Mot raudare tider



Det går mot lysare tider, seier almanakken, som er ganske åleine som gledesspreiar. Men eit grått år har gått. No skal det meste bli lidenskapeleg og raudt.

 2016 var eit år der det meste gjekk gale. Med Trump som president i USA, Storbritannia utan landtau til Kontinentet og Per Sandberg som framtidas diplomat, kan det ikkje bli særleg betre i år. Vi har jamført oss med ein hær av trendforskarar og kommentatorar med glaskule. Dei meiner som vanleg det eine og det andre. Men mange trur pulserande raudt no skal avløyse grått før det nye året er omme.

 Dei siste åra har motediktatorane forklart oss at  husa våre måtte vere kvite og alle interiør måtte målast i fargar henta frå paletten fifty shades of grey. No blir det ombot. Raudt er ei forlenging av rosa, men med sterkare puls, forklarar eigedomsmeklar Krogsveen. Årets farge er raudt som hjarteblodet, seier trendforskaren. Han meiner vi søkjer oss mot ein meir ekte og engasjert og lidenskapeleg livsstil: I eit raudfarga 2017 vil vi vere 100 prosent til stades i det vi gjer. Fargerike har alt komponert fire ulike raude nyansar tiltenkte våre kjedelege kvitlakkerte stovebord og kjøkkenstolar. Raude møblar signaliserer nemleg dramatikk, drivkraft og energi. Sett deg ned og bli lidenskapeleg!

 No er det ikkje gratis å skifte interiør frå det kjedelege og det så-2016-grå til raudt? Ingen fare, seier ekspertisen. Dei fleste kan trygt dra kortet og kjøpe både karmosinraud sofa og skarlakensfarga gardiner. Det skal ikkje stå på pengane, skal vi tru Den Danske Bank. Noregssjefen sjølv lovar økonomisk silkesnø og Blå Swix-føre. Han tek rett nok høgde for ein tanke is i rubben på bustadmarknaden. På Vestlandet vil det nok framleis kladde så pass at det er klokast å smørje med raudt.

Det må altså bli årets motefarge her i nordvest, om ikkje anna så på grunn av dei blodraude rekneskapstala. Her i KrF- og Frp-land nyttar det ikkje lenger for politikarane å vise seg i bunad og snakke om nasjonale verdiar og grensegjerder. No er det storleiken på redningspakkane som gjeld og dei er i handgripelege kroner og øre. Blir pakkane for små, kan det brenne eit blått lys for dei blåblå. Så langt sit regjeringa trygt fordi ingen vil ta over. No, tre kvart år før valet, vil alle heller drive valkamp og dele ut ballongar enn å bruke tida på ansvarleg politikk.

  Sjå då om ikkje dei raudgrøne kan olboge seg fram til makt og verdigheit her i vest. Regjering kan det bli både av blått i blått og raudt på grønt. Vi kan også få det Trond Giske har kalla trafikklys-koalisjonen. Raudt lys, flankert av Krf-gult og Sp-grønt. Då kan politikken bli som i trafikken: Raudt lys det meste av tida og lenge å vente på klar bane.

Den siste forklaringa vi har fått på dei overraskande valskreda til fordel for klovnar og TV-kjendisar i internasjonal politikk, er at det moderne samfunnet har blitt for komplisert. Detaljane blir for mange. Vi heng ikkje med og på eitt eller anna tidspunkt går vi svart. Vi vender politikken ryggen og gir våre røyster og våre likes til dei som har de kulaste kommentarane eller det høgaste håret.

  Slik forvirring kan også få oss til å lengte tilbake til  anorakkane og  eplenikkersane og  einkanals dampradio, langt unna fjernsyn og sosiale media. For nostalgikarar er det langt mellom lyspunkta, men når dei dukkar opp, blir vi glade som  dompapar på fuglebrettet. Som til dømes når vi ser denne ferske rubrikkannonsen i Sunnmørsposten: «Hesjestaur til sals. Tek imot tinging for sommaren 2017..»
Nokon hesjar altså framleis på Sunnmøre. Godt raudt år!

Kjetil Tandstad( smp 07012017)



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne