Politikk med mange nullar

 


«Kære Norge, hvordan kan I dog efterhånden se jer selv i øjnene!  Korleis kan den norske regjeringa finne det forsvarleg å polstre den allereie bognande statskassa med meir pengar, som indirekte er tente på Ukraina-krigen, spør den danske storavisa Politiken.

Der har du danskane. Set seg på sin høge hest medan dei sjølve håvar inn på slankemedisin. Naturlegvis svir det når våre naboland kritiserer oss for å vere gjerrige. Dei har rett i at vi har skodd oss godt på Ukraina-krigen. Etterspørselen etter norsk gass gjekk i taket då EU ikkje lenger kunne få billeg gass frå Russland. Vi gira opp produksjonen alt reimar og tøy kunne tole og sel til rekordhøge prisar. Men vi er ikkje krigsprofitørar med vilje. Det er slik marknaden fungerer.

 Oljefondet er i skrivande stund på over 20.000 milliardar kroner og veksande. Det er lett å snuble i alle nullane. Det er altså eit stykke før vi når billionen, som er tusen milliardar, men vi er på veg.  Kvar og ein må sjølve vurdere kor solidariske med Ukraina kan vi ta oss råd til å vere. Det er naturlegvis eit djupt moralsk spørsmål.  Finansminister Vedum syntest Danmark og Europa heller burde takke enn å kritisere. Det er ingen grunn til å kritisere Noreg for å vere ein påliteleg olje- og gassleverandør til Europa, meinte han.

 Visst blir vi stadig rikare.  Men ein kan ikkje vere dumsnill heller. Spelereglane er endra. Når Trump seier «America first!», har vi norske ikkje noko anna å gjere enn å følgje opp.  Mykje tyder på at vi har nok med oss sjølve. OECD har peika på landet vårt og kalla det kongen av offentleg forbruk. Samanlikna med OECD-land flest har vi også eit kongeleg nivå på våre sosiale tenester. Likevel er halvparten av oss urolege for vår økonomiske framtid og uroa er veksande, viser ei undersøking frå Sifo. I 2021 var det berre 35 prosent av oss som såg  så mørkt på framtida..

 Annankvar nordmann skjelv altså for økonomien i framtida. Meir pengar ser ikkje ut til å vere det som kan roe oss. Blant dei som græt og skjer tenner, er også norske milliardærar. Nokre av dei har gått så langt som å flytte til Sveits for å sleppe unna dei drakoniske norske skattane. Det dei fryktar aller mest er den norske formueskatten – skatt  på deira private formue, eller «arbeidande kapital», som dei likar å kalle det.

Halvparten av befolkninga – kanskje nettopp dei som uroar seg for økonomien i framtida -  eig  berre ein tjuandedel av den total nettoformuen her i  landet. Den eine prosenten rikaste  eig meir enn ein femdel. I følgje tidsskriftet Kapital skal vi ha 436 milliardærar i landet. Det er 40 fleire enn for 25 år sidan. Ulikskapen mellom vanlege folk og dei verkeleg rike aukar kraftig år for år. Men ikkje på langt nær fort nok, meiner mange.

 Martin  Beck Holte har skrive boka Landet som ble for rikt. Han meiner at vi har det så godt at vi ikkje ein gong forstår at vi er på veg inn i ei djup krise. Den nye rikdommen har blitt ei forbanning. Det gjekk bra heilt til 2013. Då var vi rike, lykkelege og sunne. Sidan har det berre gått nedover. Dei lettente oljepengane har forderva oss og gjort oss late.  Medisinen er enkel: Vi må ta oss saman. Offentlege tenester må kuttast med  300 – 400 milliardar. Pengane bør brukast til skattelette. Det vil seie gode tider for rikingar og ei dramatisk rasering av velferdsstaten slik vi kjenner den.

 Boka frå den tidlegare leiaren av konsulentselskapet McKinsey  Norge spratt raskt til topps på bestseljarlistene. Boka ligg no på nivå med Jo Nesbø i lesarappell. Kanskje synest lesarar at vi  treng eit spark i baken. Eller kanskje liker vi å bli refsa. Har vi fortent å ha det så mykje betre enn vår forfedrar? I konsulentbransjen lærer ein i alle fall fort å gi råd som slår an hos mottakaren. Gode råd er dyre. Staten åleine kjøper konsulenttenester for 16 milliardar i året.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Bilen min får du aldri

Lang kamp for promille