Gamle gubbar


 Gamle gubbars krig, skreiv kommentatoren Jo Moen Bredeveien nyleg i Dagsavisen. Han er relativt ung sjølv og gav eit solidarisk handslag til dagens ungdom der han langa ut mot pensjonistane. Gjennom heile pandemien har dei unge levd åleine på hybelen og gått glipp av all den fest og moro som høyrer ungdommen til, skriv han. «For å redde sine besteforeldre. For å holde generasjon Putin i gang, den som har satt Europa i brann», la han til med tung polemisk kraft.

Gubba noa! Han har nok rett i at det er stort sett er eldre og halvgamle gubbar som står bak krig og elendigheit. Eg er jamgammal med Putin. Eg synest likevel det er eit stivt stykke å meine at eg  skal ha ansvar for overgrepet mot Ukraina.

Shadowsmusikk

Elles er eg på linje: Vi oldisar har absolutt ein heil del å stå til rette for. Vi kan ikkje nekte for at vi er stive i tankegangen. Vi går og snakkar sakte. Vi spelar shadowsmusikk. Vi fumlar med kontantar i butikk-køen og vi har kanskje drege stigen opp etter oss reint økonomisk. Mange av oss har lett for å ønskje oss tilbake til gamle dagar - som for eksempel tilbake til den kalde krigen.

Om nokon spør oss om ei teneste ein formiddag, blir vi stressa viss vi også skal noko om kvelden. Men kanskje i neste veke. Og på dagtid! Vi tek det med ro heime og køyrer dieselbil til hytta for å slappe endå meir av. Samtidig må dei unge knoge med jobb og familie og ligge svevnlause om natta på grunn av klima-trusselen. Vi har kort tid igjen, men gir oss god tid. Alderen har mange plager og dei likar vi godt å prate om når vi stappar i oss av livets dessert.

 Men også vi veit at ei eldrebølgje tårnar seg opp framfor oss. Snart vil ein tsunami av grått hår og spaserstokkar slå inn over fedrelandet. Gamle folk blir mykje eldre enn før. I 1970 hadde ein 65-åring i gjennomsnitt 15,3 leveår att. i 2020 hadde jamaldringen hans 21,3 år igjen. I 2060 vil han truleg ha 26,3 år att å leve.

Ferierer borte og heime

 Då blir det mange fleire år å reise på langtidsferie og treffe jamaldringar i Torrevieja og Costa del Sol. Vi ferierer borte og vi ferierer heime. Dei unge må stå i arbeidslivet til dei er fleire og sytti for å betale dei aukande utgiftene til alderstrygda. Oljefondet, som vi for lengst har døypt om til pensjonsfond, kjem nok også til å gå med. Alt no er det ei galopperande krise i eldreomsorga. Og før 2060 vil talet på innbyggjarar over 80 vere tre gongar så høgt som i dag.

Og mykje, mykje verre skal det bli, slår leiaren for Helsepersonell-kommisjonen, professor Gunnar Bovim, fast. Problemet er ikkje først og fremst pengar. Men vi er så få her i landet. Heretter tyder to nye sjukepleiarar til eldreomsorga to færre ingeniørar til Norsk Hydro, spissformulerer han.

Og utan ingeniørar stoppar Noreg. Framtida ser mørk ut. Det er hardt å vere menneske. Prøv det den som vil. Det nyttar lite å forklare at eldrebølgja har historiske årsaker. Mykje skuldast at våre forfedrar miste sex-lysta ved inngangen til andre verdskrigen og at dei tok det så grundig igjen fredsvåren i 1945 og dei følgjande åra. Slikt skaper ubalanse i  befolkningspyramiden og krise i eldreomsorga nesten hundre år etterpå.

Trøystetanke

Ein liten trøystetanke: Frykta for eldrebølgja og samanbrot i omsorgssektoren byggjer på statistikk over kor mange av oss som til ei kvar tid er over 80 år. Men når levealderen aukar år for år, blir vi vel spreke lenger også.

 Eit fromt ønskje er i alle fall at ungdommen hevar blikket frå Iphonen og kastar kåte blikk på kvarandre. Det må ein dugnad til og her nyttar det ikkje å appellere til spreke pensjonistar. Vi minner om den gongen for eit halvt hundreår sidan, då folketalet i Trondheim auka så mykje at det truga Bergen som landets nest største by. Bergensarane mobiliserte. By-patrioten og teiknaren Audun Hetland illustrerte og ordførar Harry Hansen kom med denne manande  bodskapen: «Ligg dokker sammen og gjorr nokke!

 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne