Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2025

Politikk med mange nullar

  « Kære Norge , hvordan kan I dog efterhånden se jer selv i øjnene!  Korleis kan den norske regjeringa finne det forsvarleg å polstre den allereie bognande statskassa med meir pengar, som indirekte er tente på Ukraina-krigen, spør den danske storavisa Politiken. Der har du danskane. Set seg på sin høge hest medan dei sjølve håvar inn på slankemedisin. Naturlegvis svir det når våre naboland kritiserer oss for å vere gjerrige. Dei har rett i at vi har skodd oss godt på Ukraina-krigen. Etterspørselen etter norsk gass gjekk i taket då EU ikkje lenger kunne få billeg gass frå Russland. Vi gira opp produksjonen alt reimar og tøy kunne tole og sel til rekordhøge prisar. Men vi er ikkje krigsprofitørar med vilje. Det er slik marknaden fungerer.   Oljefondet er i skrivande stund på over 20.000 milliardar kroner og veksande. Det er lett å snuble i alle nullane. Det er altså eit stykke før vi når billionen, som er tusen milliardar, men vi er på veg.   Kvar og ein må sjø...