Sykkylven






(Start liggande på liggestolen på toppen av Klokkerhaugen)

Sykkylven er stolt av sine fjordar og fjell og si lange historie.  Men for ein utanforståande er det først og fremst dette som er sjølve sinnbildet på ein sykkylving: Han ligg attoverlent i ein lokalt produsert kvilestol med fotsolane mot publikum. Han  sit så godt og utstrålar eit velvære så ufatteleg djupt at han nesten ikkje greier å halde seg vaken.

(stå opp)

Vi står på Klokkehaugen, eller Berlihaugen, som vi ofte seier. Nokre seier Klokkarhaugen.  Men ingen har høyrt om nokon klokkar som har budd her. Klokkehaugen heiter det truleg fordi her stod ei kyrkjeklokke her ein gong. Det var ein praktisk stad å ha klokketårnet. Lyden bar ikkje godt berre utover og innover i fjorden, men opp gjennom Grebstaddalen, forbi Aurdal og Andestad.

Som de ser: utsikta over bygda er storslått. Nokre har meint at namnet på kommunen – ofte feilskrive som Sykkelveien – er avleia av den gammalnorske forma som betyr Sekkefjorden. Det stemmer ikkje, seier namnegranskarar. Namnet kjem heller frå  sik, eit stilt vassfar eller vik. Og den indre fjorden er ganske blank og still. I alle fall når det ikkje blæs.

 I alle fall: Klokkehaugen er sentrum i kommunen. Midt i kommunen finn vi fjorden. I enden av fjorden finn vi Straumen – eit vassdrag som straumgjerdingane er stolte av og har reklamert for som Nord-Europas kortaste lakseelev. Det hadde dei god dekning for. Elva er så kort at ho renn motsett veg når det er springflo. I elva står sportsfiskarane så godt som skulder ved skulder. Laks  får dei også av og til. Då hengjer dei fisken på staur slik at alle som køyrer over brua kan få sjå kor flinke dei har vore.

På andre sida av Straumen finn vi Fetvatnet og i enden av det igjen klyngetunet Fet. Her opnar Velledalen seg utover før dalen igjen smalnar og svingar. Øvst i dalen går vegen vidare til Stranda enn ein kan ta skarpt til venstre til friluftsområdet ved Nysætervatnet. Her er det alpinanlegg og turløyper og flotte forhold for sport og friluftsaktivitetar sommar og vinter. Her byggjer sykkylvingane sine fritidshus ei mil eller to frå sine romslege einebustader nede i bygda.

Etter at brua kom, køyrer ein fint til sentrum på 15 minutt frå alle krinsane i kommunen. Brua gjer det raskt å kome til dei tidlegare utkantane Tusvika og Hundeidvik på den eine sida og Søvikdal og Ramstaddal på den andre sida.

Dette er lokalsamfunn som har tradisjon for å vere utkantar og som er vane med å halde stillinga takk vere mykje dugnad og offervilje frå innbyggjarane. Men kortare avstandar gjer det også enklare å sentralisere. Skulenedlegginga har ført til privatskular: Men utkantgrendene gjekk ikkje med på at skulen skulle takast frå dei.  Løysinga vart privatskular. Med stort engasjement og  dugnadsinnsats  har vi fått l Montessori-skule i Velledalen og kristeleg (men ikkje så kristeleg) privatskule i Hundeidvik.

Kommunesenteret er altså Sykkylven. Eigentleg heiter det Aure. Eller Haugbukta. Men på vegskilta står det Sykkylven.  Som dei fleste fjordbygder har også dette kommunesenteret først flytta trafikken ut av sentrum og deretter flytta sentrum etter. No syter to rundkøyringar for at trafikken saknar farten forbi på hovudvegen. Dermed er det mogleg å kome ned på kaiområde med livet i behald. Denne indrefileten av ei tomt ligg der no ledig og  innbydande og lokkar til utbygging. Så langt har ein truleg greidd å  hindre ein Rema 1000-butikk og ein  tømmestasjon for septik frå bubilar.  Men det kjem stadig nye begeistra forslag til korleis vi kan få lagt dette arealet under stein og betong.

 Utbyggingspresset på den svarte kulturjorda rundt sentrum er stort. Opp gjennom åra har det vore stor frustrasjon over at ein ikkje har fått lov til byggje  på denne verdfulle landbruksjorda. Ein av grunnane til at utbygginga ikkje har fått sleppe til rundt om den tette kvadraturen er naturlegvis dei rike arkeologiske funna som er gjort under og rundt bebyggelsen i sentrum.

 Her har det regjert storfolk frå opp gjennom hundreåra. Nede på sletta kan de sjå eit forsøk på å rekonstruere eitt av dei to tusen år gamle bronsealderhusa som det vart funne spor av under den store arkeologiske utgravinga for 25 - 30 år sidan. Kloss i sentrum er det funne spor frå steinalder, eit stort tal hus frå frå bronsealder og jarnalder. På denne sletta har det vore drive landbruk kanskje så lenge som  4000 år.

