Livet og den frie viljen
Kva er meir meiningsfullt enn å diskutere meininga med livet, også i lokalavisa. Jakob S. Højlund tek eit oppgjer med Lars Jørgen Vik som meiner at mennesket sjølv må gi livet sitt ei meining. Nei, meiner presten i Sunnylven og Stranda. Viss folk skal finne ut av slikt på eiga hand, blir dei rotlause og konstant søkjande. No skal eg som ein enkel humanetikar vere varsam med å gå i teologisk klinsj med ein ordinert prest om tolkinga av dei vakre fablane i Bibelen. Men slik eg har forstått det, gjorde Adam og Eva som dei ville og ikkje som dei skulle då dei forsynte seg av Kunnskapens tre. Dette var ingen vanleg apal. Her voks det kunnskap og tankar som ikkje var tiltenkt mennesket. Adam og Eva hadde brukt sin frie vilje og trassa reglementet. Resultatet var bortvising frå Paradiset. No måtte både dei og menneska som kom etter dei, greie seg sjølve. Det gjorde dei også, på det viset som var. Det var eit vanskeleg liv. Til hjelp dukka det opp...