Laikar du norsk?
Vi seivar mailen og tek berre ein bitte liten tur innom Face før vi loggar av: Sjå kor mange som har laika meg! Kult! Det er ikkje til å kome forbi. Vi blir meir og meir amerikanske i hovudet. Boring! , seier tredjeklassingen når ein foreslår noko som ikkje involverer skjermmonster og fastfood. Vi kler oss i rocka sweatshirts, jeans og boots og proppar i oss bagels og donuts t il vår coffee-to-go. Det er ikkje berre i dagleglivet, der vi brukar amerikanske seriar som forbilde. I vårt tradisjonelt trauste vestnorske næringsliv annonserer dei etter controllers og CEOs når dei skal ha nye folk. Business-språket vrimlar av ord som downsizing og benchmarking , framført av resultatorienterte, svoltne og innovative leiarar. Meir enn halvparten av lærebøkene som er i bruk på grunnleggjande studium ved universiteta, er på engelsk. Dei bøkene som enno er norskspråklege, er stinne av engelske faguttrykk, ofte litt fornorska i skrivemåten for å gjere teneste so...