Opprørar og vaksinemotstandar

 


I pandemiåret 2020  har sykkylvingar lydig følgt staten og helseministerens strenge påbod medan vi ventar på den etterlengta vaksinen som skal gjere alt  normalt igjen. Så føyeleg var ikkje den frittalande bondehøvdingen Lars Nilsen Aurdal (1742 – 1824.)

Nils-Lars frå Aurdal var ein høvdingskikkelse blant bønder og småfolk i Sykkylven. Så var han også ein av etterkomarane etter den vidgjetne  bondeopprøraren Store-Rasmus. Rasmus Ingebrigtson Myklebust vart fødd i 1595 i Ørskog og slo seg til på Myklebust på Harøya. Der vart han etter kvart ein leiar blant bønder og fiskarar i området. Han kjempa for interessene deira og  klaga blant anna på at futen tok inn for mykje skatt. Han skal også ha oppmoda allmugen til å ta livet av futen Iver Andersen på Gjermundnes – ein hard skatteinnkrevjar som gjekk under namnet  «Bondespiller».  Det førte til at Store-Rasmus vart dømd til livsvarig straffarbeid i jarn på Akershus.

Ideal

Den myndige bondeføraren vart ikkje gløymt så raskt på Sunnmøre. Det er naturleg at historiene om opprøraren frå Harøya levde i slekta og at dei  gjorde inntrykk på Lars i Nils-garden på Aurdal. Lars skulle også vise seg å vekse opp til ein som kunne stå opp mot øvrigheita. Både Rasmus og  Nils-Lars frå Aurdal er omtalt i Halvdan Kohts klassiske bok Norsk Bondereising, som fortel om folk som tok kampen opp mot styresmaktene og kjempa for bøndene sine kår. Men nokon framstegsmann var Lars Aurdal nok ikkje. Han var først og fremst ein konservativ bonde som ville verje gammal skikk. Men gjennom å forsvare hevdvunne gamle rettar, vart han likevel ein opprørar, skreiv Koht.

Nils-Lars skulle også bli ein mann som vart  lytta til og sett opp til. Han vart tidleg partseigar i ei jakt som han og kompanjongane gav namnet «Massine, Christine Søkelvine» etter konene og heimbygda.  Med denne jakta gjekk han turar til Bergen med bondevarer og kom heim med populære forbruksgjenstandar som bøndene ville kjøpe. Han var ein kremmar som også hadde sans for småhandel. På kyrkjebakken gjekk han ofte med ein heil stabel med hattar på hovudet. Desse selde han til sambygdingane. Handelsverksemda sette han i stand til å kjøpe opp jordegods. I tillegg til Nils-garden på Aurdal der han budde, kjøpte han tre bruk på Grebstad, eitt på Lyshol, eitt på Andestad, eitt på Kjemphol og to bruk på Hjortdal.

Han var ein mann det gjekk mange historier om. Han skulle vere stor og sterk. Ein gong skulle han ha kome brått på to ettersøkte karar som låg og sov i ein færing på Flisfjorden. Han slo den eine i svime, batt dei begge og førte dei til futen. Dei to ugjerningsmennene var nemleg etterlyste for drap. Tradisjonen fortel at han fekk ein medalje for denne dåden

Meiningar

Nils-Lars hadde kraftige meiningar og var ikkje den som skjulte dei når han var ute blant folk. Når presten i kyrkja gjekk inn i sakristiet etter gudstenesta, kunne han seie: «Der for han, vargen». Han var kraftig irritert over at prestane og andre embetsmenn som han meinte velta stadig nye utgifter over på bøndene. Ei historie fortel om han ein gong han skulle betale tienda og leverte lite matnyttig lettekorn. «Det er meget agner i Lars sitt tiendekorn», hadde presten sagt. Han fekk svar: «Det er mykje lettekorn i preikene til presten også.»  Han gjekk ikkje av vegen for å kritisere presten både for å halde alt for korte preiker og for å syngje dårleg under gudstenestene.

Han hadde reist mange turar til Bergen og blitt kjend med haldningar og meiningar elles langs kysten. Det vart snakka mykje om oppstand mot griske embetsmenn. Lars hadde både kunnskapen og sjølvkjensla som måtte til for å hevde sin rett og plante opprørslyst i bøndene. Styresmaktene såg at han kunne vere ein farleg mann. Derfor vart det også viktig at han vart sett på plass.

Soknepresten var ikkje berre Guds representant i lokalsamfunnet. Han hadde også administrative  oppgåver for regjeringa. Han skulle blant anna overtyde eit uvitande folk om klokskapen i påboda som regjeringa til ei kvar tid kom med. Eitt av dei var Vaksinelova av 1810, som gjorde vaksinasjon med kukoppar obligatorisk for alle.

Dei vaksinerte skulle skrivast inn i kyrkjebøkene. Var dei ikkje vaksinerte, skulle dei korkje få konfirmere seg eller gifte seg. Vaksinasjon var unødvendig og ville heller ikkje fungere, meinte Nils-Hans. Han skulle ha eggja sambygdingane mot vaksinelova  i alle folks påhøyr på kyrkjebakken. Dette med vaksine var berre noko som embetsmennene hadde funne på for å få fleire inntekter frå bøndene, meinte han.

Slike opprørsk replikkar skapte ikkje akkurat god stemning mellom Aurdal-bonden og sokneprest Joachim Kjelstrup, som i 1810 gav denne attesten: Lars Aurdal var kjend som «som Oprører og en Hovedmand for alle Partier, Bevægelser hos og iblant Almuen – endog i den militære Stand som Soldat var han berygtet som et urolig Hoved, som Formand for Mytteri og Sammenrottelser, og gjorde sig mere en een Gang skyldig i fræk Lovløshet og den strafverdigste Insubordinasjon mod sine Overmænd». Den nesten hatefulle tonen i uttalen kan gi mistanke om at no skulle den uregjerlege Aurdal-bonden takast ein gong for alle.

Ei farleg tid

Åra etter hundreårsskiftet var ei vanskeleg og farleg tid. I åra rundt 1800 kom det fleire år med uår og feilslått fiske. Det ramme særleg kystdistrikta. Hungersnaud truga, spesielt ute på kysten. Napoleonskrigane rasa. Danskekongen hadde satsa på feil hest. Britisk blokade førte til mangel på korn og hungersnaud. Det var på denne tida Ibsens Terje Vigen prøvde å ro til Danmark etter korn og hamna i prisonen i England. I 1807 kom det britiske bombardementet av København som øydela den danske flåten og sette skrekk i innbyggjarane. København var også Noregs hovudstad. Då krigen tok slutt, var Napoleon-vennlege Danmark  den tapande part. Det skulle føre til at Danmark måtte gi avkall på Noreg, noko som igjen førte fram til grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll  i 1814.

Storpolitikken hindra ikkje at vitskapen gjorde framsteg. Eitt av framstega var at ein no var i ferd med å setje ein stoppar for sjukdommen koppar, som hadde herja Noreg i alle fall sidan 1200-talet. Koppar er sykkylvsk «poke/pøke» eller pokker på dansk. Vi kjenner det att også som banneord. Koppar er  ein smittsam virussjukdom som fanst  her i landet heilt fram til etter 1900. Vi veit at det fanst på Island i år 1240. Dei kalla det bolna eller bonnasott. Bolna eller på norsk bole, tyder i følgje Ivar Aasens Norsk Ordbok «hævelse». Jamfør trebole.

Koppar har fått namnet sitt av dei kopp-forma arra som blemmene etterlet seg på kroppen. Den alvorlegaste forma for kopper førte til at 20 til 40 prosent av dei sjuke døydde. Dei som overlevde, vart vansira av koppeforma arr i huda. Virus-sjukdommen smitta gjennom kontakt med materie frå utslett og gjennom dråpesmitte frå hals og svelg eller frå klede og sengetøy. Ti til fjorten dagar etter ein er smitta får ein raude flekker i huda som seinare blir materiefylte blemmer. Ein kjenner seg kvalm, får feber, hovudpine og kramper. Ein har store smerter og allmenntilstand blir dårleg. Koppar var som korona og ramma høg og låg,  uansett rang og stilling. Då vaksinen kom, var styremaktene raske til å ta den i bruk.

Den første metoden som vart teken i bruk for å kjempe mot sjukdommen, var såkalla inokulasjon, der ein poda inn smittestoff frå ei mild form for koppar i pasienten for å framkalla immunitet. De første som prøvde seg her i landet var kirurgen Wasmuth i Trondheim i 1755. I 1771 vart 103 born mellom to og sytten inokulert av stadsfysikus Büchner og prost Krogh i Bergen. Hr. Heiberg inokulerte heile 562 born i Nordfjord. Dei som fekk denne behandlinga vart sjuke, men i dei fleste tilfelle vart anfallet mildt og det ville gi immunitet resten av livet. Det var naturlegvis ein viss motstand mot denne risikable metoden. Nokre få av borna døydde av behandlinga og nokre vart vansira, men ikkje på langt nær så mange som i resten av folket.

Alt i 1801 utførte stabskirurg Magnus Andreas Thulstrup den første vaksinasjonen i Christiania. I starten brukte ein smittemateriale frå menneske, men etter kvart fann ein ut at ein kunne hente smittestoffet frå dyr, oftast kyr, som var smitta. Vaksine har fått namnet sitt frå det latinske namnet for ku, vacca.

 I 1810 vart bestemt at born som ikkje var vaksinerte ikkje skulle få konfirmere seg. Prestane fekk ei viktig rolle i å handheve regelverket. For å halde oversikta vart det laga ein ekstra rubrikk i kyrkjebøkene der ein skulle føre inn om vedkomande var koppevaksinert. Prestane fekk i oppgåve å passe på at alle konfirmantar og alle brudefolk var vaksinerte og hadde godkjent vaksinasjonsattest.

I dagens samfunn er vaksinemotstand sjeldan. Det har vore demonstrasjonar mot Covid-19-tiltaka til dømes i Tyskland, men stort sett vonar alle at ein effektiv vaksine skal bli utvikla snarast råd. Nordmenn har hatt gode erfaringar med vaksine. Koppar er i dag rekna som utrydda. Den obligatoriske koppevaksinen i Noreg varte til 1976. WHO rekna sjukdommen koppar som utrydda i heile verda 1980.

At det skulle gå slik, kunne ikkje Nils-Lars på Aurdal vite. For han var vaksinen endå eit pålegg frå embetsmennene for å tyne meir pengar ut av bøndene. Vaksine hadde heller ikkje nokon effekt, meinte han. Han heldt ikkje meiningane sine for seg sjølv.

 Dette var slike argument øvrigheita absolutt ikkje ville høyre. Sokneprest Kjeldsrup drog Nils-Lars for retten. I September 1810  vart retten sett i huset til lensmann Astrup på Blindheim. Klagemålet var forsiktig formulert, men fullt av sprengstoff.....at det her i Søkelven skal gives Personer hvoriblant i Særdeleshed en Lars Nilsen Overdal, der har Dristighed nok til at nedsætte hos Almuen de kgl. Anordninger saa som den av 3. April d.aa. om Vaxination».

Dyrlege

Hovudvitne i saka mot Nils-Lars  var Hans Jørgen Aure, fødd 1782, frå Kapralgarden på Aure. Han var for ein ekspert å rekne. Han var den første dyrlegen på Sunnmøre. Han hadde studert i fire år og var ein av dei førti første som tok veterinæreksamen i København. I 1806 er han nemnd i  samband med at han får tilbakebetalt sine studieutgifter av Bergen Stift. Som motyting skulle han slå seg ned og praktisere innanfor stiftet utan godtgjersle frå det offentlege.

