Å dra jenter i flettene

 


Eg tek alt for sjeldan buss og når eg gjer det, er det som regel plass nok. Men denne dagen hadde noko hendt. Skuleskyss og rutebuss var slått saman. Det vart temmeleg trongt. Eg vart ståande å henge i stroppa i midtgangen.

Dei fleste passasjerane som fylte opp seta, såg ut til å vere skulelevar, mest frå vidaregåande. Alle var oppslukte av telefonane sine. Det var knapt ein lyd å høyre. Det var ingen som fniste eller drog jentene i flettene. Her var det ikkje høgrøysta leikeslåssing i buss-setet. Ingen snakka med kvarandre og ingen lo.

 Tause og duknakka

Dei tause passasjerane var i ein alder då dei i følgje psykologane vere i sitt livs mest intense fase, kjenneteikna av forvirring, frykt og begeistring og ei sterk lyst til å vise seg fram og bli sett. Det eg såg var ei taus og duknakka forsamling, intenst oppteken av klikk-agn, utlagt av sleipe, internasjonale SoMe-aktørar som TikTok, Instagram, Snapchat og Youtube.

Det gjorde meg nysgjerrig og eg strekte endå meir hals: Bakover i bussen såg eg vegg av mimikklause ansikt med blikket i kvar sin telefon. Nokre få gongar kunne eg spore eit slapt halvsmil før fjesa vart uttrykkslause igjen.

Når eg stod vendt framover, var eg i fin posisjon til å sjå kva som utspelte seg på mobilane. Nesten alle såg ut til å sjekke ut såkalla reels. Det vil seie korte videosnuttar med eit Innhald som etter seiande skal vere gøyalt, overraskande og stundom opplysande. Ei jente med perfekte augnebryn fordjupa seg i ein filmsnutt av ein tjukk mann som ramla på rumpa. Eg titta skrått over til ein kar med krøllar og dunbart. Han såg ein video om ein spe gutunge med store mørke auger som blei mobba av ei bølle. Mobbaren lo rått og hjartelaust når den vesle guten tok til å grine. Men så oppdaga mobbaren ei mykje større bølle bak seg. Den store bølla løfta den vesle bølla opp, fika han opp og kasta han ut i eit gjørmehol, slik at han datt på rumpa. Då var det mobbaren sin tur til å grine. Moralen er kanskje god. Og  lite er så moro som å sjå folk dette på rumpa. Viss ein er fire år. Dunbarten framfor meg såg like dyster ut og klikka seg vidare.

Ein av tre

1750 unge menneske var med i ei undersøking frå Medietilsynet om ungdom og sosiale media. 38 prosent tykte dei brukte for mykje tid på sosiale media. Nesten ein tredel skulle ønske at dei kunne greie å logge seg  av oftare. Forskar Kamilla Steinnes ved  Forbrukarinstituttet Sifo seier dette om kvifor reels er så populære: Dei tilbyr mykje gøy på kort tid som du kan dele med vener og knytte kontaktar. Det kan gi status og ei kjensle av å vere oppdatert. Selskapa som står bak veit godt korleis mennesket fungerer, supplerer forskar Henrik Haug Sætra, som viser til at tek-selskapa har store stabar av teknologar, psykologar og filosofar som berre arbeider med ein einaste ting: å  binde folk til tenestene deira. NRK spurde nokre unge som ofte såg reels om kva dei får ut av det. Gut, 17 år: Ikkje noko spesielt.

Teste grenser

Heldigvis kan sosiale media også gi høve til kreativ aktivitet. Ungdommen vil naturleg nok teste grenser og vil bli sett. No skjer det på nettet. Mange lagar sine eigne reels. Dei filmar når dei er i ekstreme situasjonar og legg det ut på nettet. 18-åringen, som blir teken av politiet for å ha køyrt 160 kilometer i timen, nektar blankt, heilt til politiet finn fellande bevis på hans eigen telefon. Jentene som naskar i butikken, filmar kvarandre og legg det frimodig ut i sosiale media. Dei veit jo at også politiet kan sjekke TikTok, men tek sjansen. Det er viktigare at venninnene får sjå kor frekke dei har vore.

Slik lever vi våre liv gjennom mobilen. Underhaldningstilbodet er enormt stort og billeg. Men det er også ofte grunt, overflatisk og langt unna den verda vi faktisk lever og pustar i. Nokre har etter kvart lyst å logge meir av. Dei kjøper «dumme» telefonar og eksperimenterer med å legge att telefonen heime når dei går på tur. Kanskje kan vi også håpe på litt meir bråk i skulebussen? Litt meir fnising, lått og leikeslåsting og fleire som dreg jentene i flettene.

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hekta på slekta

17. mai 2025

Ein time attpå