Scanna i panna?


Hjernen er stjernen. Sjarmen med tarmen. Gleden med skjeden: Tre ganske ferske titlar på norske populærvitskaplege bøker som har slått godt an i bokhandelen.

Faktabøker om enkelte kroppsdelar med enderim-titlar er det nye store i faglitterære krinsar, endå ein kan finne både nok og for mykje om sjukdom på internett. Det stoppar nok ikkje med dette: Nokon kjem med ei ny bok om hjernen, som til dømes kan heite Scanna i panna. Frå det er det kanskje ikkje så langt til ei  nordnorsk indremedisinsk faktabok for dei som har si fulle hyra med nyra. Vi ventar elles på Gle’a med knea, Harmen over armen eller Smaken på baken. Det er også ein ide å presentere populærvitskap saman med populærmusikk: Valsen om halsen eller Ompa i rompa.

 Eit språk inneheld uendeleg mange ballar å leike og sjonglere med. Vil ein ha fleire forviklingar, er det berre å blande eitt språk med eit anna. Engelskspråklege, som enno har barnet i seg, sluttar aldri å knise når dei les åtvaringane på norske tog om at dørene ikkje må opnast I FART. We’re only kidding, seier ungar i England. Eg berre kødda, seier dei norske. Kidding er å vere barnsleg, som born skal vere. Kødding viser derimot til ein kroppsdel som på ekte norsk heiter kodd og som vi i helst snakkar om som testikkel.

Fordi dagens foreldre let det passere, får ungane halde fram med grisepratet. Og det gjer dei, heilt til dei blir utvekslingsstudentar i USA og skal  bu hos velmeinande og gudfryktige akademikarar som heilt sikkert stemte på Bernie Sanders. Dit kjem dei, på alle måtar snille og hyggelege, bortsett frå at dei brukar ord som familiens eigne barn må vaske munnen sin på grunn av. Dei blåøygde norske seier fuck i annakvar setning, slik dei har lært av dei amerikanske TV-seriane vi har flaska dei opp med.

 Vi har augo og øyre med oss, her på vår lyttepost i hornet på veggen: Vi har lenge fundert på kven i all verda det er den nye amerikanske presidenten minner oss om både når det gjeld utsjånad, temperament og språk. Då vi såg igjen ein gammal James Bond-film denne veka, gjekk det opp for oss: det er ingen annan enn superskurken Goldfinger i filmen med same namn, uhyggeleg jovialt tolka av den trinne og raudleitte skodespelaren Gert Fröbe. Goldfinger hadde ein djevelsk plan om å øydeleggje amerikansk økonomi for å bli endå rikare sjølv. Men det er heldigvis berre på film.

  Fleire observasjonar over brillekanten: Dei unge slekter har teke til å ære sine beste- og oldeforeldre med å ta i bruk nesten gløymde ord og uttrykk. Er du i det rette hipstermiljøet, får du kred for å kjenne til ord som sveisen og sporenstreks. Uttrykk som ugler i mosen og å sove på sitt grøne øyre er høgstatus krydder i eleverte kafésamtalar. Stundom kan det utarte til den reine ordkrigen over ølseidlane: Din lurendreier, filur og sjarlatan, seier den eine og lener seg utfordrande tilbake i stolen før motparten muntert svarar med tilsvarande skyts: Slubbert,  kanalje, lømmel og spissbur.

  I det langskjegga ungdomsmiljøet gir det altså status å vere mann for sin hatt og å gjere sine hoser grøne. Nokre har også prøvd  å bruke uttrykket å ha ein rev bak øyret, men dette blir ofte berre oppfatta som ei konkret faktaopplysning.
 Då er ein ille ute. Samværet kan falle i fisk. Mange skjer alle over ein kam. Då kan ein bli slått i hartkorn med folk ein ikkje likar å bli samanlikna med og bli mistenkt for å ha svin på skogen.
God helg!

 Smp 28012017


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne