Maskert kvardag
Pandemien lakkar mot slutten. Bank i bordet: Vi kan snart kaste maska - viss vi vil. I lang tid har vi kledd oss som bankranarar i butikken. Vi nikkar og smiler usynleg bak maska når vi ser nokon det kanskje er noko kjent med. Men det er vanskeleg å orientere seg når det einaste vi har å halde oss til er eit par mysande auge i den smale stripa mellom topplua og munnbindet. Då er faktisk litt spesielt at det akkurat i desse dagar har blussa opp ein hissig debatt om hijab i sosiale media. Stilige mørke damer gjer suksess på catwalken med skaut rundt hovudet og får tyn i kommentarfelta fordi dei ikkje tek avstand frå plagget. Men damene svarar tilbake: Hendene vekk frå hijaben min, seier fotomodellen Rawdah Mohamed. For hijab er noko anna enn burka og nikab som stenger for både inn- og utsyn og held kvinnene effektivt lenka til kjøkkenbenken. Hijaben er eit skaut og skjuler ikkje meir av hovudet enn dei kunstferdige knytte skjerfa som norske damer snurrar fire gon...