Trøhjelp for sykkelturisme
Tradisjonlet er det flate, vindfulle og ganske kjedelige landskap som lokker til sykkelferie. Men med trøhjelp frå elsykkelen kan fjordbygdene våre bli eit eldorado både for norske og utanlandske pedalturistar. Eg har ofte beundra dei tapre syklistane som med tung oppakning slit seg over Strandafjellet i regn og motvind og tenkt at dette blir det aldri masseturisme av. Men det var før elsyklane kom. No er Strandafjellet plutseleg overkomeleg. Når motbakkane ikkje lenger er ei hindring, bør det ligge godt til rette for å lokke den veksande skaren av ivrige sykkelturistar til vårt område. Sykkelferie Eg har sjølv vore på sykkelferie i Tyskland og Tsjekkia. Makeleg som eg er, sette eg stor pris på at landet var paddeflatt og at koffertane våre vart frakta mellom hotella vi budde på. Men etter ei veke var eg sant å seie vel forsynt med flate kornåkrar. Det gjorde godt å kome heimatt til eit meir tredimensjonalt landskap. Å sykle til dømes strekninga Sykky...