Unge gubbar
Tweed-dress med vest, kordfløyelsbukser, mokasiner og strikkejakker i bestefar-stil har blitt moteplagg blant trendy unggutar. Til og med den gamle røykejakka er på full fart tilbake.
Ull, sixpence og eit velstelt heilskjegg er
«hot» blant unge menn, gjerne med ei vintage oilskin-jakke i britisk godseigar-stil.
Nokre vel seg dress med vest og frakk. Vår ungdoms uformelege dyffelcoat,
komplett med hornknappar, er no godkjent som moterett ytterplagg over dressen.
Om
vinteren skal ein ikkje ha strikkegenser, men cardigans med knappar
eller glidelås. Sommars dag er det vere tid for sweater, som skal
knytast laust over skuldrane. Under må ha trøye med det rette dyre merket og på
beina skal det vere behagelege loafers. Stilen skal vere avslappa. Det
skal sjå ut som ein kjem rett frå
golfbana.
Bowlerhatt
Nobelkomité-medlem
Asle Toje er både ultra-konservativ og pen i tøyet. Han fortel at han kjøper
stoff vevd av ull frå Gudbrandsdalen som han sender til India for å få sydd til dress. Det nyttar ikkje med Dressmann
blant vidarekomne. Trendsetjarane rekk nok å dukke opp både med bowlerhatt og
snurrebart før retropendelen svingar tilbake. Her heime kan vi nok vere konservative,
men vi kjem likevel helst som vi er, i fleece og turklede, uansett ærend, med unntak
for bryllaup og gravferd. Vi ser praktisk på det. Ein innflyttar forundra seg
over at Senterpartiet var så mykje meir propre i klesvegen enn dei andre i
kommunestyret. Det var fordi dei hadde køyrt silo og måtte byte skjorte før møtet.
I motsetnad til lærarar og kontoristar, fekk han forklart.
Men no er ein eksklusiv gubbemote på
frammarsj blant konservative unge, kan ein lære ved å lese ein motereportasje i
KK, som i denne samanhengen ikkje tyder Kvinner og Klær, men avisa
Klassekampen. Når ungdommen tek til å
kle seg pent, er det for å gjere opprør mot foreldregenerasjonen, som så lenge
har sloppe unna med slaskete t-skjorter og utvaska jeans. Dagens unge ønsker å stå
fram som vaksne og ansvarlege, seier mote- og samfunnsvitar Pia Henriksen. Ho
kan fortelje at der ho bur i Oslo, går til ungdomsskule-elevar på skuleveg i frakk
og semska skinnsko.
Balansegang
Moten fortel oss kven vi ser opp til. Kler
ein seg som ein vellykka mann, kjenner
ein seg kanskje litt meir vellykka sjølv også. Kleda må vere frå dyre
merkevarebutikkar, men ein må samtidig gi inntrykk av at ein ikkje legg synderleg
vekt på slikt. Det kan vere ein vanskeleg balansegang.
Sjølv
om gammalt er stilig og ull er in, er det ikkje alt som er retro som har plass
i motebildet. Gammal overklasse er idealet. Dei romslege vadmåls-buksene, blåtrøyene
og blankeskjold-lua, som vart brukt av arbeidsfolk på sjø og land, glimrar med
sitt fråvær. Heller ikkje heildekkande ullundertøy frå Devold med luke bak, ser
ut til å ha fått nokon renessanse.
Retro-moten kjem over oss ganske parallelt med den
konservative ungdomstrenden. Kvar tredje
mann under 35 røystar no Framstegspartiet.
Ungdomsidolet Simen Velle har klipt den
opprørske hestehalen av seg for å bli vaksenpolitikar. Vår lokale Frp-helt, Frank
Sve, held seg til blazer og slips med striper, som han har arva etter Carl I.
Hagen. Det er heilt innanfor i stortingssalen, men ikkje gammaldags nok til å
vere skikkeleg moderne.
Symbol
Vi merkar oss at til og med Mimir Kristjánsson i Raudt, som gjennom
åra har fått så mykje påtale for sin tilfeldige klesstil, også stiller i dress og slips når det røyner på. Det er
kanskje eit teikn i tida. Tidlegare har mange på venstresida sett på slipset
som ei renneløkke som kveler alle tilløp til individualisme og kreativ tenking.
Men motens makt er sterk og kan påverke sjølv dei mest prinsippfaste.
Torbjørn Røe Isaksen, kommentator og
tidlegare statsråd, er sjølv ein slips- og dress-mann. Han meiner at slipset
har blitt eit symbol: «Slips rundt halsen er for dei konservative det same som
sikkerheitsnåla i øyret på punkarane». Vi i mellomsjiktet kan heldigvis gjere
som vi vil.
Kommentarer
Legg inn en kommentar