I skvis mellom kjemper

 


Europa har  hamna i skvis mellom brutale stormakter i aust, vest og sør. «No må vi henge saman. Eller så blir vi hengde kvar for oss», sa tidlegare statsminister Jan P. Syse ein gong. Sjeldan har dette gamle jungelordet passa betre enn no.

Den eine ulukka har ramma oss etter den andre. Det byrja kanskje med koronaen. Så gjekk Putin frå hemmeleg hybridkrig til fullskala militær invasjon i Ukraina. Så kom den folkevalde Trump på banen med forsøk på eit slags statskupp i USA. Han prøver ikkje ein gong å skjule at han driv utpressing. Bløff og trugsmål blir brukt mot krigstrøytte ukrainarar for å få fingrane i  naturressursar som innbyggjarane sjølve så sårt treng for å byggje opp att det utbomba landet sitt.

Langt mot sør finn vi Kina og den eineveldige Xi, som sjarmerer oss med rimelege bilar og billig husefyll frå postordre-suksessen Temu. Han ser ut som ein teddybjørn og snakkar med innestemme, men han har minst ein rev bak kvart øyre. «Putin og Trump er som kickboksarar, men kinesarane er sjakkspelarar», oppsummerte ein kommentator i Dagsnytt 18. Han skamma seg over at han som alle andre hadde blitt teken på senga både av den russisk invasjonen og den rabiate statsleiaren i USA.

No er vi plutseleg truga frå aust og vest og sør: Kven er då våre vener? Russland  trugar våre grenser medan Trump har gitt frie taumar til tek-milliardærar som vil rasere den amerikanske statsadministrasjonen for å sleppe skatt. Dei er alt  rikast i verda. No stansar dei hjelpa til verdas fattige. Grådige rikingar er ikkje  noko nytt under sola. «Ingen ting er nok for den som synest nok for lite», sa den greske filosofen Epikur for nesten 2400 år sidan.

 Den nye folkevalde presidenten i USA sår tvil om vi andre kan rekne med hjelp frå Nato i ei krise. Vi prøver å tolke det han seier. Meiner han noko med det denne gongen eller bløffar han? Den einaste gode gjerninga den russiske presidenten har gjort, er å gi ny kveik til eit tafatt nordisk samarbeid.

 Men eit samla Norden med Baltikum på laget blir likevel for smått i den store samanhengen. Utanfor-landet Noreg treng endå større og mektigare vener. Kven andre kan vi vende oss til for støtte og hjelp enn dei andre som blir skvisa saman med oss? EU og britane, naturlegvis. Den falma stormakta Storbritannia, for tida utmeld, viser aukande lyst til EU-samarbeid no når statsministeren er frå Labour og brexit-stjerna Nigel Farage slikkar sine sår på besøk hos Trump i  Det Kvite Hus.

Putins krig mot Ukraina handlar ikkje først og fremst om Ukraina, men om Europa sine demokratiske tradisjonar, noko den russiske presidenten fryktar. President Trump sin manglande vilje å forhandle med EU om Ukraina, handlar også mest om Ukraina. Også han fryktar ein union av demokratiske velferdsstatar i  Europa, meiner kommentatoren Slavoj Zizek. Europa må utforme ein ny politikk som byggjer på verdiane frå opplysningstida. EU må førebu eige felles forsvar i tilfelle Trump og USA seier farvel  til Nato. Og, ikkje minst: EU-landa må bli flinkare til å samordne politikken. No trengst streng regulering og  ikkje berre byråkratisk detaljstyring og uforpliktande samarbeid. Lyder dette utopisk? På ingen måte, svarar den slovakiske filosofen. Tenk berre på vellykka økonomiar som Sveits, Singapore og Sør-Korea, alle nøye regulert og styrde av statsapparatet.

Altså akkurat det som vi nordmenn har frykta mest: Den europeiske unionen, overnasjonal, mektig og forpliktande. Etter kvart, kan vi kanskje håpe, også meir demokratisk. Uansett er han betre enn stormaktene som trugar frå aust, vest og sør.

 Den mektige unionen, som kan overprøve norsk sjølvråderett, var nettopp det vi sa kraftfullt nei til i to folkerøystingar. No må vi snart velje igjen. Berre at denne gongen har vi kanskje ikkje noko val.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bilen min får du aldri

Møte på midten

Mannstruering