Utvandrarar

 

 

No er det vanlege folks tur, seier regjeringa og rike nordmenn rømmer frå landet.

 Den idioten, utbraut investor Jan Petter Sissener om finansministeren då framlegget til neste års statsbudsjettet nyleg vart lagt fram. Han gjorde seg morsk og spådde at mange norske superrike ville flagge ut på grunn av skattetrykket. Her ligg det nær å sitere Vilhelm Moberg: Om ein rik idiot seier vi at han er rik. Om ein fattig idiot seier vi at han er ein idiot.

 Vilhelm Moberg var den folkekjære forfattaren bak bøkene om dei som emigrerte frå Sverige til Amerika. I  «Utvandrerne» fortel han om ein ung familie, om den lammande fattigdommen som tvinga dei til å reise heimanfrå og om farane og dei praktiske og kjenslemessige utfordringane som venta dei på andre sida av havet. Bøkene, og seinare filmen, nådde eit stort publikum. Ein ny Utvandrerne-film er aktuell i desse dagar, med norske Erik Poppe som regissør. Historia har framleis brei appell: Historia om den vesle familien sin kamp for eksistensen rører oss i dag på same måte som då bøkene først kom ut i 1949.

Like rørt blir vi ikkje av dagens utvandrarar, som med paukar og trompetar og store oppslag i media rømmer landet grunna forslag om ein ekstra vri på skattebrytaren. Dagens utvandrarar vil heller bu i land som har romslegare vilkår for store formuar. Kva slags rett har vel ein skattefut til å rote rundt i pengebingane som dei sjølve har samla i hop og sjølve vil disponere over? Spådommane dei kom med var dystre. Arbeidsplassar vil forsvinne, investeringar vil tørke inn, næringslivet vil flagge ut og tolleknivar og trollkjerringar vil regne frå himmelen.

 Vi vil jo alle bu i eit land med små forskjellar, med sterkt fellesskap og høg tillit. Stor økonomisk og sosial ulikskap aukar motsetningane i samfunnet og minskar tilliten. I  siste instans svekker det det demokratiet. Det er vi ganske samde om.

Likevel går utviklinga med raske steg mot større ulikskap. Dei fattige blir fleire. Dei rike blir rikare. I perioden  2001- 2018 auka den rikaste prosenten av folket si brutto inntekt med 175 prosent. Bruttoinntekta til den fattigaste halvparten auka med berre ti prosent. I denne perioden hadde den rikaste prosenten ein vekst i si netto formue med 120 prosent. Den fattigaste halvdelen av folket hadde ein formuevekst på berre 20 prosent. I 2018 disponerte dei ti prosent rikaste i landet over halvparten av all netto formue i landet. Det er ikkje til å kome frå: Vi er på god veg til å utvikle overklasse og underklasse. Det er ikkje lenger korkje mogleg eller rettferdig med like kutt over heile fjøla. Nokre må faktisk yte meir.

 Og vi vil jo alle så vel. Men det er så rart med det: Idealismen taper gjerne når bankkontoane våre tek ordet og fortel kva som er best. Men unntak finst. 30 år gamle Marlene Engelhorn, einearving til BSAF-formuen på 120 milliardar kroner og busett i Wien, har vekt oppsikt. Ho insisterer på å betale 90 prosent i arveavgift. «Eg kan  berre åtvare mot at samfunnet blir overlate til styrtrike menneske sin velvilje» seier ho. Ho har også starta organisasjonen taxmenow, som mellom anna arbeider for å få gjeninnført skatten for store formuar. Vel 85 000 personar, etter seiande også mange bedriftsleiarar og formueseigarar, har slutta seg til.

Den omvendte skatteprotesten frå Wien er naturlegvis meir enn kuriositet enn ein trend. Slike oppofringar som ho går inn for, krev vi ikkje av Røkke og Fredriksen-døtrene. Vi vil berre at dei skal vere med på eit løft for fellesskapen. Ein  innsats for den norske modellen. Ein liten dugnad for det Noreg vi kjenner og er glade i.

Men pengar bestemmer, og di meir ein har av dei, di meir styrer dei våre handlingar. Det at milliardærar flaggar ut frå Noreg og statistikken, gjer naturlegvis sitt for å minke ulikskapen. Men når dei tek formuane med seg, er det eigentleg ei ganske fattig trøyst.

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne