Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2026

Å dra jenter i flettene

  Eg tek alt for sjeldan buss og når eg gjer det, er det som regel plass nok. Men denne dagen hadde noko hendt. Skuleskyss og rutebuss var slått saman. Det vart temmeleg trongt. Eg vart ståande å henge i stroppa i midtgangen. Dei fleste passasjerane som fylte opp seta, såg ut til å vere skulelevar, mest frå vidaregåande. Alle var oppslukte av telefonane sine. Det var knapt ein lyd å høyre. Det var ingen som fniste eller drog jentene i flettene. Her var det ikkje høgrøysta leikeslåssing i buss-setet. Ingen snakka med kvarandre og ingen lo.   Tause og duknakka Dei tause passasjerane var i ein alder då dei i følgje psykologane vere i sitt livs mest intense fase, kjenneteikna av forvirring, frykt og begeistring og ei sterk lyst til å vise seg fram og bli sett. Det eg såg var ei taus og duknakka forsamling, intenst oppteken av klikk-agn, utlagt av sleipe, internasjonale SoMe-aktørar som TikTok, Instagram, Snapchat og Youtube. Det gjorde meg nysgjerrig og eg strekte endå m...