Syden-farar for 3000 år sidan

 

Det poppar opp med  vikingsenter landet rundt og interessa er stor. Bronsealderen ligg enno i historias tusmørke. Men nye forskningsmetodar og funn tyder på at bronsealdersamfunna i mangt og mykje kunne måle seg med vikingkulturen to tusen år seinare.

Hadde vi ei vikingtid to tusen år før vikingane? Det spør nettstaden forskning.no om 7. juni i år. Arkeologar i Norden meiner dei finn spor etter ei tid som liknar vikingtida for tre tusen år sidan. Bronsealdermennesket var ikkje skinnkledde nomadar som så vidt  hadde byrja å bli bufaste. Nye metodar innan forskning og nye funn frå dei siste åra viser konturen av ein avansert bronsealderkultur, langt meir utvikla enn tidlegare trudd.

Dyrking av jord og sol

I årboka for 2017 skreiv eg om bronsealderfolket og siterte forskarar som meinte dette var ein fredeleg og likestilt epoke då menneska var opptekne av å dyrke jorda og tilbe sola. Klimaet var varmare enn i dag og gunstig for jordbruket. Det var god grunn til å feire sola. At det var ei fredeleg tid, er ikkje like sikkert. Eg siterte historikaren Michelle Louise Pettersen ved Universitetet i Bergen som viste til at kvinnegravene i bronsealderen var større og rikare utstyrte enn mannsgravene. Dette har fått historikarar til å tenkje at kvinnene kanskje hadde svært høg status i bronsealdersamfunnet. Funn av kvinnesmykke med spiralornamentikk tyder på ein solkult og/eller fruktbarhetskult der kvinner hadde ei sentral rolle. Kanskje var kvinner religiøse leiarar. Kvinnene hadde i alle fall ei viktig rolle i utviklinga av landbruk og husdyrhald, i utviklinga av vevkunst og truleg også forming i leire/keramikk.

Dersom det var kvinner som kunne forme i leire, var det kanskje dei som laga støypeformene til dei vakre bronsegjenstandane. Det er ingen funn som viser at metallarbeid var noko berre mennene dreiv på med. Når kvinnene produserte så mykje av gjenstandane vi kjenner, kan det også tenkjast at dei var sentrale i den omfattande handelen mellom distrikt og regionar i Europa.

Maritim kultur

Nyare arkeologiske funn peikar mot at bronsealderen i Norden var ein avansert maritim kultur. På 90 prosent av helleristinga er det avbilda skip, blant anna fartøy som kunne ha eit mannskap på minst femti mann. Lenge tenkte ein at dette var himmelskip – religiøse forestillingar om skip som skulle symbolisere reisa til dødsriket. No meiner mange arkeologar at det er bilde av faktiske skip som siglde i fjordane og på havet.

 Funn talar for at skipa var bygde av plankar  på måtar som ikkje skilde seg vesentleg frå måten vikingane bygde sine skip på eit par tusen år seinare. Med slike skip drog bronsealderfolk frå Skandinavia til England, truleg også langt inn i Europa på elvane og  langs kysten opp til Finnmark og sør til Middelhavet. Kanskje kom det bronsealdermenneske frå Norden på besøk til faraoane i Egypt.

 
-Den første globaliseringa skjedde nettopp i bronsealderen. Skandinavane var heilt klart ein del av denne globaliseringa, seier bronsealderforskaren Kristian Kristiansen ved universitetet i Gøteborg til forskning.no. Arkeolog Lene Melheim ved Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo seier seg samd. Ho held det for sannsynleg at at nordbuarar reiste til Middelhavet for tre tusen år sidan. Vi veit at dei fekk tak i varer frå det sørlege Europa og at dei var dyktige sjøfolk. Det er like sannsynleg at dei sjølve siglde dit som at dei fekk varene hit frå mellomenn, seier ho.

I dag ser arkeologane at både skip, hus, våpen, klede og mykje anna frå bronsealderen liknar på det dei hadde i vikingtida. Både sjøfart, handel, gardsdrift, dyrehald, vald og plyndring og dei store monumentale gravhaugane som vart bygde på denne tida, ser ut til å ha eit felles preg. Kanskje gjekk ikkje utviklinga over tusenåra så raskt som vi har tenkt oss. Både bronsealderkulturen og vikingkulturen var i stor grad maritime.  Men ein viktig skilnad er at bronsealdermenneska ikkje rodde eller siglde. Dei padla truleg med lange padleårar. Dei første vitnemåla om roing har vi ikkje før tidleg i jarnalderen. Å segle byrja ein truleg ikkje med før på 700-talet, altså litt før vikingtida.

Helleristingar

På helleristingane frå bronsealderen er det strekar i båtane som ein meiner forestiller folk. Ved å  telje strekane, får ein eit inntrykk av kor stort mannskap det var. Berre på Bohuslän-kysten er det funne meir enn 10.000 teikningar av skip rissa inn i fjellet. Arkeolog Johan Ling ved universitetet i Gøteborg har studert desse teikningane. Han kan fortelje at mellom seks og 13 mannskapsstrekar er det vanlege. Men dei aller største skipa ser ut til å ha hatt ein mannskap på 60 - 70.

 Eit interessant funn er at dei største skipa skriv seg frå eldre bronsealder. Skipa blir mindre, di nærare vi kjem vår tid. Kling meiner også at han gjennom bergkunsten kan lese noko om kva som skjer i samfunnet. I yngre bronsealder byrjar skipsbilda å vise eit mannskap der nokre er teikna mykje  større enn andre og er prega av styrke og makt. Resten av mannskapet er teikna små og anonyme. Det tyder på at samfunnet har blitt mindre likestilt. Det har blitt større forskjell på folk, meiner han.

DNA-analyse

DNA-analyse og gransking av sporstoff og isotopar i gjenstandar har dei siste åra fortalt moderne arkeologar meir om bronsealdersamfunnet. DNA-analysen har vist at folk flytta seg over store avstandar. Svært mange av kvinnene kom frå fjerntliggande område. Mennene ser ut til å ha vore meir lokale. Det kan peike mot at kvinnene reiste mykje og var viktige i handel.  Helle Vankilde, dansk bronsealderforskar, meiner at bronsealderen stimulerte til nye nettverk og nye samfunnssystem. For å lage bronse, måtte ein ha både kopar og tinn. Dette er metall som ikkje finst ved sida av kvarandre og som ein måtte reise langt for å finne tak i. Funn som er gjort, viser at skandinavane fanga opp nye impulsar like tidleg som i andre delar av Europa.

 Ein dristig og ikkje direkte sannsynleg teori, men kanskje mogleg dersom dei siste vitskaplege funna held vatn: at bronsealderkvinner også frå Sykkylven let seg padle til Middelhavet for å shoppe bronsesmykke, vevnader og keramikk.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne