Er det lenge sidan dokker las ei bok?
Eg
hadde akkurat gitt ut bok og kom stolt og opprømt inn i bokhandelen på Stranda
for å overlevere nokre eksemplar. Den gamle bokhandlaren titta på meg over
brillene med gamle og trøytte auge: «Det er mange som vil skrive. Det er
ikkje så mange som vil lese», sukka han.
Her kjem den gamle gode gamle klaga frå
bokfolket og spesielt frå dei som skriv: Folk les ikkje bøker lenger.
For lesaren er ei god bok den billigaste hobbyen. For forfattaren den
dyraste,
skreiv forfattaren Gabriel Lamb, ein gong tilbake i litteraturens gullalder. Det
var sant før. Men no har det blitt verre. Ganske mykje verre.
No skrollar vi på nettet. Boklesing er for
nerdar og gamlisar. Den mest spennande roman kan ikkje lenger konkurrere med
Instagram og Netflix. Og folk er praktiske: Kvifor lese ei fagbok når vi kan vite det vi
treng i tre minutts video på Youtube?
I gamle
dagar titta vi diskret på bokhyllene når vi kom heim til folk. Det gav ein slags peikepinn om kva
slags menneske dei var. Folk flest kjøpte bøker. Etterpå stilte dei dei ut i
bestestova slik at alle skulle sjå. Det gjekk i leksikon og bygdebøker med gullskrift på ryggane og
Bokklubben Nye Bøker, som alle kjøpte ein masse av, fordi ein gløymde å
avbestille.
Den gongen var folk i prinsippet einige med Wergeland, som skreiv:
«Bokhyllen er den stige, hvorved du bliver din overmands lige. Slik
tenkjer vi ikkje lenger. No til dags imponerer vi kvarandre med toppturar, Syden-ferie, fine middagar og enorme
flatskjermar i alle rom. Vi viser oss fram med selfies, men nesten ingen tek
skrytebilde av seg sjølv med ei bok i handa. Bokhyller i stova, det er rett og
slett så utruleg 1998, synest vi no. Derfor har både bokhyllene
og bøkene for lenge sidan hamna i ein konteiner på Jarnes.
Vi
sukkar over ungane som alt i ung alder har gått frå å vere sjarmtroll og blir til skjermtroll. Lesing
er viktig, meiner vi alle. Derfor klagar vi over lærarane, som ikkje lærer
ungane å lese bøker. Og vi klagar over foreldra, som ikkje følger ungane sine opp.
Men også vi som klagar, sit gjerne limt
til telefonen og skrollar mellom vilt og gale på nettet. Når vi tenkjer etter, er det kanskje er eit heilt år
sidan sist vi las ei heil bok! I alle fall frivillig!
Av
og til kjem eg over ein bokomtale i media. Eg tenkjer at denne boka skal eg jammen lese. Eg tek vi fram mobilen og vil finne ut litt meir. Så sansar eg meg ein halv time seinare, etter å
ha lese endå nokre historier om Trump og om nokre - for meg heilt uvedkomande -
skandalar i Hollywood. Eg har gratulert
ein heil flokk med Facebook-vener som eg eigentleg ikkje kjenner og var også innom
ei tårevåt fotballfrue som har trøbbel i ekteskapet. Kva skulle eg no der!
Ekspertisen
er bekymra og situasjonen: Ungane greier ikkje å konsentrere seg lenger. Ja, vi
hugsar naturlegvis frå vår eigen barndom at det var vanskeleg å sitje stille ved
pulten i tre kvarter. No er problemet å få dei til å konsentrere seg i meir enn
fem minutt. Lærarane klagar: Det er ikkje nok å vere pedagog lenger. Dei må
også vere sjelesørgjar, psykolog og sosionom. Ein god lærar må også underhalde
og levere oneliners som ein standup-artist, synest elevane. Det er ikkje
alle lærarar det fell heilt naturleg for.
Hysj!, sa bibliotekarane i gamle dagar, viss
nokon snakka og ikkje kviskra eller berre lo litt av ei artig bok. Eg trur eg
var 14 då eg avanserte frå skulebiblioteket til Sykkylven bibliotek. Eg fann
Sigmund Freuds Seksualteorien. Bibliotekaren tok raskt boka ut av hendene mine,
såg brydd ut og sa: Nei, dette er ikkje noko for deg!
Eg ser ikkje for meg at biblioteksjef Helen
eller Manuel ville motarbeide ekte
leselyst på den måten. No er vi alle overlykkelege berre nokon vil lese ei bok
frivillig, same kva ho handlar opp. Nettet er uansett verre.
Eg
må tilstå: Eg er nerd. Eg samlar på bøker. Gjennom femti år har blitt
ein del. No er kjellaren full og eg må vere kreativ skal eg få plassert endå ei
Billy-bokhylle til bøker eg truleg aldri kjem til å lese igjen. For boknerdar blir
det liksom aldri nok. Ein gong tråla eg antikvariata i bokbyen Fjærland. Og
kven møtte eg der, med famna full av brukte bøker? Nypensjonert bokhandlar
Harald Giørtz frå Ålesund!
Ikkje
ofte – men av og til – har eg hatt bruk for ei av bøkene eg har samla meg. Eg
går ned kjellartrappa for å leite, men blir gåande å bla i heilt andre bøker
som eg nesten hadde gløymt. Det tek si tid. Til slutt gir eg opp og lastar ned
ei digital utgåve av boka frå Nasjonalbiblioteket sine nettsider. Slik har det
blitt: Det vi er ute etter, er berre nokre tastetrykk unna.
Men
litteratur er likevel best på papir. Kven orkar å ligge på rygg i sofaen og halde pc-en
på strak arm medan vi fordjupar oss i Jon Fosse sin siste? Det same gjeld for
aviser. Nettet passar best når ein skal ha enkle hendingsnyheiter av typen trailerkrasj på
Strandafjellet eller skandale i kjendislivet. I papiravisa finn vi helst nyheiter
som vi las om på nettet for eit døgn sidan. Ting vi har lese om frå heimbygda
vår i Nyss, kan dukke opp att i
Sunnmørsposten. Eller omvendt. Men det er så rart med det. Vi synest likevel
at vi må ha avisa på papir, endå så dyr ho er. Og kor moro er det å løyse
kryssord på ein skjerm?
Skal du lese bøker på nettet, må du vere på plass ved skrivebordet og liksom sette deg ned
og studere. Du les berre ikkje 300 siders romanar på telefonen. Å lese
ei bok, er å ha ei stille stund i godstolen, fritt for pip og jingles og påtrengande
annonsørar. Ei bok masar ikkje. Vi kan lage eit eseløyre der vi slutta å lese
og ta det att når vi har lyst.
For ein bok-nerd er å rusle mellom bokreolar
omtrent som å vere på ein reunion-fest med gamle vener. Lese-minne strøymer på:
Hei, Henrik Straumsheim, tenkjer vi med
oss sjølve og klappar han på bokryggen. Nei, men er det ikkje sjølvaste Arthur
Klæbo: God kveld, godt folk. Hei,
Erica Jong og Hanne Ørstavik. Og Hermann Starheimssæter og Vigdis Hjorth og ein
hyllemeter med Eldar Høidal. Kjekt å sjå dokker. Og der er jammen meg Lett
på døsa di, av sjølvaste gamlelensmannen. Vi synest vi høyrer skratten hans
frå boksidene.
Viss litteratur ikke fantes, ville mange tanker bli usynlige, skreiv forfattaren Lars
Saabye Christensen. Når vi no sender dei
påkosta bokhyller våre med Ibsen og
Bjørnson og Kielland og Lie og alle banda av Norsk allkunnebok til
forbrenningsomnane, er det sanneleg bra vi har biblioteket. Men nokre spør:
Treng vi eigentleg alle desse bøkene? Sjølv biblioteka kastar bøker når plassen
blir for liten. Men dei greier alltid å skaffe eit eksemplar, viss nokon spør.
Du skal ikkje lese for å sluke, men for å sjå kva du kan bruke, skreiv den
snusfornuftige Henrik Ibsen. Men kan ein eigentleg vite kva ein har bruk for i
ei bok før ein har slukt henne? Ei
verkeleg god bok er ikkje ei vi les, det er ei bok som les oss. Litteratur
er kommunikasjon mellom forfattaren og oss sjølve. Det er ein samtale som gjer
noko med oss.
Her kjem eit ord med mykje trøyst i for dei
som les: Eit danna menneske er ein
som har lese mykje, men gløymt det meste. Det skreiv den store danske diktaren Georg Brandes. Det
handlar ikkje først og fremst om å hugse alle detaljar, men å ha vore gjennom dei
refleksjonane som bøkene framkallar i oss. Bøker kan lære oss å tenkje
lange og djupe tankar – slike tankar som formar vår personlegdom, og som
stimulerer kreativitet og fantasi.
Å
vere oppdatert til ei kvar tid i det flimrande nyheitsbildet kan vere nyttig. Men ikkje tilstrekkeleg. Livet er ikkje først
og fremst ein quiz.
Takk
for meg!
Kommentarer
Legg inn en kommentar