På tilliten laus

 

Mistrua aukar til vårt politiske system. Men hugs: Ingen tillit utan mistillit.

Lauvet har falle til jorda, og det same har tiltrua til våre fremste folkevalde gjort. Eit ras av skandalar rundt falske bustadadresser, reiserekningar og solbriller det siste året gjer oss urolege. Ministrar frå begge regjeringspartia har gått av. Det kan sjå ut til at dei har brukt posisjonen sin til å gi seg sjølv eller sine vener fordelar. No er det stjerna Erna som vaklar. Ho, som byrja som Jern-Erna og vart statsminister og landsmoder. Kan ho greie å styre eit land når ho ikkje ein gong  greier å halde kontroll på sunnmøringen ho er gift med? Eller verre: Har Sindre teke på seg skulda, for å hjelpe kona? I så fall er han kanskje – om ikkje akkurat uskuldig -  så i alle fall ein riddarleg ektemann og Erna er den eigentlege skurken.

Revestrekar

Kva som er sant, får vi nok aldri vite. Vi skal ikkje tenkje stygt om folk, men no kjenner vi den vonde lyst i hjartet til å la pirrande mistankar få vekse og utvikle seg. For politikarar skal snakke sant og ikkje drive med revestrekar. Mistanken om at folkevalde har ein rev bak øyret, får oss til å tenkje: Litt for mange politikarar er blitt ferska med hendene i kakeboksen. Kanskje heile det politiske miljøet er gjennomsyra av folk som tenkjer mest på sin eigen pengepung i staden for å vere folkets tenarar?

Misser vi tilliten til våre politikarar, er også trua på vårt demokratiske system i fare. Og det er jo ikkje berre i politikken at vårt tillitsfulle forhold til omverda har fått ein knekk. I vårt naboland Sverige er tapstala høge etter skytingar og sprengingar. Kanskje er vi også på veg mot svenske tilstandar. Rundt våre militære installasjonar luskar droneflygarar og fugletittarar som stundom blir avslørte som Putins agentar. Når politi eller kommune eller banken vår tek kontakt på telefonen og spør om vi kan hjelpe dei med kontonummer og passord for å få orden i ein floke, er det ein naturleg impuls å ville hjelpe. Men no har ein heldigvis lært å tenkje som svindlarar sjølv og let oss ikkje lenger lure.

Snu om lykjelen

I min barndom brukte mor å «snu om lykjelen», når vi skulle vere borte nokre timar. Ho låste, men let nøkkelen stå i «i tilfelle det skulle kome einkvan». No låser vi ikkje berre døra om natta. Garasjen må ha viltkamera. Bilen og sykkelen skal både ha alarm og sporing. Står eit vindauge i andre etasje på gløtt og det blir innbrot, risikerer vi å ikkje få forsikringspengane. Helst bør vi abonnere både på alarm og rørslestyrt video-overvaking. Då  kan vi  gå inn på ein app og sjå kva som skjer. Er det katten eller ein tjuv som har utløyst alarmen? Eller kanskje berre eldstejenta, som kom litt tidlegare heim frå ferie og no står i entreen og lurer på kvar denne infernalske ulinga kjem frå.

 I eit mykje sitert eksperiment reiste ein gjeng forskarar til 355 storbyar i 40 land. Dei besøkte ulike offentlege bygningar. Der leverte dei frå seg ei lommebok som dei sa at dei hadde funne. Inne i lommeboka låg det litt pengar og ei e-postadresse som fortalde kven eigaren var. I Noreg var det mellom 70 - 80 prosent som melde frå om at lommeboka var funnen. I mange andre av verdas land var det berre 10 - 20 prosent. Dei andre putta truleg pengane i eiga lomme.

Godfjottar

Nordmenn er kanskje naive godfjottar, men det er kjekt å bu blant folk som stort sett er å stole på. Vi bur eitt av dei landa i verda som rangerer høgast på tillit. Tillit er den nye oljen, hevda Alexander W. Cappelen frå Handelshøgskulen i Bergen tidlegare i år. Menneske som stolar på kvarandre, sine politikarar og offentlege styresmakter er meir produktive enn innbyggjarar i land der tilliten er låg. Tillitsfulle nasjonar er tryggare å handle med. Slikt blir det konkurransekraft av.

Å møte våre medmenneske med forståing og eit varmt hjarte er det ein god ting. Tillit er ferskvare som tek lang tid å byggje opp, men rask å rive ned. Men mistankens borande blikk er også ei viktig demokratisk kraft. Det er viktig å feie for eiga dør, men ein må ikkje feie det ubehagelege under teppet.

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne