Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2017

Mai kulde

Bjørnstjerne Bjørnson valde seg april. Andre synest betre om mai. Med mai månad full av frostnetter, nordavind og frosne altanblomster, er det visst hipp som happ. Vi har lært det frå vi var små, at  vi skal glede oss over våren. Snøklokker og løvetann, den første flagrande sommarfugl og den første humla som vinterstøl og desorientert tumlar seg brummande gjennom blomsterbeda.  Naturen vaknar til liv. Menneske og dyr kviknar også av halvvegs vinterdvale. Av med jakka når sola viser seg, sjølv om kulda bit. No går det mot sommar, same kor hustre det kjennest ut. «Mai kulde gjer bondens lader fulle», trøyster vi kvarandre med. Det blir i det minste eit godt grasår. Og sommaren kjem nok, berre vent. I mellomtida er det mangt å halde varmen med. Det skal ryddast og målast , byggjast platting og lysthus, påhengsmotoren må vekkjast frå dei døde og båten trimmast og oljast. Same behandlinga treng også våre vinterbleike kroppar. Det er forferdeleg mykje som må gjerast, for ferie