Sutresommar
Det er velsigna godt å alltid ha noko å klage over, anten det no er koronaen, bensinprisen eller regjeringa. I år vart det ikkje sommar heller. Fryden over ektefølt sutring er stor og stimulerande, men kjensla av at vi trass alt ikkje har noko særleg å syte over, er naturlegvis eit skår i sutregleda. Det er ikkje så lett å klage overtydande for folk som er fødde med sølvskei i munnen og gullhår i rauva. Vi har skrytt over kor vondt og leitt dei hadde det, forfedrane våre, som kjempa og sleit i dei bratte bakkane og på ville havet. No slår nyare forsking fast at det ikkje var så synd på dei likevel. Ikkje ein gong i dansketida, gjennom den lange «firehundreårsnatta», var vi så lutfattige og underkua som vi har innbilt oss. Vi svalt og fraus nok i hel, men skuffande nok: Nesten alle andre stader i Europa hadde folk flest det endå verre. Vi gjorde oss fri frå danskane og seinare svenskane, så godt som utan blodspille. Då vi stod fram som ein sjølvstendig...