Hytte i tredje etasje
Hytte i tredje etasje Påskesnø har blitt like sjeldan som badetemperatur i fellesferien. Men hytteliv er framleis draumen. Ein av dei. Særnorsk kultur sluttar aldri å forbløffe utlendingar: Ikkje før kunne innbyggjarane av vår ein gong lutfattige nasjon forlate sine trongbudde hus og ta del i sivilisasjonens gleder, før dei retta blikket mot fjellheimen. No var det store ønsket ein fristad der vi kunne kople av frå velferdssamfunnets krav og mas. Så snart helga kom, sa dei farvel til det gode liv i byggjefeltet og drog til fjells. Der rekonstruerte dei alt våre foreldre hadde lagt bak seg av plunder og heft og hardt kroppsarbeid. Våre draumeslott i villmarka skulle helst byggjast med eigne hender. Her skulle det vere torvtak og tørrmur, furupanel og parafinlampar, raudruta gardin bak småruta vindauge og langt til bekken etter vatn. Ved skulle hoggast og doar tømmast. Om kvelden skulle ein kvile ut etter alt det ærlege slitet på ein hard pinnestol, drikke lunka kokekaffi og ...