Det som har vekt mest oppsikt er tuftene etter eit hus på nesten 600 kvadratmeter. Det står i dag nokre stubbar  nede på sletta som markerer størrelsen av dette huset frå folkevandringstida, eit par hundre år før vikingtida sette inn.  Vi trur det er ein gildehall, reist av ein småkonge – kanskje ein av arnungane frå Giske. I Sykkylven, som  på Sunnmøre elles, var store delar av jordegodset Giskegods og i hendene på dei mektige familiane som styrte Giske-godset.

Denne stolte fortida vår har ført til at store sentrumsområde har blitt freda eller bandlagde av arkeologane. Få kommunesenter har vore meir analyserte og undersøkte for å få til ein harmonisk utvikling med balanse mellom bustader og landbruk. Arkitekturprofessor Christian Nordberg Schultz kom sjøvegen då han vitja Sykkylven og la vekt på den vesle velregulerte landsbyen i det veldige landskapsrommet. Han bad instendig om at kommunen skulle satse vidare på det han kalla «den urbane kvadraturen». Etter storbrannen i 1939 vart nemleg det uryddige kommunesenteret regulert og bygd opp at som ein bymessig kvadratur med eit oversiktleg gatenett.

 Gatenettet kan enkelt oppsummerast som tre loddrett og tre vassrett. Det er nok, meinte professoren og bad kommunen heller byggje tettare og høgare og ta vare på landbruksarealet rundt.  Det har gitt kommunesenteret ei stram og funksjonell landsbyform som fleire og fleire ser fordelane med i dag.

Sykkylven i dag: 7500 innbyggjarar. Vi fryktar ei viss forgubbing. Store mengder turistar kjem med ferja og susar gjennom kommunen utan å stoppe. Møbelindustrien er framleis hovudnæring. Største arbeidsplass er  Ekornes med bortimot 1000 arbeidsplassar. Ekornes er kjøpt opp hundre prosent av kinesarar og teken av børs. Det gjer oss ein tanke nervøse.

 Møbelfabrikkane elles, er stort sett  lokalt eigde. Sjølv om industrien viser stor omstillingsevne og har utvikla høg kompetanse, er framtida usikker. Av anna industri har vi suksessen Møre Trafo –  bedrifta lagar transformatorar og har gode tider på grunn av den raske elektrifiseringa innan samferdsel.. Men vi forstår at vi snart bør finne fleire bein å stå på.

Då tenkjer alle på turisme. Og turisme har vi gode føresetnader for. Innanfor våre grenser finn vi store delar av vi kallar Sunnmørsalpane. Fjorden vår, som skjer seg inn mellom frodige bakkar og fjell,  er vide kjend for å vere stille, blank og blå. Gardsbruka – mange av dei framleis i drift – og trivelege små tettstader kransar fjorden.  Ved Nysætervatnet veks det fram hyttebyar med flotte hytteleiligheiter i fleire etasjar. Sykkylvingane bur ofte vesentleg dyrare og tettare på fjellet enn dei gjer nede i byggjefelta.

Utkantlivet har sine positive sider. Vi har plass, natur og idyllar i massevis. Fjellheimen vår er storslått, og ganske uoppdaga av turismen. Her kan du få kjøpt ein tipp topp einesbustad med garasje og opparbeida hage for 2,5 millionar kroner.  Det får du berre eit lite krypinn for i Oslo og andre store byar.

Men heller ikkje Sykkylven er uberørt av samfunnsutviklinga.  Sentraliseringa går sin gang både innanfor kommunen og i regionen.  Skular og barnehagar blir lagt ned. Stadig fleire flyttar til kommunesenteret .

Snart ser det også ut til at det blir kommunesamanslåing med Stranda. Dei to kommunestyra hadde  felles kommunestyremøte før ferien og arbeider med ein avtale om samanslåing i løpet av eit par år. På andre sida av fjorden kjem Nye Ålesund som er ei endå større samanslutning frå nyttår. Eg ser ikkje bort frå at Nye Stranda og Sykkylven kan bli ein del av Stor-Ålesund etter kvart. Men sykkylvingane er skeptiske til samanslåing og kjenner seg pressa av storsamfunnet.  Fekk dei velje fritt, meiner nok dei fleste at det er betre å bu sentralt i ein  utkant enn å vere ein utkant av eit mektig sentrum.

Men sentraliseringa går sin gang. Stadig fleire flyttar frå utkantane til kommunesenteret.  Store delar av sykkylvsungdommen reiser ut og  tek utdanning. Svært mange kjem ikkje att. Viss dei set nasen heimover, blir dei gjerne buande i Ålesund. Helst på Flisneset, der dei kan sjå sykkylvsfjella frå stoveglaset og der det er kort veg heim til mor og far.

 Når folketalet i Sykkylven har vore aukande heilt til det siste, er det fordi det har kome folk hit frå andre stader. Først og fremst frå Polen og Baltikum og flyktningar frå fjernare himmelstrok.

Mange flyktningfamiliar har skaffa seg industrijobb i Sykkylven. Etter kvart får dei seg hus og Toyota og har det om lag på same måten som andre innflyttarar i kommunen. Dei som ikkje får jobb, flyttar stort sett igjen – ofte hamnar dei i hovudstaden. Slik blir alle problema med ghettoar med fattige og arbeidslause flyktningar ikkje vårt problem, men Oslo sitt. Det er ein situasjon vi er godt fornøgde med.

Vi er vane med å finne løysingar. Her som andre stader er kyrkjesøkinga ganske tynn. Samtidig er det stor etterspørsel etter gudshus blant våre nye innflyttarar. Vi ser heldigvis praktisk på det.  Katolikkane får låne våre protestantiske kyrkjer og bedehus. På Frivilligsentralen er det språkkafe der innflyttarane kan snakke med innfødde og  hjelpe dei med å få tak på norsken.

Vi har opplevd bølgjer av innflyttarar før det og let oss ikkje bringe ut av fatning av framande tungemål. På femtitalet var det nordmøringar og nordlendingar av begge kjønn som strøymde til bygda for å få seg arbeid i møbelindustrien. Dei gifte seg inn i småbrukarfamiliane, fekk tomt av svigerforeldra, og vart buande spreidd over heile kommunen og vart ein del av sykkylvssamfunnet.

 Noer det generasjonsskifte. Polakkar og folk frå Litauen kjøper no husa som dei bygde rundt om i bygda og  pussar opp med fagleg hjelp frå sine landsmenn. Dei lærer engelsk og etter kvart også norsk på de harde måten.

 No er dei dei einaste som praktiserer isfiske på fjorden om vinteren og  dei  trivst også med å fiske frå små gummibåt med påhengsmotor. Fjordfiske det elles nesten berre dei aller eldste pensjonistane som driv på med. Og ungane har slutta å bade i fjorden. Kvifor skal dei det når dei har eit  oppvarma badebasseng å boltre seg i ved småbåthamna på Ikornnes?

Sykkylven hareit samfunn med  tilbod til innbyggjarane. Nokre gongar er det ikkje levande fred å få. Dette er ikkje noka hillbillybygd. Her har vi eit organsisasjonsliv som går utanpå det meste av det mindre småbyar kan presentere. Idrettsinteressa er stor og prestasjonane gode. Vi har ein aktiv sykkelklubb.  Det skulle no elles berre mangle.

  Musikalsk kan ein gå tørrskodd på konsertar nesten kvar einaste helg året rundt. Her er tre tradisjonsrike blandakor, barne og ungdomskorps,  Sykkylven janitsjar. Sykkylven storband. Credo brass og Credo vokal. Og nivået er høgt.

  Det er tilbodet  av varierte arbeidsplassar  det er mangel på. Først og fremst statlege arbeidsplassar for folk med utdanning. Men dei er stort sett sentraliserte til dei store byane. Og i storbyen hamnar også dei fleste unge sykkylvingane etter kvart. Men dei gløymer ikkje heimbygda.

Våren og sommaren er det tid for familiesamlingar som sveisar slekta saman og held tradisjonane i hevd. Då dukkar dei utflytte sykkylvingane opp frå sine urbane adresser i Oslo, Bergen og Trondheim. Bak i dei tungt lasta stasjonsvognene, blant barnesete, koffertar og grinete ungar med alt for mykje is innanbords, heng sunnmørsbunaden, nystroken og plastinnpakka og klar til bruk  til 17. mai, bryllaup og familiesamlingar.

 Dei unge har utdanna seg vekk frå heimbygda. No er dei tilbake for å vise fram ungane, trene på dialekten og helse på slekta. Hadde det ikkje vore for jobben og ektemaken, skulle dei jammen ha flytta tilbake hit dei høyrer til, for det er så fint her, seier dei for å glede sine gamle foreldre. Men det får nok vente til dei blir pensjonistar.

 I mellomtida nøyer dei seg med å stemme heilhjarta i med i bygdesongen, skriven av Henrik Straumsheim, som hadde bokstavrim i fleng for å uttrykkje utflyttarens evige lengt tilbake til barndomsbygda.



Me vamar og me vimar

i verdsens ville sveim

men i dei stille timar

sviv tankefuglar heim

til bygda mellom fjell og fjord

den kjæraste vi veit på jord

til dalane der inne

med glans av fagre minne.



Kjetil Tandstad 3. august 2019 (kåseri for slektstreff Tynes-familien 3.8.2019)


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bilen min får du aldri

Mannstruering

Møte på midten