Nytt bibliotek i Sykkylven

 


Eg hadde akkurat gitt ut bok og kom stolt og opprømt inn i ein bokhandel for å overlevere nokre eksemplar til  bokhandlaren bak disken. Han titta opp på meg over brillene med gamle og trøytte auge: «Det er mange som vil skrive. Det er ikkje så mange som vil lese», sukka han.

 Det er den gamle historia: For lesaren er ei god bok den billigaste hobbyen. For forfattaren den dyraste, skreiv forfattaren Gabriel Lamb ein gong tilbake i litteraturens gullalder.

 I dag er boklesing mest for nerdar og gamlisar. Som meg. Det er sånne som meg som står fremst i klagekoret: Ungdommen les ikkje bøker. Den mest spennande roman kan ikkje lenger konkurrere med Instagram og Netflix. I staden for å lese ei fagbok når dei lurer på korleis ting heng saman, så skaffar dei seg det dei synest dei treng frå ein tre minutts video på Youtube.

Vi klagar over foreldra som ikkje lærer ungane gode lesevanar. Og vi sukkar over ungane som alt i ung alder sluttar å vere sjarmtroll og blir til skjermtroll. Ekspertisen er bekymra: Born greier ikkje å konsentrere seg meir enn fem minutt i gongen. Ja, vi hugsar naturlegvis at det var vanskeleg å sitje stille på pulten i tre kvarter. No må lærarane både turne og stupe og levere oneliners som ein standup-artist viss dei skal ha håp om å få elevane til å henge med i ein heil skuletime. Dei skal  ikkje berre vere pedagogar. I tillegg til å vere sjelesørgjarar og psykologar, må dei også vere underhaldningsartistar. Det er ikkje alle det fell heilt naturleg for.

Bibliotek er for folk med leselyst og økonomisk sans. Det er ein sjeldan kombinasjon.  Sykkylven har mange som forstår seg på pengar. Vi imponerer med idrett og musikk. Men bokhandel er her ikkje grunnlag for.

I gamle dagar titta vi diskret på bokhyllene når vi kom heim  til folk vi ikkje kjende. Det gav ein slags peikepinn om kva slags menneske dei var. Folk flest kjøpte bøker. Etterpå stilte dei dei ut i bestestova så alle skulle sjå. Det gjekk i leksikon og  bygdebøker med gullskrift på ryggane og Bokklubben Nye bøker, som alle kjøpte masse av fordi dei alltid gløymde å avbestille. Vi var i prinsippet einige med Wergeland, som skreiv: «Bokhyllen er den stige, hvorved du bliver din overmands lige. Her i bygda imponerer våre overmenn oss med toppturar,  syden-turar, fine middagar og enorme flatskjermar i alle rom. Ingen viser skrytebilde av seg sjølv med ei bok. Bokhyller i bestestova, det er rett og slett så utruleg 1998 at dei for lenge sidan har hamna i ein konteiner på Jarnes.

Eg må tilstå: Eg samlar på bøker. Gjennom femti år har blitt ein del.  No er kjellaren full og vi må vere kreative om vi skal få plassert endå ei Billy-bokhylle til bøker vi truleg aldri kjem til å lese igjen.

 For oss bok-nerdar blir det liksom aldri nok. Ein gong tråla eg antikvariata i bokbyen Fjærland. Og kven møtte eg der, med famna full av litteratur? Nypensjonert bokhandlar Harald Giørtz frå Ålesund.

Men etter kvart går ein seg vill i si eiga boksamling. Ikkje ofte – men av og til – har eg bruk for ei av bøkene mine. Eg går ned kjellartrappa for å leite, men blir gåande å bla i heilt andre bøker som eg nesten hadde gløymt. Det tek si tid. Til slutt gir eg opp og lastar ned ei digital utgåve av boka er leita etter frå Nasjonalbiblioteket sine nettsider.

Slik har det blitt: Det vi er ute etter, er berre nokre tastetrykk unna. Men litteratur er oftast best på papir. For ein boknerd er dette å rusle mellom bokreolar omtrent som å vere på ein reunion-fest med gamle vener. Minnene strøymer på. Hei,  Henrik Straumsheim, tenkjer vi med oss sjølve og klappar han på bokryggen. Nei, men er det ikkje Arthur Klæbo: God kveld, godt folk.  Hei, Erica Jong og Hanne Ørstavik. Og Hermann Starheimssæter og Vigdis Hjorth og ein hyllemeter Eldar Høidal. Kjekt å sjå dokker. Og der er jammen meg Lett på døsa di, med sjølvaste gamlelensmannen. Vi synest vi høyrer skratten hans frå boksidene.

Når dagens mote sender private bokhyller med  Ibsen og Bjørnson og Kielland og Lie og alle banda av Norsk allkunnebok til forbrenningsomnane, er det sanneleg bra vi har biblioteket. Viss litteratur ikke fantes, ville mange tanker bli usynlige, skreiv forfattaren Lars Saabye Christensen. Viss dei usynlege tankane vart ytra i sosiale media eller i ein e-post – vil vi då nokon gong finne dei att ute i den såkalla skya?

Nokre spør: Treng vi alle desse bøkene? Sjølv biblioteka kastar bøker når plassen er for liten. Men dei greier å skaffe dei, viss nokon spør.

Du skal ikkje lese for å sluke, men for å sjå kva du kan bruke, skreiv den snusfornuftige Henrik Ibsen. Men kan ein vite kva ein kan bruke i ei bok før ein har i har slukt henne?

 Ei verkeleg god bok er ikkje ei vi les, det er ei bok som les oss, skreiv ein ukjend skribent ein  gong. Litteratur er kommunikasjon. Den gjer noko med oss.

Eit danna menneske er ein som har lese mykje, men gløymt det meste, noterte Georg Brandes. Det handlar ikkje først og fremst om å hugse alle detaljar, men å hugse dei tankane som bøkene framkalla i oss sjølve. Livet er ikkje  ein quiz.

Hysj!, sa bibliotekarane i gamle dagar, viss nokon snakka og ikkje kviskra eller berre lo litt av ei artig bok. Eg trur eg var 14 då eg avanserte frå skulebiblioteket til Sykkylven bibliotek, ein gong rundt kambrium silur. Eg fann Sigmund Freuds Seksualteorien. Bibliotekaren raskt boka raskt ut av hendene mine, såg brydd ut og sa: Nei, dette er ikkje noko for deg!

Eg ser ikkje heilt for meg at biblioteksjef Helen eller Manuel skal gjere noko slikt. Ikkje hysjar dei så veldig heller. Vi tenkjer på biblioteket først og fremst som eit lokale fullt av bøker. Biblioteket skal vere ein møtestad for all verdas tankar. Ein stad der vi heilt gratis og attpåtil med gode hjelparar parat, kan kunne fråtse i bøkenes verd.

 Men eit moderne bibliotek skal også vere ein møtestad for menneske. Her skal det vere forfattarbesøk, språkkafé, leksehjelp. Her skal ein flyktning få låne datamaskin slik at han kan sende melding heim til Ukraina eller Sudan. Her skal det debatterast, her skal unge og gamle møtast. Her kan det bli diktopplesing, filmkveldar. Dette skal vere ein fristad for dei som har blitt for gamle for SFO og for dei som kjenner seg for unge til å sitje heime. Og det skal vere gratis. Heile tida.

Bibliotekvesenet er no snart det einaste offentlege tilbodet som er heilt gebyrfritt. Her står vi i eit flott og påkosta bibliotek. No må vi krysse fingrane for at kommunen greier å  følgje opp med innhald og stillingar. For visjonane for biblioteket er store. Planane er mange.  Det skal noko til.

Heldigvis har vi ei bibliotek-lov her i landet. Men til sjuande og sist er det politikarane som avgjer kvar pengane hamnar. Men om nokon av dei vil bruke sparekniven, skal dei møte motstand. Vi lesehestar er glade i biblioteket vårt og brukar det: Og vi er mange.

 I fjor vart det lånt ut 11,2 millionar bøker frå dei 365 folkebiblioteka her i landet. Vel ein tredel av alle nordmenn var innom biblioteket i 2021.Det er ikkje verst no når alle seier at boka nesten er død.

 Vi ønskjer Sykkylven bibliotek lykke til. Tvi, tvi!

(16.05.2023)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne