Vips, så uglar vi oss



Stadig nye tenester med krøkkete passord tvingar seg på oss. No skal det bli Vipps for alle pengane.

Legg gjerne igjen lommeboka, men gløym for guds skuld ikkje telefonen! Fleire enn hundre bankar  har kunngjort at dei vil satse på den mobile betalingsløysinga Vipps. Når så mange bankar vil, blir vi ein nasjon av vipsarar, anten vi vil eller ikkje. Berre nokre tastetrykk på telefonen, så flaksar våre tenkte hundrelappar over sjø og land og inn på kontoen til våre kreditorar. Som om vi nokon gong har klaga over at det er alt for vanskeleg å bruke pengar.

 Lyst på eit nytt ord? Her kjem det. Å ugle seg. Nei, eg hadde heller ikkje høyrt det før. Det hadde ikkje ein gong Ivar Aasen. I  all fall fann eg ikkje ordet i mi faksimileutgåve av Norsk Ordbok.  Å ugle seg, tyder å skjere grimasar, for å skremme eller aller helst berre for moro. På norrønt så ygla dei, fortel quizmasteren i ei avis. Og ugling  har det no blitt så mykje av at vi godt kan ha fleire  ord for å skjere grimasar.

Å ugle seg, altså å skjere ansikt, skal ein vere veldig forsiktig med, i følgje gammal folketru. Då kan ein nemleg bli slik. Og det vil de vel ikkje, sa dei skikkeleg gamle, som aldri gjekk av vegen for å lyge for å få ungane til å oppføre seg. Dei ikkje fullt så gamle, skremde med at andre ville tru dei hadde Tourettes. Det fungerte også til ei viss grad. På sekstitalet var grimasar rekna som uhøfleg og derfor godt eigna som ein protest mot  samfunnet og den gode moral. Cornelis Vreeswijk laga derfor ei praktfull langspelplate med tittelen Ballader & Grimascher. Den var ein del godt mogne menneske som grein på nasen av då den kom i 1965.

 .Men det var altså lenge før internett. No har grimasar kome til heider og verdigheit igjen.  I mobiltelefonens tid uglar folk seg heile tida. Dei vrir og vrenger på andletshuda,  skjeglar og himlar med augo og lagar Trump-munn før dei tek ein selfie. Så legge dei det heile ut på nettet med ein fnis. Er ein hipp nok, brukar ein Instagram, ei mobilteneste som skuleungdommen kommuniserer med under pulten. Det meste av bilda som fyk rundt i verda på denne måten er anten av  kjønnsdelar og grimasar, seier dei som har forska på slikt. Bildet blir ståande akkurat så lenge at det er tid til ein liten fnis. Men når læraren kjem trampande for å finne ut kva eleven kniser av i mattetimen, er bildet borte for godt.

Grimasar på telefonen er skreddarsydd moro for fjortisar i alle aldersgrupper. Grimasane som vi lagar når vi står i regnet og prøver å tyde mikroskopiske bokstavar på ein knøttliten skjerm på telefonen for å betale  ein buss- eller kinobillett, er nok også ein munter knis verd, for den som ser på. Vipps, så  har vi trykt feil og sendt pengane pokker i vald. Så blir vi ståande att utan både pengar og billett.
. Men framsteget er over oss. Vil du vere med, så heng med. Vips kan det vere for seint. Det er berre å skjerpe seg.  For enn så lenge lever vi i verda, som dei gamle brukte å sukke, og verda er ikkje perfekt.

 Men om så var…
Lærarinna: I ei perfekt verd, om du kunne velje fritt. Kva slags yrke ville du vald?
Eleven: Då ville eg  ha vore krigskorrespondent.
God helg!


250217 laurdagspetit Smp.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne