Harde pakkar
Så er dagen komen med si glede og barnlege lyst. TV-en er full av julemusikk og gamle julefilmar. Juletreet er stivpynta med ei røys av gåver under som vi alle har lyst til å kjenne på: Kven får den store der? Blir det hard eller mjuk pakke på oss i år? Slik tenkjer vi at det framleis er, i alle fall for dei yngste, der dei sit med sine ipadar og spelkonsollar og gumlar ostepop i sofaen medan dei ventar på grauten og ribba og julegåvene. Tida gjekk aldri tregare enn desse timane med spent forventning, hugsar vi. Dei mjuke pakkane var greie nok. Men ein hard pakke kunne vere ei bok, kanskje den siste om Hardy-guttene, meisterdetektiv Blomquist eller om indianarguten Lerstrømpe i dei djupe amerikanske skogane. Vi hadde ikkje TV den gongen. I femtiåra fann vi dramatikken mellom permar. Det skulle ikkje mykje til før vår indre filmframvisar slo seg på og rykte oss ut av kvardagen. Detektivheltane Frank og Joe Hardy vart livs levande. Vi hadde aldri vore i Sverige el...