Å vere dyrlege var inga gullgruve. Gardbrukarane hadde ofte ikkje pengar å betale med. Det var vanskeleg å få dekka utgiftene.  Han har slått seg ned i heimbygda Sykkylven. Han er på dette tidspunktet 38 år, gift og bur på ein plass under garden Overå. Vi veit at han har det trongt økonomisk og at han i 1815 søkjer om fast løn som veterinær i Romsdals amt, noko som han truleg fekk avslag på. Seinare i livet veit vi at han budde i  Bergen.

 I følgje referatet frå rettssaka fortalde han at han hadde treft Nils-Lars på landevegen på Eidem. Lars hadde spurt kvar han kom i frå og veterinæren hadde svart at han  hadde vore på Kjemphol og vaksinert ein liten gut.

-Trur du vaksinasjon er påliteleg for å verne mot ekte barnekoppar, hadde Lars spurt. Dyrlegen svara at Kongen nok ikkje hadde bestemt obligatorisk vaksinasjon dersom behandlinga ikkje var påliteleg.

 Lars viste til erfaringane i Borgund, der doktoren hadde vaksinert born for tre år sidan. Dei same menneska har no fått barnekoppar igjen og mange av dei er døde, sa han. Det kan vere fordi vaksinen ikkje var ekte, meinte  dyrlegen, som spurte om ikkje han trudde at Forsynet hadde gitt dei dette middelen mot smitten.

Det meinte ikkje Lars. Han hevda tvert om at vaksinasjonslova var noko som regjeringa hadde funne på for skaffe fleire embetsmenn eit levebrød. Han trudde ikkje at kongen visste noko om dette, men det var folk i regjeringa som bestemte dette etter eige forgodtbefinnande. Det hadde nok dei høge herrar ikkje våga å gjere utan at kongen hadde underteikna, innvendte dyrlegen. Jau, dei  finn på så mykje hokus-pokus, sa Lars. Yngstesonen min har ikkje hatt koppar og han skal ikkje vaksinerast før han får det naturleg.

 Dyrlegen opplyste om at vaksinasjonen ikkje skulle koste noko. Staten skulle dekkje utgiftene. Og han minte Lars om at sonen hans  ikkje kunne bli konfirmert om han ikkje var vaksinert.

-Då er betre vi blir heidningar eller ville beist på marka om ein må ha vaksine for å bli konfirmert eller ektevigd, meinte Lars. Ei slik ordning ville føre til at religion og gudsfrykt ville forsvinne. Folk ville misse lysta til å gå til kyrkje, for korkje preika eller songen lokkar. Om fleire ville som han, kunne vi redusert prestens inntekter til det halve, fordi preikene er så korte. Desse påboda om vaksinasjon og meir til skulle han trø under fot og trakke ned i skiten. Og dette var han ikkje redd for å seie, om så Kongen og øvrigheita hadde stått ved sida av han og høyrt på.

 Har du høyrt slikt utilbørleg snakk hos andre. Var Lars full eller forvirra eller har han ein skrue laus, spurde dommaren. Nei, svara dyrlegen. Lars var kjend for å vere edrueleg. Mange rekna han også for å vere ein fornuftig mann.

Oppvigleri

Fleire vitne vart førte og dei støtta opp om vitnemålet frå Hans Jørgen Aure. Dei kunne fortelje at Lars hadde sagt om mange av dei siste kongelege forordningar «at han kunde bli gal i  hovedet av dem, og at han bryder sig Djævelen om dem». At han forkynte at han ikkje ville etterleve, men bryte dei pålegga som forordninga inneheldt, var oppvigleri mot Kongen og lovlege styresmakter. Det var eit alvorleg brotsverk.

 På dette tidspunktet må Nils-Lars ha forstått at han måtte gjere avbikt, skulle han berge liv og eigedom. Då han vart kalla inn for å forklare seg for retten, melde han seg sjuk og vidare rettssak måtte utsetjast. Då retten vart sett igjen to veker seinare i tinggarden i Spjelkavik, møtte 67-åringen som han skulle. No var han ikkje like høg i hatten som i samtale med sambygdingar på landevegen heime i Sykkylven. Han sa at han kunne ikkje hugse at han hadde kritisert forordninga om vaksinasjon. Men han hadde drege kukoppe-innpodinga i tvil fordi vaksinasjonen ikkje hadde fungert i Borgund.

-Var han skjenkt eller forvirra på heimveg frå kyrkje, ville dommaren vite.

Han hadde vore til kyrkje og kjende seg sjuk etterpå, fortalde han. Derfor følgde han sonen sin til heimen hans på Aure og la seg på senga. Då han vakna etter ein halvtime, gav sonen  han eit glas brennevin og ei skål med øl. Då kjende han seg betre, og byrja på heimvegen til Aurdal. På denne turen trefte han dyrlegen og fleire andre. Han presenterte seg for retten som gammal og avkrefta og ein som lett vart rusa. Han tilbaud seg å betale 100 riksdalar i mulkt den lokale skule- eller fattigkassa for å få saka ut av verda.

 Også sonen var innkalla som vitne. Han kunne stadfeste at faren i sin høge alder var så svekka at han kunne bli rusa av to glas brennevin – ja til og med berre av godt øl.  Han kunne fortelje at når faren vart irritert, var han på ingen måte herre over seg sjølv. Då seier han både det han meiner og ikkje meiner, fortalde sonen.

Landsforvist

Det hjelpte ikkje å hevde seg svak og påverka av alkohol. Påtalemakta var nådelaus og ville ta oppviglaren ein gong for alle. Dei styrande ville markere eit eksempel. Soknepresten, som hadde levert den drepande attesten mot storbonden frå Sykkylven, såg sitt snitt til å ramme sin gamle fiende.  I dei ufredelege tidene det var internasjonalt, var det ekstra viktig å statuere eksempel og vise at sentralmakta hadde kontroll.

 Danmark - Noreg var i krig og blokade. Det var opprørstendensar på kysten. Dei styrande kunne ikkje vere ettergjevande, det ville gå ut over moralen i samfunnet. Ikkje ein gong som ein gammal og drukken bonde i Sykkylven kunne  visast nåde. Sorenskrivar Kildal skreiv dommen og meddommarane Anders Olsen Blindem og Jørgen Jørgensen Vig slutta seg til med påhalden penn. Lars Nilsen Overdahl vart dømd for å ha lasta og talt formasteleg om dei kongelege anordningar, og spesielt om vaksinasjon. Som straff skulle han bli forvist frå Kongens rike og land, heitte det i dommen. Han måtte i tillegg betale utgiftene som retten hadde hatt.

 Tradisjonen fortel at dommen seinare vart omgjort til ei større bot. For å greie å betale denne måte han selje ein del av jordegodset sitt, blant anna eit bruk på Lyshol. Etter dette levde han i Nils-garden på Aurdal resten av livet. Han vart 82 år gammal.

 

Kjelder: Ola Tandstad. Sykkylven i eldre tid. Sykkylven sogenemnd 1962.

Kjetil Tandstad: Orrfugljakt og presteplage. Årbok for Sykkylven 2018.

Reidar Skarbø: Den første dyrlegen på Sunnnmøre. Årbok for Sykkylven 2014.

Morten Tryland: Kopper og koppevirus – 200 år siden den første vaksinasjonen i Norge. Tidsskriftet Den norske legeforening 2001.

Halvdan Koht: Norsk Bondereising. Oslo 1926.

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne