Godt mot!

 

Godt nytt år! Slik helsar vi kvarandre i desse dagar. Vi har kanskje klemt og ønskt kvarandre alt godt litt meir inderleg enn før. Kongen og statsministeren har talt og prøvd å gi oss håp for framtida. Nyttårsrakettane har gått i vêret og lyst opp på himmelen ei lita stund.  Men så vart det veldig mørkt igjen.

Det går betre og betre dag for dag, song vi før og dei fleste trudde på det. No blir det verre og verre, skal vi tru ei meiningsmåling som Norstat har gjort for NRK. Halvparten av alle norske kvinner og menn seier dei blir deprimerte av å følgje med på nyheitene.  For to år sidan var det berre 28 prosent som svara slik.

 Kanskje treng vi heller den gamle helsinga  «Godt mot!» når vi helsar det nye året. For nyheitene er i sanning nedslåande: Ukraina-krigen i all si gru held fram og  Putin trugar med atomvåpen. Trump flyttar inn i Det kvite hus. Israels brutale krig i  Gaza held fram. Klimakrisa er galopperande. Parismålet om 1,5 graders temperaturauke er i praksis oppgitt. No styrer vi mot tre prosent auke og endå fleire stormar, katastrofe-flaumar og skogbrannar. Verda har blitt så vond og vanskeleg at vi vil ha minst mogleg med henne å gjere. Kloden har feber. Vi veit kva som må gjerast. Og vi gjer det ikkje.

 Har situasjonen verkeleg blitt så mykje meir skremmande i løpet av to år? Då Norstat spurde det norske folk om korleis dei tenkte om nyheitsbildet i 2022, var det korona vi var opptekne av. Smitten var midt i blant oss. Ein skulle tru det var minst like skremmande. Pandemien ramma oss direkte, våre born og våre eldre. Og korleis det ville gå, visste vi lite om.

 Men det var ting vi kunne gjere. Og vi gjorde som styresmaktene sa: Tok lydig på oss maske, heldt oss heime, vaska våre hender, vaksinerte oss og hosta i armkroken. Skuleborna måla «Alt blir bra» på fine steinar og plasserte langs gangvegane. Det var kanskje ikkje så mykje, men det  var ein felles innsats for å hindre smitte og setje mot i kvarandre.

 No kjenner vi på at makta minkar og sinnet veks. Når halvparten av oss blir deprimerte av nyheitene i den siste målinga, er det kanskje fordi vi  vi i større grad kjenner avmakt. At ingen ting nyttar. Ikkje ein gong den vidfarande utanriksministeren vår og generalsekretæren i FN  kjem nokon veg. Framtidsutsiktene er dystre og det er ingen ende på elendigheita. Vi dreg pleddet over oss i TV-sofaen og  zappar oss vekk frå krigens realitetar og over i den glitrande underhaldningsverda. Berre for å kunne tenkje på noko anna. 

I den danske boka Kritik af den negative opbyggelighed set forfattarane Fredrik Stjernfeld og Søren Ulrik Thomsen fingeren på eit trekk ved det moderne samfunnet. Det å sjå mørkt på framtida har blitt ein viktig tankestruktur for oss. Å gå rundt og vere dyster har for mange blitt ein moralsk kvalitet. Pessimisme og svartsyn signaliserer realisme og djup innsikt. Å kome trekkande med noko positivt kan bli sett på som uansvarleg, naivt og overflatisk.

Det er ei grøft ein skal passe seg for å gå seg ut i, endå så befriande ansvarsfråskrivande det er. Framtida er ikkje heilsvart. Det finst positive nyhende, sjølv om dei kan vere vanskelege å finne. Går vi inn på nettstaden Verdens beste nyheter, som blir utgitt av Changemaker og Redd Barna Ungdom, kan vi lese oppløftande FN-statistikk.

 Koronaen var eit tilbakeslag i alle land. Men likevel: Aldri før har talet på ekstremt fattige vore så lågt som i dag. Barnedøyinga går ned. Aldri har så mange hatt tilgang til reint vatn, blitt vaksinerte eller fått gå på skule. Dei siste 15 åra har 20 land utrydda den frykta augesjukdomen trakom. Og Brasil har fått ny president som er i ferd med å stoppe motorsagmassakren på regnskogen i landet. Her i landet kan vi sjå rentenedgang og ny lønnsvekst blinke bak horisonten.

Alt blir naturlegvis ikkje bra i 2025. Men noko blir betre. Og vi får tru at nokoo også  kan bli kjempebra. Lat oss løfte blikket, bli inspirert av Lillebjørn Nilsen og ta ein trall: «Med hue under armen og armen i bind, vender jeg livet det annet kinn. Og legger tippelappen inn hver onsdag».

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Bilen min får du aldri

Lang kamp for promille