Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2024

Møte på midten

  Det er meir enn eit halvt hundre år sidan eg med brask og bram melde meg ut av statskyrkja. Det var ein kraftig   protest i ei bygd der statskyrkje-medlemskap var like sjølvsagt som   å vere med i folkeregisteret. Soknepresten skreiv inntrengande tilbake at han «nekta»   å gjennomføre utmeldinga utan ein alvorleg samtale først. Eg   måtte minne han om   min grunnlovsfesta religionsfridom før han gjorde si embetsplikt. Det var naturlegvis godt meint når soknepresten ville snakke fornuft til ein forvirra ungdomsopprørar. Men det nytta ikkje.   I dag er den mjuke maktbruken som vi kjende så kvelande, i stor mon borte. Gudsfornektarar og kyrkjegjengarar kan møtast på midten og oppdage at dei har eitt og anna felles. 60-talet var ei heilt anna tid. I familiar flest var det ei avis, ein radiostasjon, eit lite utval av ganske like bøker. Den lutherske varianten av kristendommen var statsreligion. Forkynninga byrja i heimane og på søndagsskulen. Frå ein var sju, tok grunnskulen over.