Miljøkamp på kysten anno 1803

 


 


Brenning av tang hylla kysten frå Sunnmøre til Fosen inn i svart og illeluktande røyk. Dei sterke protestane førte til at ein utsending frå regjeringa i København vart send nordover. Han rapporterte tilbake om kraftig motstand mot ein produksjon som kystfolket hevda ikkje berre øydela for fisket, men også for jordbruket, skipsfarten og klimaet.

Motstanden mot tangbrenninga har sine parallellar til dagens protestar mot oljeutvinning i fiskerike område, dumping av gruveslagg i fjordane og vindmøller på Haramsøya. Nokre såg på oskeutvinninga som viktig næringsutvikling som gav arbeid og pengar til kystfolket. Men fleire såg på verksemda som eit stort trugsmål mot kystens tradisjonelle næringar, fiske og jordbruk.

Tang som ressurs

Frå dei eldste tider hadde tangen vore ein ressurs for folk langs kysten. Den kunne haustast på fjøre sjø og vart brukt til jordforbetring og gjødsel, men også som dyrefor og også til tider som kosttilskot for menneske. På 1700-talet hadde det oppstått ein ny marknad for oske av brend tang. Tangoska vart brukt til å lage soda (natriumkarbonat). Det viktigaste råstoffet for å lage glas, var kvartssand som skulle smeltast. For å nå den høge temperaturen som måtte til, måtte ein anten tilsette pottoske (kaliumkarbonat) frå trevirke - eller soda, framstilt av tangoske.

Tangbrenning kom i gang i  England og Frankrike på slutten av 1600-talet og noko seinare i Skottland. Frå 1750-åra kom produksjonen av tangoske også i gang også på norskekysten. Jæren var først ute. Langs jærstrendene var det mykje tang og god plass til å tørke og brenne han. Men røyken skapte protestar. Det enda med forbod i heile Stavanger amt. Forbodet førte til at tangbrenninga flytta nordover. Rundt 1800  var det viktigaste området for oskeutvinninga kysten frå Sunnmøre,  , i Romsdal og Nordmøre og nordover til og med Fosen.

Produksjonen kravde ein viss kunnskap, men det var små investeringar som skulle til. Tangen vart skoren på fjøre sjø, frakta til land og lagt til tørk. Det vart grave og bygd det ein kalla gruver – enkle omnar som kunne vere om lag ein meter breie og høge og opptil til femten meter lange. Det som var viktig, var at tangen ikkje måtte brenne med open flamme, då ville resultatet  bli dårleg. Ved å kontrollere oksygentilførsla til omnane, sikra ein at forbrenninga ikkje gjekk for raskt.

Tiltakssame folk langs kysten såg ein sjanse til forteneste. Produksjon og sal av oska gav kjærkomen inntekt, ikkje berre for tangbrennarane, men også for grunneigar som kunne ta seg betalt for bruken av arealet og for lausarbeidarane som vart hyrte til å skjere og frakte tangen i land. Det vart ikkje minst inntekt for handelsmenn som formidla salet og for skipa som førte oska til glasprodusentane. Men for dei som dreiv fiske og jordbruk i området, skapte røyken store vanskar.

Den nye næringa førte naturleg nok  til motsetnader. Eit tidleg eksempel er den såkalla Håvik-tretta 1771 – 1781, der tarebrenning etter kvart skulle bli ein viktig komponent. Konflikten mellom  bøndene i Haram og på  Ulla dreia seg i utgangspunktet om eigedomsretten og bruksretten til Håvika. I 1771 fall det dom og det vart sett ned bytesteinar. Partane var «udi venlighed forligte og forenede om hvordan bytte og mærkeskjell imellem Haram på den ene side og Ulla på den anden side herefter bestandig og uryggelig skal blive.»

 Men det var før tarebrenninga kom i gang nokre år seinare. I Håvika var det mykje godt tilfang og dei  tiltaksame bøndene frå Ulla tok til å tørke og  brenne tang der. Det vart rettssak igjen. Eit par månader før rettssaka hadde lensmann Krey vore i Håvika og forbode tareskjering og brenning. Han hadde også teke  arrest i den tareoska som låg der.Saka vart avgjort på tinget på Gamlem 18. oktober 1780. Skrivar på Sunnmøre, Johan Lausen Bull, var dommar. Dommen, som  fall ein månad seinare, slo fast at forbodet mot tareskjering var lovleg og skulle respekterast. Ulla-bøndene måtte betale Haram-bøndene 20 riksdalar, 1 ort og 16 skilling for oska pluss sakskostnader på åtte riksdalar. (1)

Dette var ein tvist om retten til å bruke arealet. Enno var ikkje plaga med røyken så kraftig at den vart sett på som eit problem. Men etter kvart som aktiviteten auka, vart ulempene som røyken førte med seg hovudgrunnen til protestane. Ulempene var synberre.  Den mørke røyken førte til at fisken ikkje kom inn til kysten, meinte fiskarane. Røyken skygde for sola. Etter kvart voks det også fram ein frykt for sjølve miljøet. Dei hardt prøvde fiskarbøndene, som i desse åra var spesielt hardt ramma av både dårleg fiske og misvekst i landbruket, skulda på tangbrenninga.

Åra rundt 1800 hadde vore harde for kystfolket. Fiskeria hadde slått feil år etter år. Kornavlingane var dårlege. Når dødsfalla er fleire enn fødslane i  eitt år, kallar ein det kriseår. Det var heile 13 slike kriseår i dei seks ytre prestegjelda Herøy, Borgund, Haram, Bud, Kvernes og Edøy i løpet av dei 31 åra mellom 1769 til 1801. (2)

Hungersnaud

Hungersnaud stod for døra mange av åra Matmangel og utryggleik førte til veksande misnøye og desperate opprør.Tarebrenninga fekk ein del av skulda for dårleg fiske og avling.  Frå 1797 og framover var det fleire eksempel på at folk langs kysten tok lova i eigne hender og gjekk til åtak på tarebrennarane. Det same skjedde i mai 1804. Ein rasande flokk nordmøringar samla seg på Smøla. Dei svinebatt tangbrennarane, sløkte gruva og kasta taren og ferdig tangoske på sjøen.

Nye og forsterka klagemål vart sendt til regjeringa i København i 1803. Den sure røyken frå tangbrenninga skræmde ikkje berre sild og sei frå å gå inn til  kysten. Røykskyene hindra fiskarane å finne fram til fiskeplassane. Sikta var så dårleg at fiskarane hadde vanskar med  finne att méda sine. Dårleg sikt var også eit problem for losane, vart det hevda. Røyken la seg også  over åker og eng og førte til dårlege avlingar for landbruket. Etter at tangbrenninga hadde blitt omfattande, hadde somrane vore påfallande våte og dårlege, meinte fiskarbøndene. Dei  frykta at røyklegginga også endra sjølve klimaet. Hadde det ikkje vore uvanleg surt og vått etter at tarebrenninga tok til?

Den brennande tangen plaga ikkje berre dei som budde og arbeidde i nærleiken. Skal ein tru innbyggjarar i Kristiansund, gjorde røyken livet surt for folk i eit stort omland. Det vart ikkje brent tang i det næraste omlandet til byen. Men røyken frå Smøla og Frei låg ofte tungt over Kristiansund. I stille vêr kunne det det vere så dårleg sikt at ein for heile dagar ikkje kunne sjå over hamna eller huset til naboen, vart det hevda. Skipper Neuenkirchen. som kom heim frå Middelhavet med skipet sitt i 1802, fann sikta så dårleg at han måtte legge seg for anker og vente i tre døgn før tangrøyken letta så pass at han kunne våge seg inn til hamn. (2)

Dei fortvila fiskarbøndene reagerte med å søkje hjelp hos Kongen. Frå hausten 1803 til januar 1804 kom det inn ei rekkje søknader til Kommersekollegiet i København. Alle gjekk ut på at tangbrenninga måtte stoppast eller reduserast. Den første kom i oktober 1803  frå allmugen i Nordmøre fogderi. Deretter følgde søknader frå Romsdal, Fosen og Sunnmøre. Det låg også ved uttalar frå lokale embetsmenn.

Breie protestar

 Den viktigaste embetsmannen i Møre og Romsdal, som den gongen hadde namnet  Romsdal amt, var amtmann Ole Hannibal Sommerfeldt. Amtmannen skreiv at motstanden mot tangbrenninga var vanleg  i heile amtet – både blant allmugen, blant kjøpmennene og dei kondisjonerte. Sjølv var han einig med fiskarbøndene i at tangrøyken hindra fiskarane å sjå méda og finne fiskeplassane sine. Han hadde vanskelegare for å akseptere at fisken forsvann frå kysten på grunn av røyken. Andre stader der det ikkje vart brent tang, varierte også fiskeria. Han var også usikker på om røyken kunne vere skuld i det fuktigare klimaet. For å finne ut av dette, måtte ein stanse all tangbrenning i 15 - 20 år, meinte han. Det ville han ikkje gå inn for. Han foreslo ei mellomløysing: Tangbrenning skulle berre skje om hausten, slik at den ikkje kom så sterkt i  i konflikt med fisket.

 

 Eit totalt forbod  ville vere eit alt for drastisk verkemiddel, meinte han og mange med han. Tarebrenninga gav trass alt  kjærkomne inntekter som kom folket langs kysten til gode. Mykje av oska gjekk til eksport, mest til England. Kjøpmenn i Kristiansund og Molde stod for mesteparten av utførsla frå Romsdal amt. I toppåret 1800 skal det ha blitt skipa ut 1000 tonn oske frå Kristiansund og omkring halvparten så mykje frå Molde. (3)

 Opprørstendensane blant allmugen hadde sett ein støkk i emetsmennene langs kysten. I dårlege tider som dette kunne den breie motstanden mot tangbrenning føre til opprør mot styresmaktene og samfunnsordenen. Embetsmennene i regjeringa i København tok ein dei sterke protestane frå vestkysten av Noreg alvorleg og ville ha saka nærare undersøkt.

Klagene til Kommersekollegiet på tangbrenninga i 1803 var ikkje dei første til behandling. På slutten av 1790-talet hadde det blitt sendt ei klage frå Nordmøre. Den gongen hadde kollegiet bestemt at tangbrenninga ikkje var til skade for fiskeria og derfor skulle verksemda få halde fram. I 1799 hadde dei forsvart tangbrenninga ut frå ein naturrettsleg tankegang om at alle hadde rett til å utnytte eigne evner og eigedom.

Også dette året såg kollegiet med motvilje på klagene frå Nordvestlandet. Men kollegiet ville heller ikkje provosere allmugen i ein situasjon som kunne vere eksplosiv. Dei var ute etter mest mogleg  frivillige ordningar og avtalar som kunne dempe skadeverknadene og avgrense brenninga. På nyåret 1804 kom det inn ei fråsegn frå stiftsamtmannen i Trondheim. Stiftsamtmannen, baron og kammerherre Adeler, gav kraftig støtte til fiskarbøndene. Etter to år med feilslått fiske og mislukka kornhaust var kystfolket utarma og fulle av mismot. Han var einig med klagarane blant fiskarane i at tangrøyken kunne vere årsak til at fisket slo feil, at røyken skapte vanskar for losane og hindra fiskarane i å finne fiskeplassane sine. Han tvilte på at klimaet vart påverka, men han var heilt sikker på at vegetasjonen kunne bli øydelagt når røyken la seg over åker og eng.

 Han peika også på at inntektene av tangbrenninga på ingen måte kunne måle seg med verdien av tapt fiske og gjekk inn for eit mellombels forbod i 1804. Eit forbod ville gi høve til å hente inn sikrare kunnskap og ville også roe ned allmugen. Skulle forbodet bli effektivt, måtte vedtaket kome før tangbrenninga kom i gang, altså april, understreka han. Han foreslo at det også skulle lysast ut ein konkurranse om den beste avhandlinga om emnet.

Langt på veg fekk Adeler det som han ville. Alt i februar 1804 kom ein kongeleg resolusjon og eit reskript. Reskriptet gav stiftsamtmennene i Bergen og Trondheim og amtmannen i Romsdal fullmakt til å suspendere tangbrenning i deler av sine embetsdistrikt fram til våren 1805. Embetsmennene blei spesielt bedne om å ta omsyn til dei distrikta der det var behov for å roe ned befolkninga og der  tangrøyken gjorde størst skade på fisket. Dei lokale embetsmennene skulle også hente inn informasjon om  verknadene av nedstenginga. Vitskapsselskapa i København og Trondheim skulle setje i gang tiltak for å hente inn kunnskap frå inn- og utland.

