Mai kulde



Bjørnstjerne Bjørnson valde seg april. Andre synest betre om mai. Med mai månad full av frostnetter, nordavind og frosne altanblomster, er det visst hipp som happ.


Vi har lært det frå vi var små, at  vi skal glede oss over våren. Snøklokker og løvetann, den første flagrande sommarfugl og den første humla som vinterstøl og desorientert tumlar seg brummande gjennom blomsterbeda.

 Naturen vaknar til liv. Menneske og dyr kviknar også av halvvegs vinterdvale. Av med jakka når sola viser seg, sjølv om kulda bit. No går det mot sommar, same kor hustre det kjennest ut. «Mai kulde gjer bondens lader fulle», trøyster vi kvarandre med. Det blir i det minste eit godt grasår. Og sommaren kjem nok, berre vent. I mellomtida er det mangt å halde varmen med. Det skal ryddast og målast , byggjast platting og lysthus, påhengsmotoren må vekkjast frå dei døde og båten trimmast og oljast. Same behandlinga treng også våre vinterbleike kroppar. Det er forferdeleg mykje som må gjerast, for ferien nærmar seg med tunge steg. Då må vi vere heilt klar til å slappe heilt av.
 Det skarpe vårlyset har også sine mørke sider. Ta pollen-allergikarane, som må gå med nasen  i ein klut. Ta til dømes dei som av natur er makelege. I desse dagar må gøyme seg for ivrige dugnadsleiarar på jakt etter frivillige til å rydde og rake og selje lopper i gymsalen. Ungane får lopper i blodet og når dei likevel ikkje får spele data, slik som dei helst vil, dreg med seg sine tungføre lærarar på tur i fjøre og fjell.  Det er eit kav, men det høyrer våren til. Våren kjem kvart år, med sin glede og sine  mange krav og utfordringar.

 Ein ting er alt det praktiske. Det skal ryddast og ordnast. Den skarpe vårsola er avslørande. Vindauga må vaskast. Lauv må rakast. Kalaskuler og grevinneheng må trimmast vekk med tanke på badesesongen. Det er ikkje så enkelt når ein samtidig skal grille på terrassen om kveldane og  ekstra fridagar skal feirast med krem og kransekake. I helgane er det jubileumsfestar. Ein gler seg i månadsvis til å møte att dei kjekke ungdommane ein ikkje har sett på 25 eller 50 år, berre for å oppdage at dei har blitt trøytte gamle kjerringar og sure gubbar – akkurat som oss.
Så er det dei verkeleg deprimerte. Dei som står bak gardina og tittar ut på alle dei vårglade menneska med sine badeballar og krokketkøller som stimlar på vegen og parkeringsplassen og ler av full hals. Dei bak gardina kjenner seg  endå meir deprimerte, når vi andre trivst så steikje godt i lag ute i sola. Slikt fortel dei om og får respons på i nettstaden sidetmedord.no.  «Anar ikkje korleis folk klarte seg gjennom tunge tider før internett», skriv christian90.

Ein innsendar som skriv seg for vaffelgoteren, har lagt ut eit lite dikt. Sidan han er anonym, vonar eg at han tilgir at eg tjuvlåner nokre strofer:

Hatsang til våren
Når sola viser finger’n
til alle deprimerte
og ler ut alle dem
som er bitre og frustrerte.

Da er det vår i Norge
Tjohei og tralala
Ta på ditt største vårglis
Og vær forbanna glad.
(…)
For det er vår i Norge
Hurra og hei og hå!
og om du har problemer
så ti stille om dem nå.


God helg. Og hugs ull innerst.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lang kamp for promille

Orrfugljakt og presteplage

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne