Ugløymelege Rosekyrkja

   

(Presentasjon av boka om Rosekyrkja i Stordal 26.09.2020. Utgjevar: Fortidsminneforeningen).

Det er noko fantastisk å stige inn i Rosekyrkja i Stordal. «Eit ugløymande syn», er tittelen på boka som blir presentert i dag. «Den som for første gong stig inn i det låglofta kyrkjerommet, møter eit syn som han seint vil gløyme» skriv rosemålingseksperten  Nils Ellingsgard.

 Og det er sant. Og når ein har vore i Rosekyrkja, tenkjer alltid at her må ein kome tilbake, gå rundt i kyrkjerommet og sjå på detaljane, studere arkitekturen, bilda og rosemålinga grundigare. Det er så overdådig og på same tid så enkelt og folkeleg. Det er er ein forunderleg skatt.

Dette er nemleg ein dekor som skil seg veldig frå rosemålinga vi er vane med på kister og bollar. Dette er noko mykje frodigare, mykje meir originalt. Barokk renessansestil, med fargepåverknad frå rokokko, skriv Nils Ellingsgard. Han er rosemålar frå Ål i Hallingdal. Han har gitt ut ei rekkje bøker om rosemåling i Noreg og i ulike distrikt. Han blir rekna som ein av våre fremste ekspertar på rosemålingas kulturhistorie her i landet. Sjølv om han er sjølvlært.

Eg har vore i Rosekyrkja nokre gongar, oftast på konsertar. I slike samanhengar framstår arkitekturen, interiøret og ornamentikken først og fremst som ein heilskap. Detaljane er ikkje så lett å få med seg. Lyset er kanskje dempa. Ein blir sitjande der ein sit og ser det ein ser frå plassen sin. Men Inntrykka er overveldande. Det er akantus over alt.

Akantius er eigentleg ein plante i tistelplante-famien. Det finst to hovudtypar – vi har den skarptakka  greske (acanthus spinosus)  og den italienske (akantus mollus) – også kalla bjørneklo - som er rundare i forma. Akantusplanten har frå naturen si side svungne former og tydeleg teikningar i bladverket. Det har inspirert kunstnarar med formsans.  Desse vekstane har blitt  til ornament. Opp gjennom eit par tusen år har teikningane blitt forenkla, reindyrka og abstraherte og gjort om til mange forskjellige stilar og former for kunstnarleg uttrykk.

I Rosekyrkja er det akantusar i vegger og tak og på galleriet og dei klatrar på søyler og stolpar. Ved første inntrykk verkar dei viltveksande – som eit villniss. Men etter kvart ser vi at her også er ei form for symmetri og orden.

 For i akantusjungelen dukkar det opp motiv med ein tydeleg tanke bak. Inne blant alle dei svungne formene, ser vi enkle, men talande og symboltunge bilde med motiv frå Bibelen. Her finn vi dei fem kloke og dei fem uforstandige jomfruene – ei historie vi kjenner att frå Mateus-evangeliet. Djupt inne i akantusskogen ser vi plutseleg eit skjeggete fjes med eit ganske roleg og mimikkfritt ansiktsuttrykk. Ser vi nærare på det, ser vi meir. Vi ser også ei løve der. Ved nærare ettersyn er det sjølvaste Samson som står med fingrane inn i kjeften på villdyret og tvingar kjevane frå kvarandre. «Då kom Herrens ande over han og han tok løva og reiv henne sund med berre nevane som det skulle ha vore eit kje», heiter det i Dommarane si bok i Det gamle testamentet. Det var ganske tøft gjort.

Vi ser oss meir rundt og vi finn David og Goliat. Gutungen David i raudt og gull og noko som ser ut som ein liten kjepp som våpen. Goliat meir enn dobbelt så høg, i  grått og svart,  med sverd  og stokk og fjør i hatten.  Det ser ut til å vere rått parti. Men vi kjenner historia frå Bibelen: David skal bli sigerherren.  Goliat skal snart ligge med fjeset i grusen. Men kva i alle dagar? I  armhola til Goliat ser vi eit lite fjes. Eg tenkjer: Er det ein symbolikk eg ikkje har fått med meg?  Eller har han med ungane på jobb?

Akantusrankane har noko naivt og umiddelbart over seg. Men her er også overraskingar. Teikningane er leikande og frie, nesten som barneteikningar.  For eksempel engleportretta, så enkelt og raskt skisserte at dei nesten ser ut som karikaturar. Men det er flott gjort.

I taket er det stjerner og ei sol med auger, nase, munn. Slikt er eigna til å få fantasien til å flyge. For oss - og ikkje minst for ungane i det gamle samfunnet som måtte sitje her og sjå  medan presten talte på dansk som dei ikkje forsto.

 Dekoren i Rosekyrkja har eit felles uttrykk. Det er ein stilart.  Motiva  som dukkar opp er fulle av samtidas symbol og referansar. David har trøye i raudt og gull  – det er heltens farge. Skurken Goliat er grå og svart. Han ligg tynt an.  Samson har raud trøye med kvitt kors på bringa. Det symboliserer Fortitudo – det tapre motet, kan vi lese oss til. Motet er ei av dei fire kardinaldygdene. .  Dette er referansar og ein symbolbruk som høyrer ei anna tid til. Mange slike koder forstår vi  kanskje ikkje utan vidare i dag, men dei var kanskje fullt forståeleg for ein stordaling for nokre hundre år sidan. 

Og her er mykje meir å forundre seg over i denne gamle kyrkja frå 1789, kosta og bygd av stordalsbøndene sjølv og måla av Webjørn Olsen Hammersbøen frå Hol i Hallingdal i 1799. Det var også allmugen som betalte dekorasjonane.

 Dei valde ein målar som høyrde til det vi i dag kallar folkekunstnarane. Dette var målarar som som  kjende den kyrkjelege bildetradisjonen, men som var ganske ubundne av målarlauget sine akademiske reglar.  Dei henta sine inntrykk frå kyrkjekunst, bildebiblar og skillingstrykk og frå ein lokal dekorativ tradisjon som strekte seg langt bakover i historia.

 Målarane vende seg til eit publikum som for ein stor del ikkje kunne lese. Derfor brukte dei  historiene i Bibelen til å få fram kyrkja sin bodskap. Historia om dei  kloke og dei uforstandige jomfruene skal minne kyrkjelyden om at dei ikkje må gløyme at Herren kan kome når som helst og at  dei må ha sitt trusforhold i orden. Historia om Samson, som riv i  hel ei løve berre med hendene, var ein måte å formidle Guds kamp mot det vonde.

Vi bur i eit land som ikkje kan by på så mykje overdådig arkitektur og store katedralar. Men vi har ein folkekunst  som i  alle fall delvis er vår eigen. Blant anna den sjarmerande og folkelege dekortradisjonen som kjem til uttrykk i Rosekyrkja. Dette er ein ornamentikk som har utvikla seg på sida av den klassiske tradisjonen og som har utvikla sin eigen stil, ganske fritt og leikande, men også i samspel med folkekunsten andre stader i  Europa.

Derfor er det gledeleg at  Fortidsminneforeininga har gitt  denne unike kyrkja si eiga bok. Det er ikkje ei overdådig coffee table-bok, men den er lita og vakker og rikt illustrert akkurat som kyrkja den handlar om. Det er ei bok som tek liten plass kofferten til turistane. Eg legg merke til at halve opplaget er med engelsk tekst. Det er gledeleg. For historia til  Rosekyrkja  har appell også utanfor landets grenser.

 Fortidsminnesmerkeforeininga kjøpte kyrkja i 1908 og har hatt ansvaret for den sidan. Det er også Fortidsminneforeininga som gir ut boka som har bidrag frå Torleiv Almås,  Aud Farstad, Tone Marie Olstad,  Ingrid Gudmestad, Per Sæther, Kristian Almås, Petter S. Dyrkorn og fotograf Odd Karsten Hanken.

 Boka fortel om kyrkja og om samfunnet ho var og er ein del av. Her kan vi lese om kyrkjene før Rosekyrkja, om altertavla, om målaren og assistenten hans, om motiv og målingsteknikk brukt i Rosekyrkja, om skipet som heng under taket og som no er restaurert tilbake til gammal prakt.

Vi får også høyre om den rørande skikken om å stikke aborterte foster inn i kyrkjemuren i håp om at dei likevel skulle kome til Himmelen. Her er stoff om daglegliv i bygda då kyrkja vart bygd og vi får vere med på kyrkjeferd. Og vi får også vite litt meir om bygningane i bygdetunet, som er næraste naboen til Rosekyrkja. Og vi får sjå  bilde frå aktivitetar som viser att kyrkja framleis er i bruk til barnedåp, konsertar og kyrkjebesøk.  Rosekyrkja er altså ikkje berre ein turistattraksjon, sjølv om turistbussane ofte står i kø utanfor i sesongen.

«Eit  ugløymande syn», er tittelen på boka om Rosekyrkja. Og med denne boka blir det endå lettare å halde fast på dei sterke inntrykka vi har fått i i Stordal gamle kyrkje. Resten får de lese dykk til. Boka ligg klar. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne