og Messenger-kontoar onsdag 2. april og
rår til at ein brukar Bluesky og Signal som alternativ». Eller det nye norske
Hudd, som har fått 70.000 nye følgjarar
sidan november.
Å skrote Facebook og Instagram er naturlegvis
eit langt skritt for dei fleste. Men vi får sjå det som ei patriotisk handling.
Ein boikott er ikkje berre eigna til å strupe fortenesta til alt for rike og
mektige tech-milliardærar og kanskje påverke amerikansk utanrikspolitikk. Å bytte
ut dagens monopolistar vil også gi betre sikring av personlege data og frigjere
oss frå skjulte algoritmar. I siste instans kan dette vere ei uvurderleg hjelp for
å sikre både ytringsfridom og våre andre demokratiske
verdiar.
Kommentarer
Legg inn en kommentar