Lukt og løye
Gamle
dagar lukta kanskje vondt. I våre dagar er idealet nærast luktfritt. Verda opplever
vi med auge og øyre, via skjerm og mikrofon. Nasen er berre noko å henge
brillene på.
Fem sansar har vi menneske å orientere oss
med. Når folk blir spurde kva
sans som er viktigast, svarar nesten alle først syn og så høyrsel. Følelse kan
vi ikkje greie oss utan, synest vi og smaken er naturlegvis viktig for dei
matglade. Men luktesansen? Har vi særleg bruk for den? Noko luktar godt. Minst
like mykje luktar vondt. I ein verdsomspennande undersøking frå 2011 frå
McCann Worldgroup går det fram at eit fleirtal av ungdom heller ville kvitte
seg med luktesansen enn med pc og mobil.
Sure
joggesko
Visst
finst det gode lukter: Roseduft og kongerøykelse, nysteikt brød og grønsåpevaska
tregolv. Men lukt kan også ofte vere irriterande,
av og til kvalmande. Sure joggesko og gammal
sveittelukt. Den innestengde eimen av fuktige kjellar og stanken frå tett kloakk. Luktesansen er naturlegvis grei å ha. Men må vi velje, er
han nok den første som ryk.
Luktesansen er ein falma sans, meiner Bjørn
Berge, som nettopp har skrive ei bok med
tittelen Lukt. Boka er ein kulturhistorisk
gjennomgang av forholdet vårt til lukter og luktopplevingar opp gjennom
historia til i dag. Boka er også ei hylling av luktesansen, som i vår tid har
blitt stadig mindre verd.
Moderne
menneske er mest oppteken av det visuelle. Vi tek inn verda via auge og øyre. Det gjeld først og fremst å ta seg ut. I dag har vi etter kvart fjerna dei fleste kjeldene
til det som luktar vondt i dagleglivet. Det
er ingen utedoar, møkkakjellarar eller haugar av matavfall der folk bur lenger.
Ikkje ein gong dieselbilane luktar diesel lenger. Gamaldags kroppslukt og tung eim av tobakk
og sveitte er også på retur. Moderne menneske dusjar heile tida og brukar deodorant og parfyme for å vere bombesikker på at
eventuell menneskelukt ikkje skal kunne nå andre.
Muskparfyme
Vi
gjer naturlegvis unntak for duftande matrettar, blomster og delikate reingjeringsprodukt.
Men dei sterke luktene som våre forfedrar hadde i nasen er i dag erstatta av eit
vell av industriframstilt og marknadstilpassa godlukt. Menn dynkar seg med muskparfyme
som skal signalisere signal om styrke og
sex appeal og kamuflere eigne lukter. Kvinner understrekar sin feminitet med
eit arsenal av blomsterdufter med diskret hint av sitrus og vanilje.
Det moderne samfunnet voks fram i kamp mot
rotter, rotenskap og usunne buforhold.
For å hindre sjukdom, måtte samfunnet bli kjemisk fritt for bakteriar og
smittestoff. Alt som lukta skulle ein passe seg for. Den som ikkje følgde opp
idealet om eit tilnærma sterilt miljø, var til skade for samfunnet og eit
trugsmål mot sine medmenneske.
Det
reine og rette
Derfor
har lukt blitt assosiert med mørke, det uregjerlege, det erotiske, det asosiale
og det primitive – altså slikt som har vore i opposisjon til moral, modernitet og framsteg, meiner
Bjørn Berge. Det luktfrie signaliserte det reine og rette.
Det har fått så mange slags utslag: I
fangeleiren Grini, der norske motstandsfolk var fengsla, plaga og fora med
kålsuppe, var det eit strengt forbod mot å fise under appellane ute
på gardsplassen. Det vart sett på som ei opprørsk haldning.
«Du
merker det ikke selv», var den oppdragande teksten i ein klassiske reklamen som
lova å gjere oss «sikker under armene». Det er sant som det er sagt. Si eiga
lukt blir ein raskt van med. Den klassiske kattedama, som bur åleine med tjue
kattar og som ingen vil besøkje fordi heile huset stinkar av kattepiss, merkar det
ikkje sjølv.
Gladiatorsveitte
I
eldre tider var toleransen for vond lukt større i alle samfunnslag. Gladiatorane
i Roma selde sveitten sin som parfyme til publikum for gode pengar. Og ved hoffet
til Solkongen klaga dei ikkje på kroppslukt. Ein hadde då pudder og parfyme. Ludvik den 14. skal ha bada to gongars i
livet, seier historia. Begge gongane vart han sjuk.
Kommentarer
Legg inn en kommentar