Smart er ikkje alltid klok

 

Sjølvlærte datamaskinar er i ferd med å bli smartare enn dei som skapte dei. Men det er ikkje alltid dei smarte som er klokast.

Den siste tida har ei rekkje ulike verktøy drivne av kunstig intelligens (engelsk: AI, norsk: KI) blitt tilgjengeleg for folk flest. Roboten som svarar, kallar dei chatbot. Dei siste versjonane får folk til å sitje att med hakeslepp. For du kan spørje om kva som helst og du kan vente deg eit velformulert og grundig svar i løpet av sekund.

 Eg logga inn på Chat GPT og vart ønskt velkomen på høflegaste vis. Eg spurde om programmet snakka norsk. Absolutt. Nynorsk? Ingen problem. Visste det kanskje noko om heimbygda mi? Det gjekk fem sekund og så hadde eg plutseleg ein heil artikkel om Sykkylven på skjermen. Ei vakker bygd med fjell og fjord og industri og ei spennande historie, doserte maskina på sin ganske korrekte, men nokså tørre nynorsk. Turistar i Sykkylven er spesielt imponerte over den vakre trekyrkja frå 1800-talet med dei flotte glasmåleria, vart eg fortalt.

 Eg hinta tilbake om at det hadde no skjedd noko spesielt med den kyrkja i 1983. No gjekk det 15 sekund. Så kom eit forsiktig svar: Ja, det hadde vore ein brann. Kyrkja er no restaurert og påbygd, vart det nølande skrive på ein svevande måte, som avslørte at teknologien kjende seg på gyngande grunn.

No skal ein naturlegvis ikkje krevje at Silicon Valley i detalj er oppdatert på den lokale kyrkjehistoria og heller ikkje at kunstig intelligens har svaret på alt. Men den svarar trass betre på oppgåvene enn 90 prosent av studentane til jusseksamen i USA. Utviklinga går fort over heile verda samtidig. Også i sykkylvsskulen må lærarane no prøve å skilje mellom skriftleg heimearbeid som eleven sjølv har gjort og det som chatboten har ordna på to sekund. (Tips: Korrekt språk og ein veldig høfleg tone kan tyde på at eleven har fått hjelp utanfrå.)

At late elevar får lettvint hjelp, er ikkje det største problemet. Snart veit vi ikkje om det er menneske eller maskin som gir oss restskatt eller har skrive årets 17. mai-tale. Den finske forfattaren Juha Raipola intervjua Chat GPT då han skreiv «Demonic Fragments: Horror from the AI Mind». Han fekk det meste gratis og brukte ti dagar på boka. Manuela Hofer frå Brattvåg skreiv nyleg i Sunnmørsposten at kunstig intelligens var som ei openberring for henne som biletkunstnar. Eg har sett KI-genererte heimstaddikt, fulle av sterke kjensler og perfekte enderim. Det kunne ha vore Henrik Straumsheim på ein litt dårleg dag.

Teknologien får stadig nye menneskelege trekk. Vi kan oppdage at maskina tek logiske snarvegar og tyr til naudløgn og svevande formuleringar når ho er i knipe. Men kunstig intelligens avslørar også mange umenneskelege trekk. Styresmaktene i Kina overvakar innbyggjarane med ansiktattkjenning og gir dei minuspoeng når dei går på raudt eller kan mistenkjast for å bryte det strenge forbodet mot å kalle Xi Jinping for teddybjørn. Og mange godt betalte arbeidstakarar fryktar arbeidsløyse. Til dømes programmerarane, som har utvikla programma som programmerer seg sjølv.

Eit dataprogram er i seg sjølv korkje vondt eller godt, men prisgitt sine høgst menneskelege skaparar. Og no byrjar også skaparane å skjelve i buksene. Ei gruppe av verdas fremste IT-mogular, blant dei Elon Musk, har skrive eit opprop om å stoppe all utvikling av KI i seks månader, slik at vi alle får tid til å tenkje oss om. Kunstig intelligens vil endre våre liv meir enn den industrielle revolusjonen gjorde, slår Europa-parlamentarikaren Dragos Tudurache fast. Han er redd for at kunstig intelligens vil vere eit trugsmål mot demokratiet og  arbeider for at EU som dei første i verda skal prøve å regulere bruken. EU-lova kan vedtakast i 2024, om alt går etter planen.

 Fleire enn han fryktar at maskinene vil ta kontrollen og at menneska har blitt både for dumme og for late til å hamle opp med dei. Sjølv er chatboten ikkje uroleg. Ein 35-åring spurde om han hadde blitt for gammal til å omstille seg til ei KI-styrt verd. Han fekk oppmuntrande svar:  Nei då. Alder er berre eit tal.

(Nyss mai 2021) 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne