Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2024

Lukt og løye

  Gamle dagar lukta kanskje vondt. I våre dagar er idealet nærast luktfritt. Verda opplever vi med auge og øyre, via skjerm og mikrofon. Nasen er berre noko å henge brillene på. Fem sansar har vi menneske å orientere oss med. Når folk blir spurde kva sans som er viktigast, svarar nesten alle først syn og så høyrsel. Følelse kan vi ikkje greie oss utan, synest vi og smaken er naturlegvis viktig for dei matglade. Men luktesansen? Har vi særleg bruk for den? Noko luktar godt. Minst like mykje luktar vondt. I ein verdsomspennande undersøking frå 2011 frå McCann Worldgroup går det fram at eit fleirtal av ungdom heller ville kvitte seg med luktesansen enn med pc og mobil. Sure joggesko Visst finst det gode lukter: Roseduft og kongerøykelse, nysteikt brød og grønsåpevaska tregolv.   Men lukt kan også ofte vere irriterande, av og til kvalmande.   Sure joggesko og gammal sveittelukt. Den innestengde eimen av fuktige kjellar og   stanken frå tett kloakk. Luktesansen er   naturlegvis grei