Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2024

Bilen min får du aldri

  Vi er villige til å ofre mykje for å berge klimaet. Men vi ofrar ikkje bilen. Vi kjeldesorterer og plukkar plast. Vi prøver å reise mindre med fly og et økologiske gulrøter til middagen. Men så er det bilkøyringa, som klima-aktivistane også vil ha oss til å kutte ned på. Nei og atter nei, skrik vi lydlaust innvendig. Skal vi tilbake til den tida då vi sykla til butikken i regnvêr og sjangle oss heim att med fulle plastnett på kvar side av styret?   Nei, bilen greier vi oss ikkje utan. Han er uvurderleg som framkomstmiddel. Vi brukar han også som paraply når det regnar og vi skal ein snartur til postkassa.   Vi kunne naturlegvis gått til fots til treningssenteret som ein del av trimmen, men det synest vi ikkje vi har tid til. Så er det det at har ein først brukt bortimot ein halv million kroner på bil, vil ein nødig øyde pengar på bussbillettar. Ein kjenning hadde bilen på service. Han såg litt forkomen ut og   smilte letta då vi   tilbaud skyss. Han kunne naturlegvis ha teke bu