Scanna i panna?
Hjernen er stjernen. Sjarmen med tarmen. Gleden med skjeden: Tre ganske ferske titlar på norske populærvitskaplege bøker som har slått godt an i bokhandelen. Faktabøker om enkelte kroppsdelar med enderim-titlar er det nye store i faglitterære krinsar, endå ein kan finne både nok og for mykje om sjukdom på internett. Det stoppar nok ikkje med dette: Nokon kjem med ei ny bok om hjernen, som til dømes kan heite Scanna i panna. Frå det er det kanskje ikkje så langt til ei nordnorsk indremedisinsk faktabok for dei som har si fulle hyra med ny ra. Vi ventar elles på Gle’a med knea, Harmen over armen eller Smaken på baken . Det er også ein ide å presentere populærvitskap saman med populærmusikk: Valsen om halsen eller Ompa i rompa . Eit språk inneheld uendeleg mange ballar å leike og sjonglere med. Vil ein ha fleire forviklingar, er det berre å blande eitt språk med eit anna. Engelskspråklege, som enno har barnet i seg, sluttar aldri å knise når dei les åtvaringane på ...