 Med instruksen på plass, vart det raskt vedteke eit midlertidig forbod mot tangbrenning langs kysten av Fosen og Namdalen, i store delar av Romsdal og i mesteparten av Nordmøre.  På Sunnmøre var det fritt fram, endå protestane også hadde kome herifrå. Sjølv om Sunnmøre var ein del av  Romsdals amt, så sorterte Sunnmøre likevel under stiftsamtmannen i  Bergen. Og sett frå Bergen var tangbrenning ikkje noko problem. Tangbrenninga på Sunnmøre var ubetydeleg og det er ingen grunn til noko forbod, var haldninga i Bergen stift.

Kongens mann

Klagene frå amtmenn og stiftsamtmann Adeler  vog nok tungt i  sentraladministrasjonen i København. Men i eitt og alt stolte ikkje Kommersekollegiet på sine embetsmenn i Noreg. Dei hadde mistanke om at dei ikkje var uhilda nok i si vurdering. Amtmenn og stiftsamtmenn kunne ha sine eigne interesser som farga rapportane dei sende til København.

 Det vart beslutta at Christen Pram, ein av dei kommitterte, altså medlem av kommersekollegiet, skulle sendast nordover for å undersøkje. Han fekk oppdraget gjennom ein kongeleg resolusjon i våren 1804. Punkt ein i instruksen  var å innhente opplysningar om fordelar og ulemper ved tangbrenninga på kysten. Han skulle også studere fiskerinæringa, spesielt sommarfisket. Dessutan ville kollegiet vite mest mogleg om lin og hampdyrking, sauehald, industri og manufakturverksemder på stadene der han kom.

Christen Pram var rett mann til oppgåva. Han var nyfiken  og tenestevillig. Rapportane hans går rett inn i den topografiske litteraturen som voks fram i løpet av 1700-talet og som gjenspeglar kongemakta og forvaltinga sitt arbeid for å kartleggje ressursane som fanst i riket.  

Han reiste frå København i juni 1804 og gjekk i land i Moss. Derifrå reiste han via Kristiania til Vang i Hedmark og vidare landevegen til Trondheim. Han samla inn kunnskap og inntrykk langs heile reiseruta. Etter eit opphald i Trondheim, reiste han med båt sørover langs kysten. Han gjekk i land i Storfosen og Hitra, Hemne, Kristiansund og Molde.  Til Sunnmøre reiste han ikkje. Molde var framleis den sørlegaste byen i amtet. Men han rådførte seg med amtmannens folk og tok også med opplysningar frå Hans Strøms Beskrivelse over Fogderiet Søndmør frå 1766.

Pram reiste landevegen via Tingvoll og Surnadal tilbake til Trondheim. Etter eit nytt lengre opphald der, reiste han med hest og vogn tilbake til Austlandet. Eigentleg skulle han reist tilbake til Danmark om hausten, men dårlege vegar og helseproblem førte til forseinkingar. Han fekk også lov til å ta ein sidesving til Drammen og Kongsberg før han reiste tilbake til København. Han kom heim i februar 1805. I streng kulde vart han dregen av ti mann på isen i ein båt over Øresund.

 Same sommar reiste han på ny tilbake til Noreg og undersøkte forholda  i det sørlege og det austlege delen av landet. Han var tilbake i København  først i mars 1806. Dei fyldige rapportane han leverte til Kommersekollegie etter dei to reisene sine har lenge vore gode kjelder for historikarar. Deler av materialet har også vore publisert. No har Riksarkivet gitt ut den omfattande rapporten hans etter den  første noregssreisa. Det har blitt eit band på 735 sider. Rapporten for reise nummer to kjem om nokre år, er det lova.

 

Kjeldeskrift

Eit slikt kjeldeskrift er oftast mest interessant for faghistorikarar, men  rapportane gir også leseglede for andre. Det som gjer rapporten så leseverdig, er at reiseskildringa hans gir eit ganske unikt innblikk i forholda langs reiseruta på byrjinga av 1800-talet. Han rapporterte ikkje berre om det Kommersekommisjonen hadde bede om svar på. Han noterte ivrig og interessert ned opplysningar og  meiningar også som jordbruk, husdyrhald og hagebruk, trelasthandel, gruvedrift og handel, skulevesen og fattigvesen, klesdrakt og kosthald. Og han skildrar stort og smått frå turen og refererer fyldig frå sine samtalar med lokale embetsmenn, men også med kjøpmenn, bønder og fiskarar. Redaktør for boka, Gerd Mordt, har skrive eit grundig og instruktivt forord som plasserer rapporten og den fargerike og reiseglade embetsmannen Christen Pram inn i sin historiske samanheng.

Å bli kjend med denne tenestevillige representanten for Kongens kommersekommisjon anno 1800 er i seg sjølv ei glede. Rapportane hans er openhjertig, men nøkterne. Han dreg sine konklusjonar der han synest det er naturleg. Har han ikkje svar, konkluderer han frimodig med det.

Det viktigaste spørsmålet han skulle finne ut av, kunne han ikkje svare på. I rapporten sin kjem han ikkje med nokon sikker konklusjon om skadane av tangbrenninga. Han legg fram dei motstridande opplysningane han har fått tak i. Ei vitskapleg  vurdering av skadeverknadene av røyklegginga av kysten var rett og slett ikkje mogleg med den tids kunnskap.

Utviklinga  skulle snart løyse problemet for kystfolket. Etter eit par år prega av forbod, vart det drive avgrensa tangbrenning endå nokre år. Men då franskmannen Leclerc kort tid etter fann ein ny måte å framstille soda på, fall problemet bort. Metoden utkonkurrerte tangoske som råvare for sodaproduksjon. Dermed forsvann problemet og tangrøyken blei borte frå kystlandskapet.

I rapportane Christen Pram sende tilbake til København, skilte han ikkje klart mellom private reisenotatar og høgtideleg rapport til regjeringa i København. Han noterte etter kvart. Christer Pram var av dansk ætt, men fødd i Noreg. Han kjende seg både som dansk og norsk, brukte han å seie. Bestefar hans kom frå Danmark og var fut i Noreg. Sjølv vart han fødd på Lesja, der faren var kapellan til sonen var åtte år. Då fekk faren ei stilling som prest i Slagslunde på Sjælland og tok familien med dit.

Kjærleiken til Noreg prega Christen Pram heile livet. Han vart buande i København, men melde seg inn blant norskpatriotane  i Det Norske Selskab. Han vart gift med ei norskfødd kvinne. Han var ein varm  tilhengar av kongehuset, men skreiv opposisjonelle artiklar. Han hevda blant anna at det var urettvist at Noreg bidrog mykje meir til den dansk-norske statskassa enn dei fekk igjen og han gjorde seg til talsmann for eit norsk universitet.

 Å reise var tidkrevjande og hardt arbeid i 1804. Ein embetsmann reiste ikkje åleine. Han hadde med seg ein skrivar, som i ettertida ikkje veit meir om enn at han skulle ha ein halv riksdalar per dag i løn. På turen frå København til Trondheim hadde han også følgje med Mathias Bonsach Krogh, nyleg utnemnd som biskop i Nordland. Krogh hadde sidan 1798 vore sokneprest i Ørland prestegjeld på Fosen og var godt kjend i Trøndelag. Han var ein viktig døropnar for Pram og fekk blant anna eigaren av Austrått, overkrigskommissær Holtermann, til å arrangere eit forsøk med tarebrenning for å skaffe Pram betre kunnskap om korleis det fungerte.

Hest og vogn

Mesteparten av turen til kysten gjekk med hest og vogn gjennom Nlreg. Christer Pram hadde bruk for ikkje mindre tre hestar: Ein til seg sjølv, ein til skrivaren og ein til reisekofferten. Han ville reise mest mogleg over land. Han vedgjekk ope at han var ein  «slet Sjømand og lider meget av Søesyge endog i godt Vejr» i eit brev til kanselleriet. Men også å reise over land var ei påkjenning. Han klaga over dårlege vegar og mangelfullt vedlikehald. Nokre av strekningane var direkte farlege.

 Christen Pram var ein typisk representant for dei moderne byråkratane som var i ferd med å vekse fram i den norskdanske sentraladministrasjonen. Han gjekk inn for modernisering, utvikling og spesialisering. Om Pram ikkje synsa om skadeverknadene av tangbrenninga, kunne han  kome med klare meiningar elles. I rapporten finn vi ei rekkje forslag til endringar. Blant anna ville han oppheve forbodet mot å lage brennevin på bygdene for å styrke næringslivet.  Eitt av dei mest omfattande forslaga var å  hente kolonistar frå fjellbygdene til Hitra for å betre jordbruket. Innbyggjarane på Hitra  forsømte nemleg landbruket og ville berre drive fiske.

Og Molde burde flyttast, meinte han. «Jeg hører alle enstemmigen yttre det Ønske, hvis Opfyldelse de anser for et væsentlig Skridt, til beste for hele den vide Omegn, at den Romsdalske Kiøbsted maatte forlegges til (.....) et for Øjemedet passende Sted. For et saadant anser man, om ej selve Vedblungsnæsset, saa en af de mange der i nærheden beliggende Havne, hvorhen man fra Oplandet kunde komme enten ligefrem til Lands eller dog efter blot at sættes over et sikkert og ubetydelig Sund».

Københavnaren  let seg også opprøre av at røykstovene framleis var i bruk og at det var slik skepsis til skorsteinar i bygdene i Romsdal og på Nordmøre. «Det er dog vel tydeligt, at der i alminderligen ej kan fødes eller leve andre end Barbarar i saa barbarske Vaaninger, vel stridbare Bersærker og Søerøvere, men ej tænksommwe Agerdyrkere, som behøver at læse vejledende Bøger, antegne deres Erfaringer, holde Regnskab og nyde deres Liv Blidelig med en Familie der ej maa være fernisseret med evig Sod eller stinkende som en Tiæregrube».

Når vi les rapporten hans meir enn 200 år seinare stig det fram eit mangfaldig og spennande bilde av det norske samfunnet. Christian Pram  enda opp som tollforvaltar i den dansk-norske kolonien St. Thomas i dansk Vestindia (Jomfruøyane) i 1820. Han døydde året etter. Trass hans snirklete skrivestil, kan ein ikkje anna enn bli sjarmert av denne Kongens utsending til provinsen. Diktaren Adam Oehlensclâger skreiv om han at han var godmodig og vennlig, med hissig: «Jeg har intet Menneske kjent, der forbandt en saa høi Grad af Godmodighed og Velvillie med den saa opbrusende Hidsighed. Men han mente intet Ondt dermed: og hvo, der kiendte  ham, betragtede hans Larmen som en Mølles Klappren, medens  det nærende Korn males deri.»

 Det same kom fram i nekrologen: «..barnlig og fremfusende, opfarende og godmodig, tilbragte han, som man sagde, Livet med at fornærme sine Venner og bede dem om Forlatelse».

Litteratur:

1. Martinus Rogne: Haram bygdebok. 1947.

2. Atle Døssland: Fylkeshistorie for Møre og Romsdal, band 1.

3. Gerd Mordt: Christen Prams rapporter fra Norge. Kildeutgivelser fra Riksarkivet. Oslo 2019.

 

bildetekster:

Christen Pram reiste til Nordvestlandet i 1804 blant anna for å kartlegge den omfattande omfattande brenning av tare på kysten frå Sunnmøre til Fosen finne ut om verksemda øydela for fiskeria. Han noterte flittig om det meste han såg på reise. Rapporten hans tilbake til Kongens Købelnavn var på meir enn 700 sider og er no komen i bokform.Kopparstikk av Andreas Flint etter teikning av Bertel Thorvaldsen.(Thorvaldsens Museum, København.) Frå Christen Prams rapporter fra Norge 1. Riksarkivet 2019.

 

Johan Nielssen: Tarebrenning. Oljemåleri frå 1880. Nasjonalmuseet, Billedkunstsamlingene.

 

Kart over Sunnmøre frå 1790. (Wikimedia Commons)

 

Prams skreiv raskt og nøyaktig om alt han opplevde på sine reiser til Noreg som utsending frå Kongens København. (Frå Christen Prams rapporter fra Norge 1. Riksarkivet 2019.)

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne