Er det lenge sidan dokker las ei bok?
Eg hadde akkurat gitt ut bok og kom stolt og opprømt inn i bokhandelen på Stranda for å overlevere nokre eksemplar. Den gamle bokhandlaren titta på meg over brillene med gamle og trøytte auge: «Det er mange som vil skrive. Det er ikkje så mange som vil lese», sukka han. Her kjem den gamle gode gamle klaga frå bokfolket og spesielt frå dei som skriv: Folk les ikkje bøker lenger. For lesaren er ei god bok den billigaste hobbyen. For forfattaren den dyraste , skreiv forfattaren Gabriel Lamb, ein gong tilbake i litteraturens gullalder. Det var sant før. Men no har det blitt verre. Ganske mykje verre. No skrollar vi på nettet. Boklesing er for nerdar og gamlisar. Den mest spennande roman kan ikkje lenger konkurrere med Instagram og Netflix. Og folk er praktiske: Kvifor lese ei fagbok når vi kan vite det vi treng i tre minutts video på Youtube? I gamle dagar titta vi diskret på bokhyllene når vi kom heim til folk. Det gav ein slags p...