Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2025

Hekta på slekta

Å sitje gjerandslaus og berre sjå på folk, er slikt som gammalt folk kan finne på å gjere. Vi sit ikkje berre og glaner. Vi har opplevd nok til at det kan bli både ei festleg og ei kreativ stund. Stasjonsmeisteren hadde gått av med pensjon etter femti år. Likevel kom han kvar dag til stasjonen og sette seg på benken utanfor. Han fekk naturleg nok spørsmål om kvifor. Han forklarte det slik: «Her kjem eit tog. Det gir eg fan i. Her kjem eit tog, det gir eg fan i…». Pardon my french, som engelskmannen seier. Orsak også for at eg dreg inn noko så eksotisk som ein stasjonsmeister her det ikkje er skinnegåande køyregreier på lang lei. Historia er svensk, derfor bannskapen. Ho skal minne oss om at når ein er sjuogseksti, så gjer ein som ein vil. Og det ein vil, er ofte å granske slekta. Og   det kan vi også gjere, om lysta er der. Ingen sjef sjefar lenger over oss. Som pensjonistar treng vi ikkje å pusse på fasaden heile tida, sjølv om mange gjer det. Vi har levd lenge nok til at a...