Oppfinnaren av ålesundsmuren
Billeg og sterkt var idealet for ein som hadde vakse opp på gard inst i Sykkylvsfjorden og hadde lært å setje tæring etter næring. Som steinarbeidar i Ålesund merka Petter Strømmegjerde frå Eilivgarden i Straumgjerde at prisane på materialar gjekk kraftig opp etter bybrannen i 1904. Murtvangen førte til press i etterspørselen av sement og kalk. Men gråstein var det betre tilgang på. Politiet sa nei Han hadde sett i gang med å reise branngavlar i mur. No spekulerte han på om det ikkje ville bli rimelegare og like bra å forskale berre på eine sida og mure med gråstein på den andre. Slik ville han spare store mengder sement og kalk. Han la saka fram for politimeisteren og ville søkje om løyve til å bruke den nye metoden. Politimeisteren hadde inga tru på forslaget. Ville han byggje huset i god avstand til andre hus, var det greitt, sa politimeisteren. Men å reise eit slikt hus midt i byen, det ville han aldri gå med på. -Eg sende søknader i aust og vest. Langt...