Ein time attpå
Kan du få trea til å slutte å vifte. Det er så ekkelt når dei lagar sånn vind», sa veslejenta. Ho tenkte litt feil, men var på sporet av en samanheng og ho fann raskt ut av det. Å følgje eit førskulebarn på tur, kan vere ei krevjande affære. Det blir nokre spørsmål å svare på. Ein må kunne gi truverdig svar på kvifor nokre bilar har to eksosrøyr og kor mange bein det er på ein tordivel. Ungar leikar dokter eller brannmann eller er ein omsorgsfull familie som byter bleie på dokker og teddybjørnar. Ting skal prøvast i praksis. Derfor er det naturleg å klatre i tre og henge etter knehasane frå ei alt for tynn grein. Det blir nokre skrubbsår og skjennepreiker av slikt. Men dei blir også mange nyttige erfaringar og mykje handfast kunnskap rikare. I sine første leveår er ungar programmerte til å suge til seg impulsar. Dei prosesserer effektivt den usystematiske straumen av inntrykk som dei fordomsfritt tek inn gjennom alle sansar. Dei lærer mange ulike ting samtid...