Å kjede seg klok

     

Kanskje bør du heller sjå tomt ut i lufta ei stund enn å lese dette.

Du er sikkert slik, du også: Du hatar å kjede deg. Sit du på bussen, er du raskt oppe med telefonen for å sjekke ganske likegyldige Facebook-oppdateringar eller finne noko moro på Youtube. Er du på trimtur, har du kanskje ein podkast eller Taylor Swift i øyret. Skal vi på ferie, er det gjerne med ein bloddrypande Jo Nesbø-krim. Vi må på død og liv halde hjernecellene opptekne, slik at tankane ikkje gir seg til å vandre heilt utan mål og méd. Ungdommen treng ikkje avkopling, Dei treng tilkopling, kommenterte forfattaren Johan Borgen for mange tiår sidan. Han hadde nok eit poeng den gongen. No er det den stadige tilkoplinga og  mangelen på fråkopling som er problemet, meiner hjerneforskarane.

 

 «Ein generasjon som ikkje toler å kjede seg, vil vere ein generasjon av små menn», skreiv den britiske filosofen Bertrand Russel. Og kvinner, må vi legge til, i likestillingas namn. Hjerneforskarane er einige: Ein hjerne som heile tida må reagere på stimuli, får ikkje tid til å finne på noko sjølv. Vi blir slavar av underhaldning og stimulans. Men også hjerneceller treng friminutt. Å la hjernen gå på  tomgang, er avgjerande for kreativiteten. Eit pusterom slepper fantasien fri, for eksempel til å leike seg og dikte opp ord.

 

«Dei er sanneleg ikkje umaklause», seier nokre av oss framleis. Mak er som i makeleg. Umak er det motsette. Er ein umaklaus, er ein redd for umaken,  altså makeleg. Men når ein seier at folk ikkje er umaklause, så betyr det at dei er nøye, pliktoppfyllande, tenestevillige. Ordet vart kanskje til i hos eit menneske som kjeda seg intenst over plikter som  klesvask eller snømoking langt tilbake i tida. Rutinearbeid let hjernen få fred. Slik vart det skapt eit utrykk med tredobbel nekting som var såpass artig at det slo an og slo rot.

 Og no er det på veg inn i gløymeboka igjen. For språket er sprell levande. Det utviklar seg og tilpassar seg dagleglivet. Nye ord og uttrykk kjem og forsvinn. Akademisk sjargong og kebab-norsk krev sin plass. Slik aktualiserer vi vårt ordforråd. Det gjer også med  den evinnelege «norwengelsen», som trenger seg breialt på både i skrift og tale. Høyr på unge menneske. Sjølv om dei er fødde og oppvaksne i hjartet av Noreg, får dei ofte først eit engelsk ord på tunga når dei skal gjere greie for seg i media. Ja, kva heiter det på norsk no igjen, spør dei programleiaren. Nokre er ikkje skjemde av det heller.

 Med TV i alle rom og med dundrande musikk frå ipoden eller ein podkast i øyret, held vi hjernecellene i givakt i alle vakne timar. Skulle det skje at det ein augneblink vart stille, kjedar vi oss straks og leitar febrilsk etter nye distraksjonar. Måten vi lever på i dag, gir oss mindre rom til å kjede oss enn tidlegare. Og kjeder vi oss, er telefonen minste motstands veg. Men når vi dreg opp telefonen, drep vi kreativiteten, åtvarar hjerneforskar Marte Roa Syvertsen.

Ho understrekar kor viktig det er at hjernen av og til blir fristilt. Då byrjar nemleg nettverka i hjernen å utvikle eigne idear. Ho råder oss til å omfamne slike aktivitetar som å gå tur og å vaske opp. I slike situasjonar gjer vi noko utan å tenkje. Hjernen får fri til å late tankane flyge og kombinere ting vi veit på nye og overraskande måtar. Kjedelege og rutineprega aktivitetar kan hjelpe oss med å være kreative. Då treng ein heller ikkje å kjede seg så lenge.Tankane går over i noko nytt som engasjerer deg, seier Marte Roa Syvertsen.

Godt poeng, seier no eg. Det er mogleg å kjede seg klok. Alt dette har du fått vite, fordi du las denne artikkelen. Så er det store spørsmålet: Burde du heller ha gått ein tur?

 

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne