Unge gubbar
Tweed-dress med vest, kordfløyelsbukser, mokasiner og strikkejakker i bestefar-stil har blitt moteplagg blant trendy unggutar. Til og med den gamle røykejakka er på full fart tilbake. Ull, sixpence og eit velstelt heilskjegg er «hot» blant unge menn, gjerne med ei vintage oilskin - jakke i britisk godseigar-stil. Nokre vel seg dress med vest og frakk. Vår ungdoms uformelege dyffelcoat , komplett med hornknappar, er no godkjent som moterett ytterplagg over dressen. Om vinteren skal ein ikkje ha strikkegenser, men cardigans med knappar eller glidelås . Sommars dag er det vere tid for sweater, som skal knytast laust over skuldrane. Under må ha trøye med det rette dyre merket og på beina skal det vere behagelege loafers. Stilen skal vere avslappa. Det skal sjå ut som ein kjem rett frå golfbana. Bowlerhatt Nobelkomité-medlem Asle Toje er både ultra-konservativ og pen i tøyet. Han fortel at han kjøper stoff vevd av ull frå Gudbrandsdalen som han sender t...