til 70-årsdagen til Karl Arne Utgård

 

Kjære Karl Arne. Gode festlyd. Gratulerer med dagen.

 

Eg reknar med at dei fleste her har blitt kjende med Karl Arne etter at han gjorde austlending av seg og vart høvla og polert av hovudstadliv og jusstudiar. Som sykkylving må det derfor bli mi rolle å kaste lys over  jubilantens bakgrunn og tidlegare ungdomsår.

Det har ikkje lukkast meg å  avsløre pikante skandalar eller særlege ugjennomtenkte handlingar som er knytte til Karl Arne sin grøne ungdom. Det kan vere mi skuld. Men det også vere fordi Karl Arne alt i ung alder respekterte lovas bokstav og alminneleg folkeskikk. I motsetning til enkelte andre. Eg ser meg derfor nøydd til å legge  ei meir samfunnsmessig tilnærming til grunn: Kva landskap og terreng, kva slags menneske og miljø, kort sagt: kva slags  jordsmonn er det som har skapt ein såpass sjeldan  plante som dagens jubilant.

Då må de bli med vestover, til Sunnmøre, på sørsida av Storfjorden, til møbelbygda Sykkylven. «En senker uvilkårlig skuldrene og slapper av når en kommer til en  bygd som lager stoler som heter Stressless og Siesta», sa kong Harald då han endeleg kom på sitt aller første offisielle besøk til Sykkylven i august. Det var på høg tid. Det var også det aller første offisielle besøket av ein konge i Sykkylven nokon gong. Men uoffisielle dronningbesøk har vi hatt stadig vekk. Ho likar å gå i fjella.

Eg er oppvaksen ved Fylkesveg 60 og Sykkylvsfjorden.  Karl Arne er derimot barnefødd i den ultimate utkanten i kommunen. Hundeidvik ligg ved munningen av Hjørundfjorden, ein nabofjord  som etter kvart er i ferd med å rykke innpå den litt meir kjedelege Geirangerfjorden i kampen om turistane.

Hundeidvik har ferjekai, sandtak og naturlegvis to møbelfabrikkar. Den eldste og største av dei er det Utgård-familien som har drive. Og her har ein stor del av dei 400 innbyggjarane i Hundeidvik hatt jobb frå konfirmasjon til pensjonsalder og vel så det. Og sidan det i alle år har gått litt opp og ned i møbelindustrien, har dei utvikla eit flegmatisk forhold til arbeidstider. Var det mykje å gjere, var det overtid. Var det lite å gjere, var det alltid ei løe å måle eller ein terrasse å utvide heime.

Det er veldig flott utsikt i Hundeidvik. Naturlegvis. Det er gjerne det på våre kantar. Kjem du med ferja over fjorden til Hundeidvik, ser ein kor sola  blinkar i panoramavindauga i luksuriøse einebustader i frodige hagar oppover bakkane. Reiser du i lag med folk frå andre land, er det litt vanskeleg å forklare for dei at dette faktisk er arbeidarboligar vi ser. Det er ikkje det at møbelarbeidarar og tokyrs småbrukarar tener så grovt med pengar. Nei, her snakkar vi om skarp konkurranse og imponerande eigeninnsats.

Naturen kan absolutt ta pusten frå deg. Ikkje minst viss du er slik sykkylvingar gjerne er, at dei på død og liv må sjå heimbygda ovanfrå. Då må du til dømes opp på Skopphornet, 1226 meter ganske rett opp,  eller i det minste opp på Flathornet, som er litt lågare, men like bratt. Som namnet seier er det flatt på toppen. Der ser det ut som månens bakside.

Hundeidvikarane  driv ikkje berre og arbeider. Dei har også tid til skjønne kunster. Hundeidvik Blandakor er eitt av landets eldste med sin godt og vel 150 år. Koret er framleis intakt og i konsertmodus.

 Hundeidvikarane synest som dei fleste sunnmøringar at vi eigentleg bør ha alle tenkjelege tilbod lokalt. Det byrja med bedehus og heldt fram med grendahus. I eit samfunn der ikkje kan rekne med at staten tek seg av kulturbygg, måtte dei gå omvegen om revy for å skaffe pengar. Det vart ei lang rekkje årlege revykveldar, prega av  ein ganske vill og innfallsrik humor og gode billettinntekter. Det vil vere feil å seie at Hundeidvikrevyen i stakk sitt lys under ei skjeppe: Eg har ikkje høyrt om andre som har greidd å samle ordførar og lensmann, presse og  NRK og eit stort publikum til ei storslått opning av billettbua, tre veker før premieren.

Med sans for felles løft slår grenda tilbake alle forsøk  på sentralisering. Grendahuset kom  på plass etter stor dugnadsinnsats. Då kommunestyret fann ut at dei skulle leggje ned skulen, vart det bygd privatskule. Sidan kommunen alt hadde lagt ned ein annan grendeskule som hadde blitt privat Montessori-skule, var den utvegen stengt. Så vart det kristeleg privatskule. Men ikkje kristeleg, altså, understreka eldsjelene bak. Etterpå har det blitt idrettshall med klatrevegg og ein aktivitetspark, der ungar får drive villmannskøyring med ATV frå seks års alder.

 Det finst enno nokre tilbod som grenda ikkje har. Dei er berre 400 innbyggjarar. Men dei jobbar med saka. For spiriten - dette at det er dei mot resten av kommunen og landet, lever vidare. Karl Arne brukte nok ein stor del av sitt ungdomsliv på skulebussen som snigla seg rundt heile Sykkylvsfjorden og over eit langstrakt eid på sin veg til og frå ungdomsskulen. Det gjorde dei alle. Slik ristar ein folk saman.

Men så kom det bru over fjorden. Vegen til sentrum vart plutseleg meir enn halvert. Hundeidvik var ikkje like mykje utkant. Men dette er  noko innbyggjarane ikkje har teke heilt inn over seg.  Det er framleis Hundeidvik mot resten.

Det er denne bygda og dette jordsmonnet dagens jubilant er runnen av. Som de forstår – den juridiske karrieren kom ikkje gratis. Alt dette måtte han reise frå og forsake. Men han har no greidd seg så nokolunde  likevel!

Takk for meg.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne