Oppfinnaren av ålesundsmuren

 Billeg og sterkt var idealet for ein som hadde  vakse opp på gard inst i Sykkylvsfjorden og  hadde lært å setje tæring etter næring. Som steinarbeidar i Ålesund merka Petter Strømmegjerde frå Eilivgarden i Straumgjerde at prisane på materialar gjekk kraftig opp etter bybrannen i 1904. Murtvangen førte til press i etterspørselen av sement og kalk. Men gråstein var det betre tilgang på.

Politiet sa nei

 Han hadde sett i gang  med å reise branngavlar i mur. No spekulerte han på om det ikkje ville bli rimelegare og like bra å forskale berre på eine sida og mure med gråstein på den andre. Slik ville han spare store mengder sement og kalk. Han la saka fram for politimeisteren og ville søkje om løyve til å bruke den nye metoden. Politimeisteren hadde inga tru på forslaget. Ville han byggje huset i god avstand til andre hus, var det greitt, sa politimeisteren. Men å reise eit slikt hus midt i byen, det ville han aldri gå med på.

-Eg sende søknader i aust og vest. Langt om lenge fekk eg ein byggkyndig, hr. Nissen, interessert i planen, fortalde Petter Strøm til Sunnmørsposten då han vart intervjua i høve 90-årsdagen i 1948. Saman med Nissen tok han endå ein gong kontakt med byggjenemnda.  Til slutt fekk han løyve til å byggje murane i gråstein. Men også byggjenemnda var skeptisk. Han måtte skrive under på at han skulle rive huset dersom resultatet ikkje vart akseptabelt.

Gråsteinmuren viste seg å fungere godt. Metoden vart ein suksess og vart raskt døypt ålesundsmur.  Teknikken gav murar som var like sterke men ein heil del rimelegare enn tidlegare metodar. Ålesundsmuren vart eit eksempel på kombinasjonen av teknisk og økonomisk kreativitet som nøysame sunnmøringar alltid har halde høgt.

Det aller første huset i ålesundsmur vart reist i 1906. Det står der den dag i Borgundvegen 8. Namnet til huseigaren står framleis med vakkert snodde bokstavar på smijarnsrekkverket på altanen. Det er eit vakkert og velforma hus med tårn og ark. Petter Strøm fortalde til avisa at han møtte den skeptiske politimeisteren på gata like etter at huset stod ferdig og spurde kva han meinte om resultatet. Politimeisteren måtte be om orsaking: Nei, men Strøm, eg kunne aldri vite at det skulle bli så bra!

Frå Eilevgarden

Peter H. Strøm vart fødd i 1858 og voks opp i Eilevgarden i Straumgjerde hos foreldra Karl Hansen Strømmegjerde (1822 – 1869) og Johanne Marie Eriksdotter, fødd Heggebakk (1824 – 1878) og seks søsken. Han byrja tidleg å arbeide som dreng på gardar rundt om i Sykkylven. Det var eit dårleg utkomme og som mange av jamaldringane tok han til å drøyme om Amerika.

Han forstod raskt at Strømmegjerde var eit lite eigna etternamn i Amerika. Han kalla seg Peter Hansen og ga opp fiskar som yrke då han reiste til USA i 1893. Men tidene var ikkje dei beste, heller ikkje i Amerika. Etter sju år kom han heim i 1900.  Då var han 42 år. Han slo seg ned i Ålesund, der han arbeidde som steinarbeidar. Etter kvart skifte han etternamn igjen til det snertnare Strøm og vart gift med Marta frå Veibust.

Det skulle ikkje gå lenge før han kunne presentere seg som byggmeister og entreprenør. Ålesundsbrannen i 1904  raserte heile bykjernen. Det vart bestemt at alle måtte byggje i mur for ettertida. Brått var det stor etterspørsel etter murarar. Heile 350 murhus i sentrum vart bygde opp att i løpet av fire år. Peter H. Strøm bygde branngavlar til mange av jugendstilhusa som skulle kome til å  prege Ålesund. Han stod også for reisinga av tre sjøbuer for Oscar Larsen, også i ålesundsmur og sette dessutan opp den store Hoff-bua, med ei samla grunnflate på 1000 kvadratmeter.

Den vellykka entreprenøren i Ålesund gløymde ikkje heimgrenda. I 1928 bygde han hus på tomta Kveldsro og brukte det som sommarbustad. Då han med alderen vart mindre huga til å reise, selde han eigedommen til søstersonen Hans Pettersen Strøm frå Jogarden på Fet. Han var kjøpmann i Trondheim. Eigedommen midt i sentrum av Straumgjerde vart seinare overteken av Ragnhild  og Sigurd Fet, som seinare flytte til Langevåg. Då vart eigendommen overteken av Leif  Drotninghaug og familien.

 Kombi-metode

Ålesundsmuren var kanskje ikkje noko revolusjonerande nytt, men denne måten å mure på var ikkje god latin blant fagfolk. Ålesundsmur er eigentleg ein mellomting mellom mørtelmur og kultmur, der ein brukar småfallen, flat naturstein (brotstein) mura opp med mørtel med forskaling på den eine sida, vanlegvis på yttersida. Innsida blir mura opp med stein i nokolunde i plan, flukt og lodd. I seinare år blir nemninga ålesundsmur også brukt om mur med ei ytre forblending av fuga naturstein med bakmur av betong. Eitt eksempel er  Ankerbrua i Oslo, vakkert forblenda med Drammensgranitt.

Metoden vart ein suksess. Då ålesundsmuren først vart lansert, vart ei mengde hus i Ålesund, blant dei svært mange jugendstilhus, sette opp med denne teknikken. Metoden spreidde seg til også i distriktet elles og til resten av  landet. Skepsisen til gråsteinsbygg i byhus fordampa raskt etter kvart som byggherrane oppdaga kor mykje kalk og dyr sement det var å spare på metoden. Og murane skulle vise seg å halde like godt som dei som var sette opp på tradisjonelt vis.
Studentane Eivind Olsen og Line Monsen frå Norges Teknisk-naturvitskaplege Universitet i Trondheim har gjort for nokre år sidan ei tilstandsvurdering av eit utval jugendhus i Ålesund. Bakgrunnen for oppgåva var ei aukande bekymring for at jugendstilhusa skulle forvitre. Uroa galt spesielt der det hadde vore brukt moderne målingstypar frå 70-talet og framover. Mange av dei registrerte skadane på bygg skuldast at vatn hadde trengt inn i muren eller at det samla seg fukt bak målingsfilmen som ikkje fekk fordampe. I begge tilfelle kunne ein få frostsprenging.

Toler tidas tann

Studentane  konkluderte med at ålesundsmuren toler tidas tann svært godt også på vêrharde Sunnmøre: Men tette målingstypar er skadeleg, men er det brukt organisk måling på murane, står bygningane seg svært hundre år etter, skriv dei i rapporten sin.

Men sjølv om ålesundsmurane framleis står støtt og Petter Strøm hadde suksess som byggmeister, måtte han tole tunge stunder gjennom  sitt lange liv. Han miste kona si i 1940. Dei tre sønene døydde alle før han. Sjølv budde han i Borgundvegen 8 i alle fall til han var over 90. Han døydde fire år seinare, i 1952.

-Hoffbua var det siste eg bygde. Då døydde den siste av sønene mine og det tok frå meg noko av arbeidsmotet, fortalde 90-åringen til Sunnmørsposten i 1948. (Årbok for Sykkylven 2023)

 

Kjelder:

 Sunnmørsposten, 28. februar 1948.

Store norske leksikon.

Gardssoga for Sykkylven band 3.

Rapport: Tilstandsvurdering jugendstilhus i Ålesund (Jugendstilsenteret)

 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Orrfugljakt og presteplage

Lang kamp for promille

Bussulykka i Tynesstranda – eit femtiårsminne