Innlegg

Viser innlegg fra november, 2024

Godt mot!

  Godt nytt år! Slik helsar vi kvarandre i desse dagar. Vi har kanskje klemt og ønskt kvarandre alt godt litt meir inderleg enn før. Kongen og statsministeren har talt og prøvd å gi oss håp for framtida. Nyttårsrakettane har gått i vêret og lyst opp på himmelen ei lita stund.  Men så vart det veldig mørkt igjen. Det går betre og betre dag for dag, song vi før og dei fleste trudde på det. No blir det verre og verre, skal vi tru ei meiningsmåling som Norstat har gjort for NRK. Halvparten av alle norske kvinner og menn seier dei blir deprimerte av å følgje med på nyheitene.   For to år sidan var det berre 28 prosent som svara slik.   Kanskje treng vi heller den gamle helsinga   «Godt mot!» når vi helsar det nye året. For nyheitene er i sanning nedslåande: Ukraina-krigen i all si gru held fram og   Putin trugar med atomvåpen. Trump flyttar inn i Det kvite hus. Israels brutale krig i   Gaza held fram. Klimakrisa er galopperande. Parismålet om 1,5 gra...