Dete ryk framleis av torva
Hans Strømmegjerde var den siste som tok torv til brensel i Straumsdalen. No har sonen teke opp att tradisjonen for å sikre den rette aromaen til sin gardsproduserte whisky. Av Kjetil Tandstad -Eg er den einaste nolevande som har drive med torvutvinning i Straumsdalen. Vi dreiv fram til 1936. Og det er no artig at torv har blitt teke i bruk att, om enn i mykje mindre målestokk, seier Hans Strømmegjerde (92) frå bruket Nymarka i Straumgjerde. Brenneri Han gler seg over at det ikkje heilt er slutt med torvtakinga. Sonen Harald har bygd opp eit brenneri på garden og satsar på produksjon av ulike typar brennevin. I dei nybygde produksjonslokala er han alt godt i gang med produksjon av gin og akevitt. Dei spesielle tjukkmaga flaskene har alt i eit par år vore i finne i restaurantar og vinmonopol-utsal. Dei første busslastane med turistar har fått omvising og smaksprøvar i besøksrommet over brenneriet. Det er meir opplevingar for publikum enn dei store mengdene produsert ...