Innlegg

Viser innlegg fra august, 2024

Lønn som fortent

  Ulovlege innvandrarane kjem flygande over grensene. Framandelement utan respekt for norske tradisjonar. Uvanleg tidleg kjønnsmogne er dei også. Dei kan skjule seg i skuggen i årevis, berre for å ta makta så snart det blir ein sjans. Eg snakkar naturlegvis om den svartelista platanlønnen ( Acer pseudoplatanus ), som er den   falske halvbroren til heilnorsk spisslønn. Som Svartedauden kom han først til Bergen, der han vart planta i ein hage i 1765. Derifrå skal ha spreidd sine propellfrø i alle retningar. Platanlønnen er svartelista av styresmaktene fordi han ikkje er opphavleg norsk. Og vi må medgi, det er noko skummelt med hans måte å konkurrere på: Han veks til han har blitt ein til halvannan meter høg og ragar litt over resten av krattskogen. Så sluttar han å vekse. Før eller seinare fell eitt av dei høge trea i nærleiken, slik at lyset slepper til.   Då utnyttar frekkasen forspranget og skyt i vêret med rekordfart. Etter få år er han blant dei høgste trea i skogen. Haustfargan